Ung i Time
Kveldsgudsteneste Bryne kyrkje 29.sept

Ung i Time

Av: Stein Ødegård
Publisert: 10. September 2019
Det gode samarbeidet med Time kommune om «Folkehelse» får ny kveldsgudsteneste sundag 29.september. Denne gongen er temaet «Ung i Time». Prosjektleiar Asle Steinbru, ungdomsleiar Elisabeth Sandve Følgesvold og Lye ungdomskor - Lukas - deltek.

Det gode samarbeidet med Time kommune om «Folkehelse» får ny kveldsgudsteneste sundag 29.september.  Denne gongen er fokuset og temaet «Ung i Time»

Ei som har mykje kunnskap og stort engasjement i dette er Elisabeth Sandve Følgesvold.
Ho er ungdomsleiar i Time kommune og har hovudarbeidet sitt blant ungdom i «Møllekjellaren».
På kveldsgudstenesta deler ho erfaringer og observasjonar frå det kommunale ungdomstilbudet.
Ho vil fortelja om utfordringar i ungdomsmiljøet i dag. Kva treng ungdom for ei trygg ungdomstid? Kva kan vaksne bidra med? Kva med kommune og andre «institusjonar»

Kyrkjene i Time har også tilsett Asle Steinbru som leiar for prosjektet «Ung i Time».  Eit samarbeid mellom Undheim, Time/Lye og Bryne sokn om kyrkjeleg ungdomsarbeid for og med ungdom. 
På kveldsgudstenesta får me høyra han fortelja om prosjektet, om ungdommane si kyrkje og kvifor tweensarbeid i kyrkja er så viktig.

Ungdomskoret på Lye – Lukas – pregar sangen og musikken denne kvelden.  Me trur og håpar på ein kveld som både unge, vaksne og eldre har glede av!

Fleire sakar:
Kultur for heile mennesket
Finalen på hausten sin kveldsgudstenesteserie
Kultur for heile mennesket
Det gode samarbeidet med Time kommune om «Folkehelse» rundar av med kveldsgudsteneste sundag 17.november. Denne gongen er fokuset og temaet «Kultur for heile mennesket»
LES MEIR | 11. November 2019
Julekonsert Blandakoret Frøysang med gjesteartist Espen Hana
Bryne kyrkje sundag 8. desember kl 19.00. Billetter selges i døra. Meir info på Blandakoret Frøysang si Facebook side.
LES MEIR | 28. Oktober 2019

Kva skjer?
Les også:
Lørdag 30. november er det tid for heile Bryne kyrkjelyd si julemesse.  Eit stort dugnadsprosjekt  som mange har jobba fram mot gjennom heile året.
LES MEIR | 31. Oktober 2019
Den første julenatt. Blandakoret Vivace. Gjestekor Stemmebandet.
Bryne kyrkje sundag 15. desember kl 20.00 JULEKONSERT Billettar kr 200/100 (du kan betale med Vipps og kort) www.facebook.com/bkvivace - 91733029
LES MEIR | 06. November 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone