Haustsesongen starta med eit syngjande smell!

Haustsesongen starta med eit syngjande smell!

Publisert: 06. September 2019
Eit nytt haustsemester stod for tur i Brynekyrkja, og det heile starta med eit stort, syngjande smell torsdag 22. august med både besøk av Jarle Waldemar og oppstart av nytt kor!

Det heile byrja med Jungelkoret som fekk besøk av sjølvaste Jarle Waldemar. Med leik, song og konkurransar skapa Jarle god stemning for både smått og stort! Og etterpå var det servering av pizza!

Men det stoppa ikkje der! For kl. 18.00 ramla femten motiverte songarar inn døra, klare for fyrste øving med koret Allegro! Oppstarten vart feira med pizza og saft, før det etterpå vart litt bli-kjend-leikar. Og sjølvsagt måtte det òg syngjast!

Og no som haustsesongen er i gong, gler med oss til alt som skal henda i Brynekyrkja framover. Det vert eit spanande halvår med mykje gildt på programmet!

Fylg med og sett av datoar! Velkomen skal du vera!

Haustsesongen starta med eit syngjande smell!
Fleire sakar:
Krøllekveld i Brynekyrkja!
Kvar er Krølle?!
LES MEIR | 19. September 2019
Formidabel teneste i Brynekyrkja
Takk til klokkar, kyrkjetenar og kyrkjelydsutviklar!
Formidabel teneste i Brynekyrkja
Når september 2019 er over, er ein markert epoke over. 3 tilsette takkar for seg: Bjørn Inge Hauge, Gunhild Lande og Leif Andenes. Dei skal takkast på dei to siste gudstenestene...
LES MEIR | 10. September 2019

Kva skjer?
Les også:
"Den Fyrste Song" - Konsert
Musikk fylgjer oss gjennom heile livet, allereie frå borne er inne i mor sin mage, og til livet så tek slutt.
LES MEIR | 06. September 2019
Allehelgenskonsert
Å tenna lys på gravene og minnast dei som har gått bort, er ein lang tradisjon på allehelgensdag her til lands.
LES MEIR | 10. September 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone