Du kan få vere med på ei kjekk oppleving i Bryne kyrkje. Fredag 20. november skal me vere saman fleire timar utover kvelden.
Arrangementet heiter Lys Vaken, og mange kyrkjer rundt om i landet har dette tilbodet på denne tida av året til 5. klassingar.
Då skal me m.a. leike, bli kjende med kvarandre, utforske kyrkja, ha ulike opplevings- og erfaringsbaserte aktivitetar, eta pizza og sjå film.
Nokon av dykk veit kanskje at vi ofte pleiar å overnatte i kyrkja. I år kan vi dessverre ikkje gjera det. Måndag 26. oktober kom regjeringa med nye nasjonale smittevernreglar. I lys av desse nye reglane, og i dialog med lokale smittervernmyndigheiter, ser vi at det ikkje lar seg gjennomføra å overnatta i kyrkja på ein trygg måte nå i haust. Men heile resten av Lys Vaken får vi til som planlagt
Lys vaken handlar om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss.
Me skal vera lys vakne for oss sjølve, for kvarandre og for Gud.
Du finn meir info her
Lenke for påmeldin: her
![]() |
Per Olav Egeland |
|
![]() |
Marit Høie Hetland |
|
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja