Sundagsskulen i Brynekyrkja heiter Jungelgjengen. Når det ikkje er familiegudsteneste er det Jungelgjeng i kjallaren. Løva kjem og hentar ungane i gudstenesten.
Jungelgjengen bruker Sundagsskulen Norge sitt pedagogiske opplegg Sprell Levende. Sprell Levende er eit skreddarsydde pedagogiske opplegget for barn 3-10 år.
Under alle gudstenester er det leikekrok for dei minste borna bak i kyrkja. Her finn du også teiknesaker.
Det vert Jungelgjeng desse datoane hausten 2020:
06.09, 13.09, 27.09, 04.10, 25.10, 01.11, 08.11, 15.11, 06.12, 13.12 og 20.12
Frivillige medarbeidarar
For å drive eit godt sundagsskulearbeid treng vi mange frivillige medarbeidarar. Ta kontakt om du kunne tenkje deg å vere med i teamet å drive Jungelgjengen i Brynekyrkja. Vi draumer om å starte ei eige gruppe for dei eldste borna.
Bli med å gje vidare det viktigaste til neste generasjon. Jesus til borna!
![]() |
Kristine Åsbø Trusopplærar |
|
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja