"Ditt avtrykk på jord" - Ny salme frå Brynepresten

"Ditt avtrykk på jord" - Ny salme frå Brynepresten

Av: Jostein Aarbakke Tollaksen
Publisert: 15. April 2021
Salme for ei truga jord. Så vart det ein salme av det!  Etterutdanningskurset «Teologi for en truet jord» i regi av MF.

Salme for ei truga jord.


Prestar i Jæren prosti og andre prosti har sett seg inn i teologiske, etiske, miljøfaglege, politiske og pastorale spørsmålsstillingar i møte med miljø- og klimautfordringane.  Og eg vart gripen! Studiestoffet og situasjonen for kloden vår har berørt meg sterkt.

Så då skjedde det at det vart ein salme av det.  Slikt som skjer sjeldan.  Berre når noko vert så viktig at det ropar på poesi og finn form og metafor som gjev meining.

I studiekurset vart salmen ein måte å reflektera både om haldbar teologi og om praksis som kan gje endringar som betyr noko.  Salmen sitt uttrykk måtte ta opp i seg det djupe eksistensielle alvoret og ansvaret me som menneske nå står i.  Orda i salmen måtte vera ord som teologi i vår tid kan stå inne for.  Både knytta til tradisjonell kristen teologisk tradisjon og i forsøk på å nyformulera økoteologi og kontekstualisera kva som bør seiast frå kyrkja i den krisa me står i. 

Korleis kan ein salme verta praksis som gjev endring?  Jau, fordi han er midt i kyrkja si gudstenestefeiring.  Eit liturgisk uttrykk med stort potensial for tru, håp og endring når livet på jorda er truga. Poesien og musikken som me deler som felles sang i kyrkjerommet, kan ha stor kraft.  Salmen treff djupe lag i sinnet og kan motivera til innsyn og handling på eit djupare plan.

Salmeteksten er skriven i januar. I februar sette Henning Sommerro vakker, nyskriven musikk til.  Salmen hadde fått eige liv, som nå får ut og gå dit han vil.  I mars kom biskopane sitt klimahefte, på same kanal, slik at endå meir fall på plass.  I Bryne kyrkje startar me eitt års temaserie med kveldsgudstenester frå august av, med fokus på gudstenesteledd sett med bispeheftet sitt miljøblikk.

Lydopptak med vokal og flygel finst på: https://youtu.be/-D01GGvpv_k

Det viktigaste innhaldet i ein salme er det opplevde. Om det tenkte innhaldet kan dette seiast: Den berande ideen og metaforen i salmen er ordet «avtrykk».   Det er eit visuelt og sansbart ord.  Det er fleirtydig, slik at det ikkje bare rommar mennesket sitt svært tvetydige avtrykk på jorda, på bekostning av natur og andre artar og livsformer. Men også Gud sitt gode avtrykk, i det skapte, i mennesket skapt i Guds bilde, i Jesus Kristus.  I eitt sentralt vers er dermed avtrykk bytta med ansikt.  I salmen er avtrykk brukt til å disponera tema slik at Gud og verda, menneske og natur, forsking og tru, sorg og håp er knytta saman.  Dette opnar både for lovprisning av Gud og for teologien si skildring av det skapte, ansvarlege, falne, frelste, handlande og håpande mennesket. Ein kombinasjon av takk og klage som – lik Kyrie og Gloria - er eit ærleg uttykk i sentrum for kristen eksistens og gudsteneste.

Eit ønskje for salmen sitt vidare liv er at han kan vera eit inspirerande uttrykk som kan bidra til positiv endring, der Gudstrua og det kristne håpet er ei avgjerande kraft som me kan møta dei vanskelege og viktige valga med. 

 

Stein Ødegård
Sokneprest i Bryne


Her finn du teksten til salmen

 

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone