Ledig stilling som kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar

Ledig stilling som kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar

Publisert: 05. August 2019
Ønskjer du å vera med å leia ein kyrkjelyd i vekst og utvikling? Er du nytenkjande og ønskjer ei allsidig og utfordrande stilling i Den norske kyrkja? Time kyrkjelege fellesråd søkjer etter ein nytenkjande, strukturert og engasjert person som saman med stab og sokneråd kan vera med å arbeida for at Brynekyrkja skal vera «den opne famns kyrkje - ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald og tydeleg i si retning.» 

Kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar i Brynekyrkja 100% fast stilling 
  
Arbeids- og ansvarsområde

  • Fokus på nytenking og innovasjon for å vidareutvikla Brynekyrkja som kyrkjelyd
  • Leia og vidareutvikla gudstenestearbeidet Familiefokus i Brynekyrkja
  • Personal- og økonomiansvar
  • Plan- og strategiarbeid for Brynekyrkja
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
  • Informasjonsarbeid og ansvarleg redaktør for nettside og sosiale medier i Brynekyrkja
  • Saman med leiarteamet (kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar, administrasjonssekretær og sokneprest) ansvar for førebuing av saker for soknerådet og oppfølging av vedtak
  • Saman med leiarteam koordinera og organisera den daglege aktiviteten i Bryne kyrkje og sørgja for at verksemda i soknet er hensiktsmessig organisert
  • Brannansvarleg og ansvar for tilsyn og vedlikehaldsbehov av Bryne kyrkje  

Ønskjeleg erfaring og personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du som søkjer 

  • har utdanning innan kyrkjeleg arbeid, personalleiing, administrative fag, eller anna relevant utdanning/erfaring. Erfaring kan kompensera for utdanning
  • har erfaring med kyrkjelydsutvikling og gudstenestearbeid
  • har erfaring innan personalansvar og økonomistyring
  • har erfaring med sosiale medier og informasjonsarbeid
  • har evne til å engasjera og utrusta andre
  • er initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • er strukturert med evne til å planleggja langsiktig
  • kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd. 

Vi tilbyr

  • Ei allsidig og utfordrande leiarstilling i ein kyrkjelyd i vekst og utvikling 
  • Triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor 
  • Lønn etter avtale og i samsvar med KA sin hovudtariffavtale
  • Pensjonsordning i KLP 
     
  • Den som blir tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkja. 

 

Gunnar Bjorland Stone - Kyrkjeverge

962 32 582

Bjørn Inge Hauge - dagleg leiar/kyrkjelydsutviklar i Brynekyrkja

481 27 481

 

Søknadsfrist: 31.08.2019

SØK HER!

Relaterte lenker
Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
Velkommen til gudsteneste i sommar
Endeleg kan me invitera til opne gudstenester. Inntil 200 personar med 1 meters avstand. Me må fortsatt registrere namn og telefonnr. Ta gjerne med lapp for å gjere registreringa raskare og enklare.
LES MEIR | 22. Juni 2020
Misjonsprosjekta i Brynekyrkja
Ver med og hugs våre venner lengre sør!
LES MEIR | 04. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone