Korøving med Jungelkoret og Jarle Waldemar

Som ein del av trusopplæringa inviterer Brynekyrkja og Jungelkoret alle born som fyller 5 år til korøving med Jarle Waldemar fyrste Jungelkorøvinga etter sumaren. Jarle Waldemar leier oss gjennom øvinga med song, sprell og leik, etterfølgd av saft og noko godt å bita i nede i kyrkjestova.

Sjølv om 5åringane får særskilt invitasjon, er øvinga open for alle born frå 4år og oppover. 
Ta med ein ven og kom!

Korøving med Jarle Waldermar vert haldt 22. august i 2019.

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone