Hovuddelen av langfredagsgudstenesta er ein meditasjonsandakt bygd opp omkring dei 14 stasjonane som markerte Jesu vandring mot krossen.
Kvar stasjon har ein meditasjon, ei bøn og ein orgelsats.
Alan Ridout sitt store orgelverk frå 1978 gjev eit sterkt tonespråk og kjensler til bønene og meditasjonane, som er forma av Martin Lønnebo.
Organist: Per Olav Egeland. Prest: Stein Ødegård
Sendinga startar her langfredag kl 11:00
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja