Korona informasjon

Korona informasjon

Publisert: 11. Mars 2020
Alle gudstenester og samlingar avlyst fram t.o.m 29. mars.

Spredningen av Korona-viruset har nådd vår eigen by og region, og utviklinga av tiltak for å demma opp for dette har utvikla seg raskt dei siste dagane.

Som kyrkjelyd skal vi ikkje styrast av frykt, men samtidig opptre ansvarleg og solidarisk i den situasjonen som no er oppstått. I vår eigen kyrkjelyd har vi sjølv menneske som vil vera svært sårbare ved smitte, samtidig som det går føre seg ein stor dugnad i samfunnet rundt oss for å demma opp vidare utvikling. Dette er tungtvegande moment når også Brynekyrkja ser på nødvendige tiltak.

Den grunnleggande linja vår er at vi vil forhalda oss til, og følgja, dei råda og henstillinger både nasjonale og lokale styresmakter gir. Dette dannar grunnlag for vurderingar av tiltak opp mot dei ulike aktivitetane som er planlagt.

Med bakgrunn i dei signala som er gitt, og dialog med smittevernoverlege, legg vi derfor ikkje opp til å samlast til gudsteneste eller andre arrangement i Brynekyrkja. Dette gjeld i først omgang fram t.o.m. søndag 29. mars.

  • Familiefokus søndag 15. mars blir avlyst.
  • Det same gjeld medarbeiderfesten fredag 20. mars.
  • Kveldsgudstenesta søndag 22. mars og
  • Gudstenesta knytt til "Barnas påske" med opplegg for Førsteklasses søndag 29. mars

På dei tidspunkta då det normalt skulle vore gudsteneste vil vi halde "Open kyrkje" for bønn og stille meditasjon Antall vil vera avgrensa.

Utover dette følgjer og vurderer vi tiltak og planar fortløpande. Vi ber alle vera varsame, og forhalda seg til dei råda som blir gitt frå helsestyresmaktene.

 

Lenke til artikkel på Timekyrkja sine nettsider
https://timekyrkja.no/Vis/ArticleId/141/Kyrkja-avlyser-arrangement

 

Illustrasjonsfoto: CDC, Alissa Eckert

Fleire sakar:
BØN I VONDE OG USIKRE TIDER
Bruk ho gjerne morgon og kveld og til sundags.
LES MEIR | 19. Mars 2020
Hei alle barnefamiliar i kyrkja vår.
NY episode klar nå!! (Søndag 22. mars) Søndagsskolen Norge har ikkje latt seg stoppe av Korona-karantene og har laga ein sundagsskulesamling for barn på YouTube.
LES MEIR | 15. Mars 2020

Kva skjer?
Les også:
God nytt for born
Fyrste sending ute no! Ein liten andakt med song og bibelforteljingar for dei små!
LES MEIR | 26. Mars 2020
HelgeGodtNytt frå Brynekyrkja Fredag 27. mars.
Sjå og lytt deg inn mot siste sundag før påske i ei endra tid og verd, saman med Stein Ødegård, John Gravdal og Per Olav Egeland.
LES MEIR | 20. Mars 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone