CODEX, PAULUS OG GARBORG | TOM EGELAND OG STEIN ØDEGÅRD

CODEX, PAULUS OG GARBORG | TOM EGELAND OG STEIN ØDEGÅRD

Publisert: 14. Januar 2020
Tom Egeland og Stein Ødegård i samtale med Peter F. Strassegger Måndag 20. januar kl 19.00 TIME BIBLIOTEK, 1. ETASJE

Forfattar Tom Egeland skapte debatt då han samstundes med utgjevinga av romanen Codex i 2018 skreiv ein kronikk der han kritiserte apostelen Paulus, og hans dominerande posisjon i teologien og kyrkjehistoria. Via krimsjangeren sine verkemidlar rettar Codex fokus på den tidlegaste kyrkjehistoria. Peter F. Strassegger fører ein respektfull samtale med Egeland og sokneprest Stein Ødegård, to personar med svært ulike innfallsvinklar til ein felles interesse: Jesus, kristendommen og korleis tidlege heilage skrifter påverkar kulturen vår i dag. Har dette parallellar til debattane mellom Arne Garborg og prestane i si tid, eller har me nå heilt andre teologiske debattar?

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Lenke til Garborgdagar.no

Foto, Tom Egeland: Jarli Jordan
Foto, Stein Ødegård: Den norske kyrkja

CODEX, PAULUS OG GARBORG | TOM EGELAND OG STEIN ØDEGÅRD
Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
Velkommen til gudsteneste i sommar
Endeleg kan me invitera til opne gudstenester. Inntil 200 personar med 1 meters avstand. Me må fortsatt registrere namn og telefonnr. Ta gjerne med lapp for å gjere registreringa raskare og enklare.
LES MEIR | 22. Juni 2020
Misjonsprosjekta i Brynekyrkja
Ver med og hugs våre venner lengre sør!
LES MEIR | 04. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone