Folkehelse i kyrkje og kommune
Kveldsgudstenesteserie i Brynekyrkja hausten 2019

Folkehelse i kyrkje og kommune

Publisert: 03. Juli 2019
Under bispevisitasen i desember 2018 kom det mykje skrøyt for samhandlinga mellom kyrkja og kommunen i Time.  Biskopen utfordra til å «halda på den gode kontakten med kommunen, så kyrkja kan vera synleg lokalt … og følgja opp kommunen sin invitasjon til samarbeid om oppvekstmiljøet i kommunen.»

Dette vil me gjera noko med på hausten sin kveldsgudstenesteserie.  Og kommunen er med på laget! 4 kveldar om satsingar som er viktige både i kommunen og kyrkja.  Felles informasjon, utfordringar og driv til vidare samarbeid. Eit møte mellom kommunalsjefane og dei fagansvarleg tilsette i kyrkja.  Det blir møte med to nye, ferske kyrkjetilsette: Diakon og prosjektleiar ungdom.   

Time kommune legg stor vekt på eit folkehelseperspektiv framover og kyrkja fokuserer på tru og livsmestring.  Tenk om desse kveldane kunne tenna både tilsette og frivillige til samhandling og engasjement!

4 kveldar midt i kjernefelta av det som kyrkja og kommunen satsar på.
25.august: Folkehelse og livsmestring.
Rådmann Trygve Apeland, folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad og kateket Ingfrid Time Nærland

29.september: Ung i Time
Prosjektleiar «Ung i Time» Asle Steinbru og ungdomsleiar i møllekjellaren Elisabeth Sandve Følgesvold

13.10:  Omsorg – kva er viktig?
Kommunalsjef Britt Ellinor Scott og ny diakon

17.11: Kultur for heile mennesket
Kultursjef Trond Lie, organist Per Olav Egeland og Heidi Strand Harboe

Fleire sakar:
Kultur for heile mennesket
Finalen på hausten sin kveldsgudstenesteserie
Kultur for heile mennesket
Det gode samarbeidet med Time kommune om «Folkehelse» rundar av med kveldsgudsteneste sundag 17.november. Denne gongen er fokuset og temaet «Kultur for heile mennesket»
LES MEIR | 11. November 2019
Julekonsert Blandakoret Frøysang med gjesteartist Espen Hana
Bryne kyrkje sundag 8. desember kl 19.00. Billetter selges i døra. Meir info på Blandakoret Frøysang si Facebook side.
LES MEIR | 28. Oktober 2019

Kva skjer?
Les også:
Lørdag 30. november er det tid for heile Bryne kyrkjelyd si julemesse.  Eit stort dugnadsprosjekt  som mange har jobba fram mot gjennom heile året.
LES MEIR | 31. Oktober 2019
Den første julenatt. Blandakoret Vivace. Gjestekor Stemmebandet.
Bryne kyrkje sundag 15. desember kl 20.00 JULEKONSERT Billettar kr 200/100 (du kan betale med Vipps og kort) www.facebook.com/bkvivace - 91733029
LES MEIR | 06. November 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone