Det me stiller spørsmål om er om me har lov til å ta bilete under samlinga der det gjeldande barnet viser og bruka desse. Me prøver å vera varsame med kva bilete me legg ut, og me ynskjer ikkje å setja born i ein sårbar situasjon. Bileta vert brukt til nyheitsartiklar og hyggelege innlegg på media som Instagram, Facebook, heimesidene til kyrkjelydane våre, kyrkjelydsblad og nyheitsmail. Me brukar heller ikkje namn utan særskilt løyve.
Når du som forelder og føresett vel «ja» under påmelding, gjer du lettare for oss å kunna dela hyggelege bilete og stunder frå arrangement i kyrkja med andre, syna resten av kyrkjelyden kva som hender i kyrkja, samt syna andre foreldre og føresette om alle barnetilboda som finnest i kyrkjene i Time.
For oss i Time Kyrkjelege Fellesråd er det veldig viktig at du som forelder og føresett kan kjenna deg trygg på at me brukar bilete av barnet ditt på ein forsvarleg måte. Me vonar at denne artikkel kan gjeva deg denne tryggleiken, og dersom du framleis skulle ha spørsmål om dette, ikkje nøl med å ta kontakt!
![]() |
![]() | |
Fleire sakar: |
![]() |
![]() | |
Les også: |
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja