Påske i Brynekyrkja

Påske i Brynekyrkja

Av: Jostein Aarbakke Tollaksen
Publisert: 26. Mars 2021
Så vart det endå ei annleis påske. Det er vondt å ikkje kunne invitera til deltaking og feiring av dramaet i kyrkja, men eit ansvar denne pandemien krev av oss. La det verta påske i hjarta når påske i kyrkja ikkje let seg gjera!

Til hjelp legg me ut eit digitalt program som ein kan klikka seg inn på etterkvart som dagane kjem.
På dei to mest markerte dagane – langfredag og påskedag – vil me streama gudsteneste frå Bryne kyrkje.

 

Program (med dei to livestreama sendingane først):
 

  • Langfredag 2.april kl.1114 stasjonar på Jesu lidingsveg.
    Hovuddelen av langfredagsgudstenesta er ein meditasjonsandakt bygd opp omkring dei 14 stasjonane som markerte Jesu vandring mot krossen.
    Kvar stasjon har ein meditasjon, ei bøn og ein orgelsats.  Alan Ridout sitt store orgelverk frå 1978 gjev eit sterkt tonespråk og kjensler til bønene og meditasjonane, som er forma av Martin Lønnebo.
    Organist: Per Olav Egeland.  Prest: Stein Ødegård
     
  • Påskedag 4.april kl.11:  Høgtidsgudsteneste.
    Prest: Lars Sigurd Tjelle.  Musikarar: Per Olav Egeland, Sindre Øgaard og Henrik Helgeland
     
  • Palmesundag kl.11 og Skjærtorsdag kl.19 legg vi ut korte, digitalt innspelte gudstenester frå PåskeGodtNytt 2020.
     
  • Kvar morgon kl 09:00 - frå palmesundag til 2. påskedag vil vi leggja ut godt stoff som Stefanusalliansen tilbyd kyrkjelydar som har misjonsprosjekt for organisasjonen sitt arbeid.
    Dette gjeld korte videoar med refleksjon av prest og forfattar Jostein Ørum saman med ein sang frå gruppa Garness sin påskekonsert frå 2019 – Gåten om korset. 

 

Med dette vil me i Brynekyrkja ønskja dykk alle ei god påske.  I hjarta og der du er denne påska.

Fleire sakar:
Kveldsgudsteneste sundag kl 19:00 på nett
Den siste kveldsgudstenesta i denne serien med hovudtema "HÅP"
LES MEIR | 15. April 2021
Gudsteneste frå Brynekyrkja på nett sundag kl. 11:00
Velkommen til gudsteneste på nett. Me håpar det snart opnar opp for gudsteneste med folk i kyrkjesalen.
LES MEIR | 10. April 2021

Kva skjer?
Les også:
VELKOMMEN til gudsteneste - fysisk i Brynkekyrkja
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021
"Ditt avtrykk på jord" - Ny salme frå Brynepresten
Salme for ei truga jord. Så vart det ein salme av det!  Etterutdanningskurset «Teologi for en truet jord» i regi av MF.
LES MEIR | 15. April 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone