Kyrkja og presten i koronatider

Kyrkja og presten i koronatider

Publisert: 19. Mars 2020
Det er ei underleg tid. Me prøver alle å tilpassa oss ein situasjon som krev mykje av oss alle. Slik er det også for kyrkja. For tilsette, frivillige og medlemmer.

Kan kyrkja vera samlingspunkt og kraft også når kyrkjebygget er symbol og ikkje fysisk samlingsplass og kraftssenter?  Det håpar og vil me!  Me aksepterer nødvendige begrensningar og søkjer nye muligheter.
Her er nokre av dei, på digitale plattformar og «som normalt».
Nokre av dei er «back to basic»:  Bønn og arbeid.  Tru i heimen.
 

1. Kyrkja er eit folk med omsorg og i arbeid.
Sjølvsagt deltek me fullt og heilt i dugnaden med å hindra spreiing av koronasmitte.  Kyrkjekontoret er nå desentralisert. Den gode, gamle telefonen virkar og nye ordningar for møter på web og link og Teams og Whereby er godt i gang. 
Men kva gjer me med alle samlingar og gudstenester som blir avlyst?  Tenk at det ikkje betyr tom kyrkje, men ekstra tid med tanke på andre.  Når kyrkja ikkje er samla, er ho sendt. Og spreidd. Salt og lys.  Når ho ikkje feirar gudsteneste, lever ho i diakoni.  La det merkast i byen at telefonar og spørsmål om å vera til hjelp aukar på sundagar i tida framover. At kyrkjefolk bryr seg.

Også presten har fått betre tid.  Bruk han eller ho.  Samtalar under 4 auge kan godt erstattast av samtale under 4 øyre!  Eg har telefonen på, og tenkjer det er veldig gildt viss folk ringer om noko dei er opptekne av akkurat nå, eller noko har streifa tankane ein gong at dette hadde det vore fint å snakka med presten om.
 

2. Kyrkja er eit folk i bønn
Kan me ikkje samlast, kan me i alle fall be. 
På denne nettsida vert det lagt ut link til bønneressursar.
Mellom anna til kirken.no og bønneveggen der.
Kyrkja «bærer verdens bønn om fred til han som allting hører»
Framover vil eg bruka og be «Bønn i vonde og usikre tider».
Bruk ho gjerne morgon og kveld og til sundags.
 

3. Kyrkja er eit folk som deler tru og håp
Gode ressursar til samlingar i heimen, til trusopplæring og truspraksis vert også lagt ut på denne sida.
Me ønskjer å fortsetja å dela tru og håp både nært lokalt og globalt.
Gode formål var sette opp til takkoffergåve i gudstenester som nå går ut.  Desse ønskjer me å kunngjera før kvar helg og oppfordrar til å gje ei gåve på Vipps.  Mange har ikkje bare fått betre tid, me får ledige kroner av fritidssysler som utgår.  Tenk om me kunne bruka dei til å vida ut synet vårt og gje meir til deler av verda som treng at me deler av vårt.
I år vert Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp samla inn digitalt.  Av gode grunner.  La oss håpa det aukar resultatet.  (Sjå eiga sak eller lenke)
 

4. Kyrkja er eit fellesskap som samlast
Og nå skjer samlingar på nettet.  Sjå og bruk. På kirken.no finn du god oversikt. Her på Jæren streamar Nærbø kyrkje gudstenester.  I Brynekyrkja har me tenkt at me på fredagar vil leggja ut eit HelgeGodtNytt  på plattformane våre.  Dette blir anten i tekstformat eller filmformat. 
HelgeGodtNytt  skal handla om den komande sundagen.  Andaktstankane skal kopla sundagsteksten og det dagsaktuelle, ikkje bare for dei som hadde gått i kyrkja om ho var open, men for alle som kjenner kyrkja som si og ønskjer håpsord i harde tider. 
Me prøver ut konseptet nå til fredag.  Enkelt. Presten og organisten og kanskje ein gjest. Musikk. Salme. Bibelord. Sundags- og kvardagstankar. Bønn for tida me lever i.  Info om takkoffer. Velsigning.

Stein prest,
godt backa av kyrkjelydsutviklar, soknerådsleiar, administrasjonsleiar og organist.

Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
HelgeGodtNytt frå Brynekyrkja 1. pinsedag
Dei hadde kjent på redsel og frykt og lukka seg inne bak stengte dører.  Dei visste ikkje kordan den nya tida skulle bli, alt var så usikkert. For Jesus sine læresveinar...
LES MEIR | 29. Mai 2020
Velkommen til nattverdgudstenester i Brynekyrkja på 1. Pinsedag, 31.mai.
Gudstenestene er felles for Bryne og Time. Det vert to like gudstenester, kl. 11:00 og 11:45. Det er begrensning på 50 deltakarar pr. gudsteneste
LES MEIR | 08. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone