Sammen som kyrkje i heile verda

Sammen som kyrkje i heile verda

Publisert: 21. Mai 2021
"Saman som kyrkje i heile verda" er ein nasjonal aksjon for misjonssolidaritet under korona-pandemien. Målet er å styrka kyrkjelydens eigne misjonsprosjekt, og i år er aksjonstida frå Kristi Himmelfartsdag til St. Hans.

Bryne kyrkjelyd er med på denne aksjonen, og ønsker å gi hjelp til innsatsen og engasjementet til lokale kyrkjelydar for den globale kyrkja. 

"Saman som kyrkje i heile verda" ønsker å bidra til å bevisstgjera kyrkjelydane på si globale tilhørighet og forplikting. I tillegg er det eit mål å samla inn pengar som kan styrka det diakonale arbeidet som samarbeidskyrkjer rundt om i verda står i.

«Saman som kyrkje i heile verda» er ein solidaritetsaksjon med søsterkyrkjer og partnarar som er ramma hardt av korona-pandemien. I aksjonen samarbeider vi med dei misjonsorganisasjonane som utgjer SMM organisasjonane, og deira verdensvide nettverk av søsterkyrkjer.

Så kva gjer vi ekstra i denne perioden?

 - Me set inn ekstra kyrkjeoffer til dei to misjonsprosjekta våre - Stefanusalliansen og  NMS-Midsøsten

 - Det er opprette ein eigen VIPPS med nr. #691748 der alle gåver går til desse misjonsprosjekta, og blir delt likt.

 - Det er oppretta ein eigen Spelis der det er råd å gje pengar til desse prosjekta i en avgrensa periode fram til St.Hans

 - Kyrkejlyden vil ha eit ekstra fokus på misjon i denne perioden.

Du kan nytta Vipps eller kort på spelisen, og du kan velge og vere anonym om du ynskjer det.
Det som kjem inn på denne spleisen blir delt likt mellom Stefanusalliansen og NMS.

Oppfordring fra biskop Anne Lise Ådnøy

– Vi sår og det er vår

«Hvis ikke hvetekornet faller i jorden og dør, blir det bare det ene kornet.»

Gjennom vårens innsamlingsaksjon får vi være med å så. Vi sår i tro. Noe skal vokse fram. Alle har noe å dele: penger, tid og forbønn. Pandemien er krevende for alle, på ulike måter. Da kan det handle om å lete etter muligheter med mening.

Bli med og gjør det du kan! Guds fred være med oss alle i arbeidet med denne «våronna».

Hilsen Anne Lise Ådnøy
Biskop i Stavanger bispedømme

Sammen som kyrkje i heile verda
Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Haugespor - eit jubileumsspel i Hans Nielsen hauge sine fotspor.
Skaparånd, spetakkel.... og strikkepinnar. Haugespelet kjem til Brynekyrkja torsdag 30 september
LES MEIR | 09. Juni 2021
Usikker på kva du skal gjere til hausten?
Kunne du tenkt deg å bruke eit år som eittåring? Vere med å gjere ungdomsarbeid i kyrkja?  
LES MEIR | 21. Mai 2021

Kva skjer?
Les også:
Velkommen til gudsteneste på sundag kl. 11:00
LES MEIR | 18. Juni 2021
Er du ein 7-klassing, har ein 7-klassing i huset eller kjenner ein 7-klassing??
Det er ei glede å invitere dei som til hausten skal starte på ungdomsskulen på sommaravslutning til ungdomslaget vårt UngFokus! Her vil dei få ein smakebit på kva som ventar dei til hausten.
LES MEIR | 20. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone