AVLYST/UTSATT!!  Medarbeiderfest

AVLYST/UTSATT!! Medarbeiderfest

Publisert: 21. Februar 2020
KJÆRE MEDARBEIDAR I BRYNEKYRKJA Festen fredag 20. mars er utsatt på ubestemt tid.

I tillegg til å by på seg sjølve i upåklageleg service, og innslag av ymse underhaldande art - dekkjar me bord med varm mat, og kaffe&kaker.

Dette året får me besøk av «Ryfylke livsgnist» med Tor Øyvind Skeiseid i spissen. Skeiseid er kjent frå mellom anna NRK-Rogaland. Dei var her på Bryne i 2017 med forestillinga «Luther med latter» og mange har fått med seg «Vandring i Bedehusland». Denne gongen vil dei skreddersy eit program der dei prøver å ta livet i Brynekyrkja på pulsen.

Kvelden vil ha eit program akkurat nok til å fylla dei to timane som er sett av denne kvelden: kl. 20:00-22:00, og rom for å forlenge kvelden litt ekstra med kaffe og god drøs for dei som vil det.

Det er veldig mange frivillige i Brynekyrkja. Viss du kjenner nokon som ikkje har fått denne invitasjonen, er me veldig glade om du delar den. Me ønskjer å ha med alle som har eit frivillig engasjement i Brynekyrkja.

Invitasjonen gjeld medarbeidarar med følge.

 

PÅMELDING Det kan gjerast på fleirne vis. 

Alt.1: Tast 51 77 03 77 på telefonen din.

Be om å få snakka med Elisabeth.

Alt.2: Skriv eit elektronisk brev til elo@time-kyrkja.no

Alt.3: Send ei tekstmelding (SMS) til 475 02 080

 

Meld deg på innan fredag 15/3

Fleire sakar:
BØN I VONDE OG USIKRE TIDER
Bruk ho gjerne morgon og kveld og til sundags.
LES MEIR | 19. Mars 2020
Hei alle barnefamiliar i kyrkja vår.
NY episode klar nå!! (Søndag 22. mars) Søndagsskolen Norge har ikkje latt seg stoppe av Korona-karantene og har laga ein sundagsskulesamling for barn på YouTube.
LES MEIR | 15. Mars 2020

Kva skjer?
Les også:
God nytt for born
Fyrste sending ute no! Ein liten andakt med song og bibelforteljingar for dei små!
LES MEIR | 26. Mars 2020
HelgeGodtNytt frå Brynekyrkja Fredag 27. mars.
Sjå og lytt deg inn mot siste sundag før påske i ei endra tid og verd, saman med Stein Ødegård, John Gravdal og Per Olav Egeland.
LES MEIR | 20. Mars 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone