12Hours festival og Skjærgårds Live Time

12Hours festival og Skjærgårds Live Time

Publisert: 29. Mai 2020

Denne helga skulle me eigentleg hatt 12Hours festival for 5.-7. klasse i hallen på Undheim. Me veit at mange hadde sett fram til dette, og difor satsar me på at det vert fleire festivalar når det blir mulig å gjennomføre igjen. Me veit framleis ikkje når det blir aktuelt, men dette er noko me ser mange set pris på, så me har veldig lyst til å få det til.

Ei utfordring no er er at Skjærgårds Live som er arrangør for festivalane har fått store økonomiske utfordringar pga mange avlyste festivalar. Dei er mellom anna avhengige av å få fleire medlemmer, noko som genererer meir støtte og gjer at dei kan ha råd til å arrangere mellom anna 12Hours festival.

Me har difor lyst til å oppfordre alle som har lyst til at me skal arrangere 12Hours festival i Time fleire gonger å bli medlem i Skjærgårds Live Time. Det kostar 100,- kr i året. Alle som er medlemmer vil få 100 kr i redusert pris på festivalane me arrangerer, så då får dei dekka inn heile kontingenten. I tillegg får ein gode tilbod på konsertar osv som er i regi av Skjærgårds Live sentralt.

Innmelding i Skjærgårds Live Time kan de gjere her: https://sglive.no/medlem/bli-medlem/

Me håpar me snart ser born og unge igjen på ulike arrangement i kyrkjene våre!

 

Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
Konfirmasjon
Konfirmasjonstida i kyrkja er ei spanande tid. Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjoni kyrkja. I konfirmasjonstida får du læra mier...
LES MEIR | 05. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
Velkommen til gudsteneste i sommar
Endeleg kan me invitera til opne gudstenester. Inntil 200 personar med 1 meters avstand. Me må fortsatt registrere namn og telefonnr. Ta gjerne med lapp for å gjere registreringa raskare og enklare.
LES MEIR | 22. Juni 2020
Misjonsprosjekta i Brynekyrkja
Ver med og hugs våre venner lengre sør!
LES MEIR | 04. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone