BØN I VONDE OG USIKRE TIDER

BØN I VONDE OG USIKRE TIDER

Publisert: 19. Mars 2020
Bruk ho gjerne morgon og kveld og til sundags.

Herre Jesus Kristus, du såg og du ser.
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.
Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Hald oss fast i tillit til deg, så ikkje frykt tek krefter og mot frå oss.
Lær oss å tru og leva i at «den fullkomne kjærleiken driv frykta ut».

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. La dei få att helsa.
Beskytt dei som har lågt immunforsvar.
Hjelp oss alle til å ordna oss slik i kvardagen at færrast mogleg blir smitta.
Kom med din fred til dei som er redde. 

Verna dei som arbeidar i helse og omsorg, på sjukeheimar, legesenter og sjukehus.

Vi bed for skuleelevar, familiar og bedrifter som vert hardt ramma av pandemien, og for dei som nå står utan arbeid.
Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Norge og i verda, til å handtera denne situasjonen på den beste måten.

Hjelp oss å vera nær kvarandre på måtar som gjer at vi kan vera til for kvarandra og halda saman, sjølv om vi ikkje kan vera saman som vanleg.
Opna augene våre for oppsida av enklare liv og meir tid og fellesskap på heimebane.   

Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus. 

Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
for piler som flyg om dagen,
for pest som fer fram i mørkret,
for plage som herjar ved middagstid.

Du, HERRE, er mi tilflukt.

Salme 91, 5 – 6 og 9a

Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
HelgeGodtNytt frå Brynekyrkja 1. pinsedag
Dei hadde kjent på redsel og frykt og lukka seg inne bak stengte dører.  Dei visste ikkje kordan den nya tida skulle bli, alt var så usikkert. For Jesus sine læresveinar...
LES MEIR | 29. Mai 2020
Velkommen til nattverdgudstenester i Brynekyrkja på 1. Pinsedag, 31.mai.
Gudstenestene er felles for Bryne og Time. Det vert to like gudstenester, kl. 11:00 og 11:45. Det er begrensning på 50 deltakarar pr. gudsteneste
LES MEIR | 08. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone