Per Odd Aarrestad sitt monumentale glaskunstverk lyser nå ut over det vintermørke Bryne. Kunstnar, montør, glasmester, inviterte bidragsytarar og «halve Bryne» fekk med seg ein kulturfest som vil bli huska. Laurdag 21.november blei glaskunstlyset i kyrkjertårnet offisielt tent.
Tonar av orgel, munnspel, bølgesus og barnegullstrupe blanda seg med dansarar og teatersmakebitar frå «Reisen til julestjernen» og ein ung journalist som lokka ord ut av kunstnaren.
(Artikkelen fortsett under videoen)
Sokneprest Stein Ødegård fortalte historia om dette «spinnville» prosjektet som Brynekyrkja nå vil vera kjent for, til glede for heile byen. «Eventyret om glaskunsten» viste kor mange som har vore involvert i prosjektet og rette ein stor takk til den einskilde.
Det var ein gong eit eventyr. Og nå er det heilt sant!
Nokre fekk ein lys idè i Brynekyrkja: Om å stengja motlys ute, om å sleppa fargane sitt lys inn, om å senda fargelyset ut slik det aldri er gjort med glaskunst før. Lys inne og lys ute. Kunst til kyrkja og byen. Kyrkjeutvikling og byutvikling.
Ikkje to ting, men ein ting.
Det høyrest ut som eit eventyr, og det vart det. For 6 år sidan vart ideen lansert. For 4 år sidan var det glaskunstfest for glasmaleriet. Og glasmaleriet sto og venta på romet som skulle ta i mot det. Og for 2 år sidan var det fest for lyst, nytt kyrkjerom.
Og i dag er det fest for kunsten i kyrkjetårnet. Snipp, snapp, snute, så er eventyret både inne og ute. Kyrkjeromet har teke imot Per Odd Aarrestad sitt fantastiske kunstverk. Nå skal byen få gjera det.
Kunstnaren har brukt 4-5 år på å tenkja og utforma kunsten til kyrkja og byen. Då kan me godt bruka eit heilt liv på å gle oss, oppleva og tolka.
Les heile «Eventyret om glaskunsten» ved å fulgja linken under.
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja