Det som aldri brenn opp
2.Mos.3,1-6 - Kveldsgudsteneste om det heilage

Det som aldri brenn opp

Av: Stein Ødegård
Publisert 08. Februar 2015
Ein mann med blikket mest på det som gjekk galt. På eigen skam. Utbrent. Er det rart han vert fascinert av dette som står og brenn utan å brenna opp.

Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb.  Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken sto i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden.  Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?»  Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.»  Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.»  Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud. (2.Mos.3,1-6)

Det står noko der som aldri brenn opp.  Flammar slikkar over greiner som ikkje tærest opp. Eld i ein tornebusk som ikkje vert øydelagt av varme og brann.  Fascinerande. Farleg annleis.  Vakkert og vilt.  Det har dragande kraft.   Lyset innbyr.  Synet dreg.  Her er noko for auga.  Her kjem noko for øyra. Snart landar det i stotrande tunge, dirrande hjarta og føter med ny retning.

For det står noko der som aldri brenn opp.
Og den som nærmar seg, er  ein som sjølv har brunne, men dessverre brent seg ut.

Moses. Mannen med fleirkulturell oppvekst. Biologisk son heime hjå si israelittiske mor. Adoptert son til farao si dotter.  Han får voldsomme sosiale ulikheter inn med morsmelk og oppvekst.  Uretten i samfunnet pirkar i huda og prikkar i hjarta heile tida.  Moses er borgar av to folk, to kulturar, to verdisett.  Han må leva med det og ta stilling til det.  Han kunne vandra att og fram frå farao sine palass til israelittar sine skur.  Begge deler var hans. Begge plassar var han heime. Han kunne fråtsa i kunnskap, opplevingar og bugnande matbord i palasset.  Same dag og rett for døra såg han frykt i augene på sine andre landsmenn, bøygde ryggar merka etter pisken, offer for herskarane sitt grådige forbruk og gigantiske byggeprosjekt.

Til slutt sprakk det.  Han måtte velja side.  Sinnet og idealismen vant. Reaksjonsmåten vart den sterke.  Ein egyptar vart slegen i hel. Resultatet vart katastrofalt for Moses.  Han måtte bryta opp frå begge heimane sine og frå landsmenn. Han vart framand og innflyttar ein ny og annan plass.  Eit brent barn av ein kultur han ikkje klarte å stå konstruktivt opp mot og endra. Ein mann med blikket mest på det som gjekk galt. På eigen skam. Utbrent.

Er det rart han vert fascinert av dette som står og brenn utan å brenna opp.  Synet dreg han nærare.  Møter han det heilage her?

Ja, visst. Han møter Den heilage.  Det er ikkje bare eit syn, men ein stemme.  Ikkje bare for auga, men for øyra.  «Moses, Moses!»  Han må svara, ikkje flykta ennå ein gong: «Her er eg». 

Og så får han høyra.  Korleis me nærmar oss det heilage.  Av med skoa.  Respekt.  Kven Gud er.  Den heilage og trufaste.  Abraham, Isak og Jakob sin Gud.  Nå Moses sin. Eit folk sin. Så Elia sin. Ein Gud me kan kjenna gjennom det han gjer seg kjent gjennom i historien. Men aldri gripa, forstå, ha kontroll på: «Eg er den eg er

Den dagen forstår Moses at Gud er, at Gud ser, at Gud handlar, og ein mann og eit folk skal friast ut. 

For Moses vart det ikkje orden på livet, på det menneskelege før han erfarte Gudsnærværet.  Han fann ikkje ut av det vanlege og sekulære før han møtte og levde i det sakrale.  Og folket han skal føra ut av Egypt, skal setjast fri til dette dei også. Det første dei skal gjera, er å feira gudsteneste! Før lova land der framme og ørkenstrev på vandringa.  Dei skal feira gudsteneste, leva med det heilage og den heilage tett på.

Det sakrale og heilage må til for å gje meining, kall og håp i det daglege.  I ørkensanden ein dag og i livet alle dagar står det noko som aldri brenn opp.  Så me sluttar å brenna oss ut og flyktar frå det me er kalte til.  Slik er Moseshistorien og slik er Guds historie med alle oss som er skapte til gudsnærvær.

Det står noko der som aldri brenn opp.  Sundag etter sundag.  I alle land og kulturar.  Det brenn ikkje opp.  Det tek ikkje slutt. Det er fysisk, som ein tornebusk.  Her er noko for auga.  Vin av druer. Rødt som blod.  Brød av korn. Her er noko for øyra:  Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod utrent for deg.  Kom, for alt er gjort ferdig.  Her er noko for munnen. For smak som ikkje misser smaken, for lovsang som ikkje tonar ut: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Her er noko for fantasien: Ein halv ring som fortel at tid og rom er oppheva. Alle slekter til alle tider høyrer med.

Det står der i dag, det som aldri brenn opp.
Det som gjev håp til alle barn som har brent seg og aldri finn den perfekte balansen mellom sakralt og sekulært, heilagt og allment, å vera gudsfolk og vanlegfolk.

Gudstenesten og nattverden har også dette spennet mellom alt det menneskelege som gjer at me kan smila og feira og gle oss, og det heilage som gjer at ord må stilna og gudsnærværet få stille høgtid over seg.

Moses måtte ta av skoa i møtet med det heilage.
Kanskje nokre vil gjera det i dag? 

Truverdige truande søkjer det heilage.  Den mest heilage handlinga.  Der den heilage er den nådige.  Nåden brenn aldri ut, og han fortærer ikkje der han brenn.  Han gjev føter ny og god retning!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone