Er du den nye kyrkjelydspedagogen i Bynekyrkja? - eller kanskje kjenner du nokon som kunne vore det?

Er du den nye kyrkjelydspedagogen i Bynekyrkja? - eller kanskje kjenner du nokon som kunne vore det?

Av: Bryne kyrkjelyd
Publisert: 21. Juni 2021
Vi har ledig 80% stilling som kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja. Bli med å gje vidare det viktigaste til barn og unge på Bryne. Gud gir – vi deler!

Brynekyrkja ønskjer å vere ein kyrkjelyd kor barn og unge føler seg heime.
Me ønskjer at alle døypte mellom 0-18 år på Bryne skal få god trusopplæring.

Me søkjer ein person som kan vere med å vidareutvikle og drive trusopplæringa i Bryne kyrkjelyd saman med stab og frivillige.
Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å jobbe med trusopplæring blant barn og unge på Bryne, i ein nytenkjande kyrkjelyd i Den norske kyrkja.

Vi har ledig 80% stilling som kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja.

Bli med å gje vidare det viktigaste til barn og unge på Bryne. Gud gir – vi deler!

Stillinga har sin hovudarbeidsplass i Bryne, men inngår i eit team som jobbar saman om trusopplæringa på tvers av kyrkjelydane Bryne, Time og Undheim. Ein må difor pårekna noko arbeid i dei andre kyrkjelydane. I tillegg er 20% av stillinga øyremerka konfirmantarbeidet, i tett samarbeid med kateket.

Stor grad av felksibilitet i stillinga.
Velkommen inn på laget!

For meir informasjon og fullstendig utlysing - les meir her

 

Fleire sakar:
Usikker på kva du skal gjere til hausten?
Kunne du tenkt deg å bruke eit år som eittåring? Vere med å gjere ungdomsarbeid i kyrkja?  
LES MEIR | 21. Mai 2021
Gladmelding!!
Dagens gladmelding frå frå regjeringa. Frå og med torsdag 27. mai blir reglane endra slik at vi no kan ha 200 personer i Brynekyrkja, og fortsatt syngja i lag!
LES MEIR | 26. Mai 2021

Kva skjer?
Les også:
Gudsteneste dei neste sundagane.
Sjå og kalenderen
LES MEIR | 25. Juli 2021
Haugespor - eit jubileumsspel i Hans Nielsen hauge sine fotspor.
Skaparånd, spetakkel.... og strikkepinnar. Haugespelet kjem til Brynekyrkja torsdag 30 september
LES MEIR | 09. Juni 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone