Tidebøn. Ro over dagen din - rytme i bøna di
Kveldsgudsteneste med Stein Ødegård og Valfrid Botnen 22. november

Tidebøn. Ro over dagen din - rytme i bøna di

Av: Stein Ødegård
Publisert: 07. August 2020
I vanskelege tider med dagar som kan vera fylte både av for mykje og for lite ro, inviterer Bryne kyrkje til siste kveld i hausten sin kveldsgudstenesteserie. Samlinga vert også streama live på Brynekyrkja si facebookside, og på Brynekyrkja.no

 

Samlinga er tilpassa siste smittevernsituasjon.  Det vil seia at maksimalt 50 deltakarar kan melda seg her 

Denne hausten opnar Brynekyrkja ei dør inn i det store skattkammeret som kyrkja sin tidebønnstradisjon er.  4 sundagskveldar med dei 4 mest brukte tidebønene gjennom ein dag.  Morgonsong - middagsbøn - aftansong - kveldsbøn. Målet er å inspirera til personleg og felles bruk av tidebøn og salmebok, både Bibelen si salmebok og kyrkja si. 

Kveldane tek desse tidebønene for seg, ein etter ein.  Først i ein undervisningsdel der gode føredragshaldarar set lys på viktige sider av tidebønnsliv i historien og idag.  Så har organist Per Olav Egeland med seg eit prosjektkor som tek oss inn i aktuell musikk som er knytta til kvar tidebøn.  Sjølvsagt gjennomfører me tidebøna med salmar, veksellesing og bøner.  Kvelden rundar av med nattverd og vandringar til bord og stasjonar med lys og tekstar til ettertanke og bøn.

Sundag 22.november inneheld ein undervisningdel og ei kveldsbøn – Completorium - med veksellesing, salmer og tekstmeditasjon.

Valfrid Botnen har føredrag om personleg bruk av tidebøn og bibelske salmer.  Ho har skissert dette slik: "Den gode rytmen som en bærende kraft i livets skiftende realiteter".

Valfrid Botnen er tidligere misjonær i Japan for NLM (1980-97).  Sidan 1997 har ho arbeidd med åndeleg veiledning i retreat og kurssamanheng i og utanfor Norge. 

Musikken denne kvelden kjem frå orgel, flygel, trompet og solosong.  Organist Per Olav Egeland i samarbeid med Henrik Helgeland og Thea Østvold.

 

Tidebøn. Ro over dagen din - rytme i bøna di

 

 

Velkommen i kyrkja og på nett!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Valfrid Botnen

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Påmelding til julegudsteneste
Påmelding til julegudstenestene opnar 1. desember kl. 00:00
LES MEIR | 27. November 2020
Sundagstankar og kveldstanker frå presten i adventstida.
Frå komande sundag og fram mot jul vil det koma digitale sendinagar frå presten kvar sundag kl 11:00 og kvar onsdagskveld kl. 21:00
LES MEIR | 26. November 2020

Kva skjer?
Les også:
Sjå gudstenesta frå Bryne kyrkje 1. søndag i advent
Adventsgudsteneste med Stein Ødegård, Per Olav Egeland, Lovsangsteam, lystenning og solistar.
LES MEIR | 27. November 2020
Trekninga av julemessa er klar!
Her er dei heldige vinnarane. Vinnarane vert kontakta. Klikk på pdf-lenka nederst for å sjå heile lista.
LES MEIR | 12. November 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone