Jungelgjengen treng fleire leiarar!

Jungelgjengen treng fleire leiarar!

Publisert: 16. Januar 2020
Har du lyst å verta leiar i Jungelgjengen, sundagsskulen, i Brynekyrkja?

Under gudstenestene der det ikkje er Familiefokus, har me sundagsskule for barna, kalla Jungelgjengen. Her får dei læra om Bibelen, syngja og leika. Me har allereie fleire, dyktige frivillige som er med og gjev barna dette flotte tilbode, men me skulle gjerne hatt nokre til.

Liker du å leika og ha opplegg for born, og tenkjer dette kunne vore noko for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med trusopplærar og stabskontakt Mari Ask Helland for meir informasjon.

Dersom du ynskjer å vera med som leiar på Jungelgjengen, får du, gjerne i lag med nokre andre, ansvar for ein eller fleire sundagar i halvåret. Me sett opp ein plan for kvart halvår med tema for kvar sundag, og du vel sjølv kva sundagar du skal ha og kor mange. Gjennom organisasjonen Søndagsskolen, kan du finna ferdige opplegg til temaene. Ein gong i året prøver me å samla alle leiarane i lag med stabskontakt Mari for eit lite møte der me drøftar korleis ting går, går gjennom eventuell informasjon og gjerne gjev kvarandre tips.

Kom å bli med på å gjeva barna i kyrkja vår ei hyggeleg tid og ei spanande opplæring i Bibelen!

Mari kan du nå på e-post mari.helland@time-kyrkja.no eller på tlf.: 92267251.

 

Jungelgjengen treng fleire leiarar!

 

Fleire sakar:
Les Biskop em. Erling Pettersen si preik i Brynekyrkja søndag 2. februar
I salmen «Lyset kjem til oss», som sokneprest Stein Ødegård skrev  i 2011, en vakker salme til Per Odd Aarrestad sin glasskunst i fondveggen her i Bryne kyrkje, finner vi dette verset
LES MEIR | 14. Januar 2020
Trusopplæringa i Bryne, våren 2020
I Brynekyrkja har me året rundt fleire trusopplæringsarrangement for born og unge, og her er datoane for våren:
LES MEIR | 10. Januar 2020

Kva skjer?
Les også:
Brynekyrkja søndag 23 febr. kl 11:00
Gudsteneste v/Stein Ødegård
LES MEIR | 17. Februar 2020
Ny kveldsgudstenesteserie: Skattar i Bibelen – forteljingar om kvinner
Våren 2020 ønskjer komiteen for kveldsgudstenester å setja fokus på den gode forteljinga. Forteljinga som grip og berører og kan få oss til å sjå livet vårt klarare gjennom...
LES MEIR | 12. Februar 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone