Info om kyrkja og korona i november

Info om kyrkja og korona i november

Av: Stein Ødegård
Publisert: 12. November 2020

Frå prest og dagleg leiar:

Brynekyrkja i november

Alle veit at det er alvor og tid for stor dugnad og felles innsats mot spreiing av koronaviruset for tida.
I Brynekyrkja - som elles -  er samlingar nå i november avlyst eller utsett eller klart avgrensa.

Samlingar kan maksimalt ha 50 deltakarar.  Det inneber at kyrkjelege handlingar som dåp og gravferd vert gjennomført og prioritert, men ikkje som opne samlingar.
Me vil ha to «opne» gudstenester dei to siste sundagane i november.  

  • Kveldsgudstenesta med kveldsbøn 22.november kl.19, for dei som melder seg på eller ser gudstenesta livestreama eller på heimesida etterpå her
  • Adventsgudsteneste til 1.sundag i advent 29.november.  Denne vert laga på forhånd og lagt ut som film til denne første adventshelga.
    Me har planar om å ta i bruk den lett justerte nye gudstenesteordninga i Den norske kyrkja og i Bryne kyrkje.  Mellom anna den rytmiske musikken til enkelte faste liturgiske ledd som Kyrie og Gloria.

Elles håpar me på betre tider inn mot jul og vil vera kyrkje som kjem med lys i mørke og håp i vanskelege tider. 
 Me riggar oss for gode digitale sendingar som Adventskalender for heile familien i heile Time. Og Adventstankar frå presten. Truleg også kombinasjon av påmelding til kyrkjegang og invitasjon til å vera med via skjerm.

Lenke til påmeldingssida her

Men desember kjem me tilbake til!

Fleire sakar:
Påmelding til julegudsteneste
Påmelding til julegudstenestene opnar 1. desember kl. 00:00
LES MEIR | 27. November 2020
Sundagstankar og kveldstanker frå presten i adventstida.
Frå komande sundag og fram mot jul vil det koma digitale sendinagar frå presten kvar sundag kl 11:00 og kvar onsdagskveld kl. 21:00
LES MEIR | 26. November 2020

Kva skjer?
Les også:
Sjå gudstenesta frå Bryne kyrkje 1. søndag i advent
Adventsgudsteneste med Stein Ødegård, Per Olav Egeland, Lovsangsteam, lystenning og solistar.
LES MEIR | 27. November 2020
Trekninga av julemessa er klar!
Her er dei heldige vinnarane. Vinnarane vert kontakta. Klikk på pdf-lenka nederst for å sjå heile lista.
LES MEIR | 12. November 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone