Grøn dag ved Undheim kyrkje

Grøn dag ved Undheim kyrkje

Publisert: 29. April 2021
Grøn dag i kyrkjeparken ved undheim kyrkje, laurdag 8. mai kl. 11.00-13.30

Dagan er blitt lengre, lysare og varmare. Frø som er lagt i jorda spirer. Småplanter veks og utviklar seg, og etter kvart er mange klare til å plasserast i bed, plantekasser, krukker og drivhus. På Undheim kan du denne laurdagen ta med deg heim planter til nytte og glede, samstundes som NMS får penger til sitt arbeid.

Dei fleste plantene som er til sals, kan du bruka i eige kosthald, dei andre er til pynt i hagen. Du kan blant anna kjøpe planter av: tomat, chilli, paprika, persille, grønnkåø, ruccula, basillikum og nokre planter som blomstrar etter kvart.

Det vert óg sal av bakverk, handarbeid, blomsterkassar, barneleiker m.m. I tillegg kan du nyta brenneslesuppe, foccacia-brød, kaffi og kaker på staden - og sist men ikkje minst - treffa folk

Du vil  óg få med deg ei musikkoppleving med TOKT - Torvald Tjåland med musikarara. Kjøper du lodd, kan du bli heldig vinnar av eit av dei seks minidrivhusa som vert lodda ut.

Vil du nyta varmen både på suppe og fellesskap rundt bålpanna, vert det høve til det.
Vi vil sjølvsagt følgje HHI sine smittevernreglar.

Velkommen til NMS i Time sitt vårtreff på Undheim.

 

Grøn dag ved Undheim kyrkje
Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone