I forbindelse med Tårnagentane har me laga nokon postar som heng på kyrkja.
Me vil la postane henga oppe fram til vinterferien er slutt, slik at alle som har lyst kan få prøva seg på å gå på symboljakt.
Ta med telefon og svarark og kom utanfor Brynekyrkja når de vil (utanom i opningstida til barnehagen i kyrkja).
Den første posten finn de ved døra til høgre for hovudinngongen. På svararket står det kor de finn resten av postane. På kvar post finn de ein QR-kode og nokre spørsmål de kan svara på. I QR-koden får de sjå ein liten filmsnutt der de får svar på spørsmåla som står på posten.
Skriv svara på svararket og ta det med på kyrkjekontoret, så ventar det ein liten premie til alle born i barnehage- og barneskulealder.
Ta kontakt med oss for å få premie viss det er vanskeleg å koma innom kontoret i opningstida.
Bli med på ein kjekk aktivitet for heile familien!
Helsing Brynekyrkja!
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja