Babysong 0-1 år

Kom på babysong i Brynekyrkja og lat borne få moglegheit til å uttrykka og utfalda seg musikalsk.

Musikk er viktig for borne si motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling, og me i Brynekyrkja ynskjer å gjeva born og foreldre moglegheit til å skapa ei felles oppleving saman gjennom leik, song og utforsking.

Babysong er eit gratis trusopplæringstilbod torsdagar i oddetalsveker frå kl. 10.30-11.00. Det er inga påmelding og ope for alle. 

Me oppmodar alle til å sjekka Brynekyrkja si facebookside frå gong til gong i tilfelle endringar.

Oppstart torsdag 29. august, 2019.

(Babysong 10. oktober utgår pga. haustferie.)

Kontakt oss
Mari Ask Helland
Kontakt e-post: mari ask helland
Mobiltelefon: +47 922 67 251
Komande hendingar

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone