Ny kveldsgudstenesteserie: Skattar i Bibelen – forteljingar om kvinner

Ny kveldsgudstenesteserie: Skattar i Bibelen – forteljingar om kvinner

Publisert: 12. Februar 2020
Våren 2020 ønskjer komiteen for kveldsgudstenester å setja fokus på den gode forteljinga. Forteljinga som grip og berører og kan få oss til å sjå livet vårt klarare gjennom andre sitt liv. Ja, kanskje våga og vilja ei endring.

Til dette har Sonja Lie sagt ja til å bidra til 3 kveldsgudstenester der hennar formidling og forteljing har hovudfokuset.  Dette er det stor grunn til å sjå fram til!  Sonja Lie er forteljar, godt kjent frå  førestillingar som «Kvinner i Bibelen» og «Det skjedde i de dager».

I Brynekyrkja i mars/april vert temaet: Skattar i Bibelen – forteljingar om kvinner

Sonja Lie seier sjølv:

Jeg synes mange av fortellingene i bibelen er spennende, spesielt fortellingene om kvinnene. Det er mange av kvinnene vi hører lite om.
Mange av kvinnene i bibelen er gode, vakre og trofaste. Noen er opprørske. Men det finnes også kvinner i bibelen som er utspekulerte, egoistiske og som lar seg styre av maktsjuke og begjær.

I formidlingen er det ”meislet” fram en brodd, et spørsmål eller en referanse som peker inn til kvinner (og menn ) i vår tid.  Kvinnene i bibelen levde sine liv i en annen tid, under andre forhold enn de fleste av oss i dag. Men disse kvinnene har inspirert meg til å dikte videre på historiene deres og gi dem stemmer som kan høres i dag.

Saman med Sonja har komiteen sett opp denne plakaten for vårens kveldsgudstenesteserie:


1.mars

Livsmot

Om Hagar, Sara, Rahab og Ester

Sang: Christina Bergli og Lill Marie Wågø

Piano: Gro Aarsvoll

Cello: Magnhild Mo

Fløyte: Elisabeth Barstad

 

22.mars

Ei glipe av glede

Maria og Elisabeth og juleevangeliet
Fiolin ved Fiona Schaub

 

19.april:

Livsens kjelde

Krukka i Sarepta og kvinna ved brønnen

Musikk ved Silje Sandanger
 

Den første kveldsgudstenesta 1.mars blir ein «pangstart» på serien.  Då har Sonja Lie med seg eit heilt knippe av eigne musikarar og sangarar. Kvelden blir ei større førestilling, med musikk og sangar vevd inn i forteljingane.   Dette er erfarne musikarar og sangarar som står for høg kvalitet.  Dei har brei erfaring og stort engasjement både som utøvarar og skapande kunstnarar.

Fleire sakar:
Jungelgjengen treng fleire leiarar!
Har du lyst å verta leiar i Jungelgjengen, sundagsskulen, i Brynekyrkja?
LES MEIR | 16. Januar 2020
Trusopplæringa i Bryne, våren 2020
I Brynekyrkja har me året rundt fleire trusopplæringsarrangement for born og unge, og her er datoane for våren:
LES MEIR | 10. Januar 2020

Kva skjer?
Les også:
Brynekyrkja søndag 23 febr. kl 11:00
Gudsteneste v/Stein Ødegård
LES MEIR | 17. Februar 2020
Les Biskop em. Erling Pettersen si preik i Brynekyrkja søndag 2. februar
I salmen «Lyset kjem til oss», som sokneprest Stein Ødegård skrev  i 2011, en vakker salme til Per Odd Aarrestad sin glasskunst i fondveggen her i Bryne kyrkje, finner vi dette verset
LES MEIR | 14. Januar 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone