Formidabel teneste i Brynekyrkja
Takk til klokkar, kyrkjetenar og kyrkjelydsutviklar!

Formidabel teneste i Brynekyrkja

Av: Stein Ødegård
Publisert: 10. September 2019
Når september 2019 er over, er ein markert epoke over. 3 tilsette takkar for seg: Bjørn Inge Hauge, Gunhild Lande og Leif Andenes. Dei skal takkast på dei to siste gudstenestene i september. Mange vil nok nytta høvet til å gje dei eit varmt håndtrykk og gode ord

Når september 2019 er over, er ein markert epoke over. 3 tilsette med lang og formande teneste takkar for seg.  Dei skal takkast på dei to siste gudstenestene i september.  Mange vil nok nytta høvet til å gje dei eit varmt håndtrykk og gode ord.

22.september er siste tenestedag for Bjørn Inge Hauge.  Han vart tilsett for 7 år sidan.  Tittelen var heller unik og oppgåvene likeså: Kyrkjelydsutviklar.  Han fekk vide arbeidsoppgåver og full verktøykasse, mellom anna med ansvar for å leia og utvikla Familiefokus og vera dagleg leiar i kyrkjelyden. 

I Bjørn Inge si tid og med Bjørn Inge med roret har Familiefokus flytta frå Rosseland inn i kyrkja og fylt henne, ikkje minst med barn som gudstenesteskaparar. Mange nye frivillige medarbeidarar og tenestegrupper er engasjerte. Tilsette og frivillege har delt fornuftig på arbeidsoppgåver. Utfordrande saker er handtert. Kjellaren i kyrkja er tenleg fornya.  Grafisk profil og kyrkja på nett og sosiale medier har fått eit stort løft. Trusopplæring og barne- og ungdomsarbeid har fått gode kår.  Og mykje meir. Det er bare å sei stor, stor takk!  Sjølvsagt må takken koma på gudsteneste med Familiefokus 22.september, Bjørn Inge sin siste tenestedag, før NMSU får nyta godt av arbeidskreftene hans vidare.

29.september takkar me ikkje mindre enn to medarbeidarar.  Gunhild Lande har sin siste tenestedag som kyrkjetenar/vaktmeister etter 5 års arbeid, der mykje i kyrkja har kome på stell, med fast hand og stor tenesteiver.

Og så: 40 år med Leif Andenes som klokkar endar med takk for tenesta hans.  Det blir rart.  Ingen har som Leif Andenes vore Brynekyrkja.  Det gode ansiktet, den klangfulle stemmen og den gudbenåda formidlinga, auga som ser den enkelte, også «klokkardrengene» i konfirmantane, det pynta rommet, dei tende lysa, dei slåande replikkane.  Nei, det er så gale at det er over.  Kom og takk han!

Fleire sakar:
Kultur for heile mennesket
Finalen på hausten sin kveldsgudstenesteserie
Kultur for heile mennesket
Det gode samarbeidet med Time kommune om «Folkehelse» rundar av med kveldsgudsteneste sundag 17.november. Denne gongen er fokuset og temaet «Kultur for heile mennesket»
LES MEIR | 11. November 2019
Julekonsert Blandakoret Frøysang med gjesteartist Espen Hana
Bryne kyrkje sundag 8. desember kl 19.00. Billetter selges i døra. Meir info på Blandakoret Frøysang si Facebook side.
LES MEIR | 28. Oktober 2019

Kva skjer?
Les også:
Lørdag 30. november er det tid for heile Bryne kyrkjelyd si julemesse.  Eit stort dugnadsprosjekt  som mange har jobba fram mot gjennom heile året.
LES MEIR | 31. Oktober 2019
Den første julenatt. Blandakoret Vivace. Gjestekor Stemmebandet.
Bryne kyrkje sundag 15. desember kl 20.00 JULEKONSERT Billettar kr 200/100 (du kan betale med Vipps og kort) www.facebook.com/bkvivace - 91733029
LES MEIR | 06. November 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone