Påskegudstenester - PåskeGodtNytt dag for dag i den stille veka.

Påskegudstenester - PåskeGodtNytt dag for dag i den stille veka.

Publisert: 03. April 2020
For kvar dag i denne veka har vi spelt inn og vil legge ut ein kort film (5 minutt + ). Stein Ødegård les bibeltekst og Per Olav Egeland med musikarar framfører salme/musikk.

Påskeveka inneheld alt!  Dei siste dramatiske hendingane i Jesus sitt liv.  Det første den kristne kyrkja bare måtte feira.  Djupet i Guds kjærleik til sine skapningar.  Breidda i mennesket sin vondskap og uforstand. Dei store tema i livet samla i eit intenst drama: Hylla liv og grusom død, sterkt vennskap og rått svik, svart motløyse og tynt håp, pinefull liding og himmelsk glede.  Påskeveka inneheld alt.

 

Du finn alle filmane som vart publisert i påskeveka ("PåskeGodtNytt") samla her

 

Andre påskedag - Møtet
Trua på den oppstadne Jesus byrjar å breia seg.  Maria Magdalena og etterkvart disippelflokken får møta han. Han kjem som ein ukjent vandrar som slår følgje med 2 disiplar på vegen mot landsbyen Emmaus.    

 

Musikalsk gjest: Silje Sandanger

 

Påskedag – Undring og jubel
Kvinner går til grava i grålysninga den første dagen i veka.  Dei vil salva Jesus sin kropp og sin eigen sørgjande kjærleik. Slik skal det ikkje bli og vera.  Dei møter eit syn som endrar alt: Steinen er velta frå, grava er tom, englar fortel at Jesus lever.  Dei spring og fortel det til disiplar som må ut og sjekka.  Oppstandelsesbudskapet på første etappe ut i verda!

Musikalske gjester: Olaug og Malvin Vorre Bekkeheien
og Henrik Helgeland - Trompet

 

Påskeaften – i mørke før lyset demrar
Det er sabbat. Jesu kropp ligg i ei lånt og forsegla grav. Vaktmannskap er sett ut.  Alt er stille. Jesus og venner i djupaste mørke.  Sorga er lammande.  

Musikalske gjester på påskeaften: Jostein Aa. Tollaksen og Øivind N. Egeland

 

Langfredag – liding og sorg
Etter bønnekampen i Getsemanehagen og Judas sitt svik vert Jesus arrestert og ført til jødane sitt Høge Råd.  Der vert han dømt for blasfemi og ført fram for den romerske landshovdingen Pontius Pilatus.  Pilatus gjev etter for press og dømmer Jesus til døden ved korsfesting.  Jesus går smertevegen – via dolorosa - fram til Golgata.  Der vert han korsfesta og døyr saman med to forbrytarar.  Den døde kroppen vert teken ned av korset og lagt i ei ny grav i ein hage rett attmed, like før sabbaten startar.

Musikalsk gjest: John Gravdal


Skjærtorsdag 9.april – fellesskap.
Frå lånt esel utanfor Jerusalem til lånt spisesal inne i byen.  Jesus samlar dei tolv disiplane til påskemåltidsfeiring. Det er siste kveld ilag, Jesus har mykje å seia og gjer det, med ord og handlingar.  Den eine handlinga er å innstifta nattverden, måltidet i den nye pakta med Gud, den som nå skal byggja på Jesu offer og blod.  Den andre handlinga er å vaska føtene til disiplane, eit teikn og forbilde på tenande kristen kjærleik.  
 

Musikalsk Gjest: Silje Sandanger


 

Onsdag i den stille veka  – salving i Betania

Konfrontasjonane på tempelplassen er over.  Det same er den offentlege delen av Jesus si gjerning.  I dag tek han det med ro. Kviler med venner.  Samlar seg for det som skal koma. Han er i Betania.  Mat og fellesskap. Slikt som verda saknar for tida.  Han tek imot ei handling utført med seg og for seg. Sterk kjærleik – og ein sorgfull profeti.

Musikk: Per Olav Egeland:
D. Shostakovich: Preludium i C-dur Op.87

 

Tysdag i den stille veka  – samtalar på tempelplassen:
Samtalar som set folk på plass og forsterkar sinne og hat. 
Undervisning av Jesus sine eigne disiplar, om det som skjer og om det som skal koma.  
 

Musikals gjest tysdag: Sindre Øgaard

 

Måndag i den stille veka - provokasjon i templet:
Forventninga ligg i lufta.  Messias er komen til Jerusalem med fred.  I dag regisserer Jesus ei ny, sterk teiknhandling.

Musikalsk gjest: Henrik Helgeland

 

Palmesundag

 

Fleire sakar:
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020
FamilieFokus og SurfSchool arrangerer surfekurs
Sett av søndag 7. juni. til ei spanande oppleving på stranda. Påmelding innan laurdag 30. mai.
LES MEIR | 20. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
HelgeGodtNytt frå Brynekyrkja 1. pinsedag
Dei hadde kjent på redsel og frykt og lukka seg inne bak stengte dører.  Dei visste ikkje kordan den nya tida skulle bli, alt var så usikkert. For Jesus sine læresveinar...
LES MEIR | 29. Mai 2020
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone