Fleire – saman

Fleire - saman er mottoet for gudstenesteutvikling i Brynekyrkja. Bli med og fyll visjonen med innhald! Opplev eit tenestefelleskap i gudstenestegruppe!

Kva er ei gudstenestegruppe?

  • Gruppa består av 6 -10 medlemmer

  • Det skal vera lett å begynna og slutta

  • Gruppa planlegg og gjennomfører 2 hovudgudstenester kvart semester

  • Gruppa samlast ein time ca halvanna veke før planlagt gudsteneste.  Innhaldet er todelt:
    - Samtale om dagens tekst/tema og kva som gjerne kan bes om og forkynnast
    - Fordeling av konkrete oppgåver i gudstenesta
    ut frå fast mal / skjema.

Kva gjer ei gudstenestegruppe?

  • Medliturgoppgåver med lesing og framføring.

  • Praktiske oppgåver (som kyrkjekaffi, kyrkjevert, pynting, barnekrok, valgfri prosesjon, ta opp takkoffer, informera og henta Jungelgjeng opp til nattverd, nattverdutdeling, telja opp takkoffer og ordna til og rydda opp).

Kan du tenkja deg ei slik teneste der du får delta saman med prest og organist i å forma gudstenesta?

Ta kontakt med sokneprest Stein Ødegård

Kontaktperson
Stein Ødegård Sokneprest
Kontakt e-post: stein odegaard
Mobiltelefon: +47 911 57 105

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone