Kom og sjå!
Joh.1,35-51. 3. sundag i treeiningstida 2015

Kom og sjå!

Av: Stein Ødegård
Publisert 14. Juni 2015
Kva er det med oss menneske som begynnar så tidleg med ønskje om å sjå og oppdaga, bli sett og møtt, glade i å koma, nysgjerrige i å leita, behov for å finna og bli funnen? Me er visst skapte slik!

Eg har gyldne måndagar for tida.  Barnebarn Mari er på lån og mitt ansvar den dagen i veka. Det er mykje kos og litt knall og fall, for slik er det å utforska verda i den siste månaden før du fyller eit år.  Ho har slept seg.  Står og går på eigne bein.  Stabbar stolt rundt på kjende og meir ukjende ruter i huset.   Er det nye skuffer og skap å få opna og rydda og rota i? Oppdagartrangen er grenselaus.  Eg beundrar og passar på.  2 ord brukar eg visst mykje.  Dei oppmuntrar den gode jenta i oppdagargleda si.  Dei avleder oppmerksomhet så ho ikkje trør utforbi alle slags kaikantar med det store gliset om munnen og det harde hylet etterpå.  Eg seier «kom» og ho kjem, eller ho bevilgar seg ein omveg for å markera at ho nyt visse sjølvvalde friheter.  Eller eg seier «sjå» for å stimulera noko å oppdaga eller for å avleda lyster som ikkje er særleg lure.

Det vert mykje «kom» og «sjå».  Ho kjem og ser.  Ho kan ikkje sei orda sjølv med munnen, men ho seier dei med blikket.  Særleg «sjå meg», «titt tei», «er du der?», «ser du meg?»

Kva er det med oss menneske som begynnar så tidleg med ønskje om å sjå og oppdaga, bli sett og møtt, glade i å koma, nysgjerrige i å leita, behov for å finna og bli funnen? 

Me er visst skapte slik!  Og han som har gjort det, gjekk sjølv synleg på jorda ei tid. Ein dag begynte denne «kominga» og «sjåinga» rundt han.  Nokre prøvde ut sine første, nye steg. Johannes har fortalt det i starten av evangeliet sitt, om dei første som kom og såg og vart disiplar.  Det minner om yre utforskingsdagar for ein ettåring.  Startfasen av ei ny tid.  Nye erfaringar skal gjerast, ny tillit skal utviklast, ny identitet skal formast, ny retning i livet er iferd med å bli til.  Legg gjerne merke til kor mange gonger ordet «sjå» er brukt, i alle slags betydningar, sjå, oppdaga, bli sett, sjå meir, sjå større ting, innsjå med trua sitt gode blikk.

Johannes 1,35-51:
Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» «Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

3 inviterande ord kom 2 gonger:  "Kom og sjå!"

Fyrst er det Jesus som brukar dei.  "Kom og sjå" er hans invitasjon til å koma heim til seg, til å koma inn på livet av han, til å verta kjent, til eit måltid og ein samtale.  Det er ord til 2 som er på leiting. Nysgjerrige. Dei har vore i ørkenen og høyrt Johannes døyparen sine kraftige ord om å venda om.  Dei har vorte gripne og har begynt å fylgja han.  Dei har vorte opptatt av budskapet og ikkje av budbæraren.  For den dagen Johannes peikar ut Jesus som Guds offerlam i verda, den dagen bryt dei opp.  Begynnar å fylgja ein ny og ukjend vei som dei ennå ikkje veit noko om.

Kva leitar de etter?
Og Jesus møter dei der dei er.  Han stiller det spørsmålet som er eit av dei djupaste og mest eksistensielle:   "Kva leitar de etter?"  Kva søkjer de?  Kva er de på jakt etter?  Kva vil de finna?  "Kva leitar de etter?"

Slik spør ikkje ein som har tenkt å skaffa seg kjøparar, verva tilhengarar til ei lære eller lura noko innpå offer som eigentleg ikkje er interesserte.  

"Kva leitar de etter?" Jesus er interessert i dei personleg.
Han veit dei følgjer etter, taust eit stykke bak han med sin uklare lengsel.  Nå inviterer han dei til å koma fram og visa ansikt: "Kva leitar de etter?" Det er tydeleg at han ikkje søkjer applaus eller støtte eller sympatisørar utan eigen karakter og vilje. Han bombarderer dei ikkje med alt han vil. Han inviterer til relasjon. Han søkjer dei, slik dei er og der dei er.  Det liknar ein farfar som er fascinert av eit barnebarn sin utforskartrang og gjerne vil stimulera den til å finna trygt og stort landskap å leva i.

Det går an å verta interessert av sånt som dette.  Få lyst til å oppdaga meir.  For invitasjonen er både trygg og triggande:  «Kom og sjå!»

"Kom og sjå?"  Slik fekk dei første vaklande disippelføtene og mange andre begynna på vegen ihop med Jesus. Av eigen frie vilje. Med frihet til å trekkja seg. Med kjennskap som vaks frå dag til dag. Ikkje bombarderte med løfte om gull og grøne skogar, men inviterte til å oppleva frå innsida og ta stilling på fritt grunnlag.

Risikabelt?
Nokre kan gå rundt med ein tanke eller følelse av at det er litt risikabelt å vera for nært innpå Jesus.  Litt redde for at det skal skje meir med meg enn eg eigentleg vil, at eg trør inn i noko som gjer at eg ikkje får vera meg sjøl, og vert riven med i noko eg kanskje vil angra på seinare.  Viss nokon har det slik, så høyr kva Jesus seier:  ”Kva leitar du etter?  Kom og sjå!”  Han har respekt for personen, for det me søkjer av eigen vilje.  Han inviterer til å oppleva fritt og ta stilling med heile vår integritet i behold.  Du og heile deg er viktig for han.  Han vil ikkje ha tilhengjarar, han vil ha meg!  Og eg får koma i mi tid, når eg er klar.

Nokre har opplevd press, ufrihet og ubehagelege kall om å fylgja Jesus når me ikkje var klar og modne for det. Predikantar og overivrige venner var kanskje ensidig prega av måten kallet er skildra  i dei 3 første evangelia. 

Radikalt oppbrot eller prosess?
Viss me les Matteus-,  Markus-, og Lukasevangeliet, så kan me få inntrykk av at kallet til å fylgja Jesus var utruleg radikalt.  Peter lot garna og båten liggja og begynte som menneskefiskar.  Levi stakk av frå tollbua og lot varer og vekslepengar liggja.  Sebedeus sat igjen i båten som det spørsmålstegnet då sønene Jakob og Johannes bare gjekk etter Jesus.  Me får inntrykk av det totalt radikale.  Jesu person åleine skapte den bråe forandringa: "Fylg meg"!  Dei gjorde det til gagns. 

Kjem me over til Johannesevangeliet, så vert dette bildet utdjupa. Jesus sin person er like forvandlande på omverda.  Men det er også andre aktørar.  Tid og modning får spela ein rolle. Omvending er ikkje bare eit punkt, men ein prosess. Vennskap og familierelasjonar er positive bånd.  Rykter og vitnesbyrd gjer si gjerning.  Forvandlinga som skjer, er ikkje bare å kutta det gamle livet. Det er ikkje bare oppbrot frå foreldre, båtar og fiskegarn.  Det er like mykje oppbrot til noko nytt, som det er oppbrot frå noko gammalt.  Me ser spor av det nye i evangeliet for i dag.

Å sjå kven me skal bli.
Det var ein som heitte Simon som vart Peter.  Han vart tipsa av bror sin og  leita og ville og kom og såg.  Kva fekk han oppleva?  Jau, at Jesus såg han, kven han hadde vore til nå…..
Men også noko meir:  Kven han skulle bli.  Ikkje bare vinglepaven, men klippa.

Og skeptikaren Natanael vart overvelda i skepsisen sin fordi han var sett og anerkjent som sannhetssøkjande utan svik, lenge før han sjølv oppdaga Jesus.

Det er ikkje feil å likna fascinerte ungar på 11mnd heile livet.  «Kom og sjå» frå Jesus sin munn stoppar jo ikkje opp.  Det gjeld også oss som går med vaksne, støe steg og har trødd lenge i faste løyper og held på å gløyma oppdagargleda som gjer at Jesus utfordrar oss til å bli som barn igjen.  «Kom og sjå», seier han.  Nye skuffer og skap ventar på å verta opna.  Der finn me fort noko av det som evangeliet for i dag viser:

Ny tru og identitet
Me kan fort finna ny tru.  At me heile tida er sett av dette kjærlege blikket som seier at himmelen er open og større ting i vente.

Så kan me fort oppdaga ei djup side av identiteten vår.  Me er sett av han som ser oss med håp, som ser oss som den me skal bli. Ennå meir oss sjølv når me følgjer han.

Nytt vitnesbyrd
Og så kan me få friska opp det gode vitnesbyrdet. Det rullar vidare frå person til person.  Det er som ein stafettpinne som aldri vil ta slutt. Han går frå Johannes døyparen  til disiplane til Jesus til Andreas til Peter, til Filip, til Natanael og flyt vidare.  Misjonen og evangeliet sin gode stafettpinne. Nye erfaringar av å koma. Nye vitnesbyrd om å sjå kven Jesus er.

"Kom og sjå," er ikkje bare ord frå Jesus.  Det er ord me får lyst til å bruka sjølv.  Me går frå objekt til subjekt for evangeliet.  Me lærer ungane våre ikkje bare å gå, men å leita etter han som finn oss fyrst. Me er Jesus sitt speidande blikk som ser.  Me er hans vennlege stemme som seier «Kom og sjå!»

Er det ikkje slik kyrkja veks?  Desse kvardagssamtalane der bror finn bror, venn finn venn,  er det ikkje det som virkar i dag også?
Er det ikkje det mange kan fortelja at venner og viktige enkeltpersonar betyr meir på vegen til tru og fellesskap enn ord frå ein talarstol?  For venner og folk me har tillit til, kan spegla eit møte med Jesus.

Han som oppriktig spør kva akkurat eg leitar etter.

Han som fritt inviterer til å koma og sjå og ta stilling.

Han som ser, ikkje bare kven me er og korleis me har blitt den me er, men ser kven me kan bli og skal bli.

Når han ser oss med det blikket, då vert det bare godt å fylgja han!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone