Brynekyrkja opnar dørene for gudsteneste med inntil 100 personar i salen

Brynekyrkja opnar dørene for gudsteneste med inntil 100 personar i salen

Publisert: 26. Februar 2021
Kravet frå sentrale styresmakter om fastmonterte stolar er tatt vekk. Nå kan me ha 100 personar på tilviste plasser

Spenninga var stor då regjeringa holdt pressekonferanse sist veke. Me hadde fått signal om at det kunne bli oppmjuking i kravet om fastmonterte sete.
Gleda var derfor stor då me fekk beskjed om at me nå har lov til å samle inntil 100 personar til gudsteneste.
Brynekyrkja er ei stor kyrkje, og med god tilrettelegging og kyrkjevertar som tilvisar folk til faste plassar skal me fortsatt ha fokus på smittevern, og meinar at me skal klare dette på ein god og trygg måte.

Dette skjer dei komande sundagane:
Gudsteneste sundag 28. februar kl 11:00 med Stein Ødegård og Per Olav Egeland

Kveldsgudsteneste 7. mars kl 19:00 med Lars Sigurd Tjelle og Øyvind Eggen. 
"Håp som livsgrunnlag" - Musikk ved Jarle Obrestad

Familiefokus sundag 14 mars kl. 11:00 med Jostein Tollaksen, Marit Høye Hetland, "Etter skuletid-gjengen" og Lovsangsteamet.

Så endå ein gong - VELKOMMEN TIL GUDSTENESTE

 

Påmelding til gudsteneste her

Fleire sakar:
Kveldsgudsteneste sundag kl 19:00 på nett
Den siste kveldsgudstenesta i denne serien med hovudtema "HÅP"
LES MEIR | 15. April 2021
Gudsteneste frå Brynekyrkja på nett sundag kl. 11:00
Velkommen til gudsteneste på nett. Me håpar det snart opnar opp for gudsteneste med folk i kyrkjesalen.
LES MEIR | 10. April 2021

Kva skjer?
Les også:
VELKOMMEN til gudsteneste - fysisk i Brynkekyrkja
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021
"Ditt avtrykk på jord" - Ny salme frå Brynepresten
Salme for ei truga jord. Så vart det ein salme av det!  Etterutdanningskurset «Teologi for en truet jord» i regi av MF.
LES MEIR | 15. April 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone