Gleda som ventar bak uro
2.sundag i adventstida - Johannes 16,21-24

Gleda som ventar bak uro

Av: Stein Ødegård
Publisert 06. Desember 2015
Vond uro dukkar helst opp i brytningstider. Når det gamle og kjente får besøk av det nye og ukjente. Brytningstider er mat for det urolege hjarta. Men dei er like mykje handlingsrom for Guds rike.

«Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg…»
Ja, visst er ho det.  Og mannen – viss han er der – går og trippar halvkvalm av spenning, mens ho får smerteveene med stadig hyppigare mellomrom.  Uro og spenning fyller lufta.

Kanskje det er den mest allmenne uroen mennesket kjenner.  Den største risikoen og den største gleda.  Tåler kroppen påkjenninga? Går det godt? Med eller utan jordmor.  Med eller utan spesialseng med alt utstyr og ekspertise parat.  Å gje liv er eit risikabelt projekt.  Kvart minutt døyr ei kvinne i komplikasjonar knytta til graviditet og fødsel. 

«Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg…»
Visst er ho det.  Det kjem til å gjera grusomt vondt. Det treng jo ikkje gå godt.  Men viss det går godt, er det den største gleda.

Så Jesus teiknar bildet av ei uro som er reell, men som likevel ber ei djup meining i seg.

Uro me ikkje forstår
Slik er det ikkje med all uro.  Den uroen me ikkje forstår, er verre.  Uro og frykt for det konkrete er lettare å takla enn angst for det ukjente. Smerte me ikkje forstår kva er. Angst der me står utan peikepinn om det kan gå godt til sist.
Denne uroen dukkar helst opp i brytningstider.  Når det gamle og kjente får besøk av det nye og ukjente. Slikt skjer jo i samfunnet og gjer at kulturar og tider endrar levemåte.  Slikt skjer jo i kyrkja og gjer at noko av det me trudde var uforanderleg, likevel endrar seg, og me må skjelna nøyare kva som er sentrum og periferi.

Brytningstider er mat for det urolege hjarta.  Når terrorhandlingar og flyktningstraum i stor målestokk kjem til Europa, vert hjarta uroleg. Kjølig skjelvande av uro, varmt bankande av empati.  Hjartet kjenner den uroen me ikkje heilt forstår.  Og den uroen som anar at her er muligheter, her kan det skapast ny meining, her står det om livet for andre enn meg sjølv.  Tenk om eg kan vera med og «fø» fram nytt liv!

Karin Boye
I 1935 ga den svenske forfattaren Karin Boye ut diktsamlinga: «Før trädets skuld».  Det var brytningstider i Europa og i den kunsten ho var ein del av:

«Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer och det som stänger.»

Uro og flyktningsituasjonen
Det var ein knopp som brast i store deler av Norge i år, då syrarar flykta frå bomber og kuler frå krigen og bukka under for bølger i Middelhavet eller traska vegene nordover i Europa for å finna trygghet og framtid.  Ansikt og situasjon kom så nær at den moralske plikta til å hjelpa og beskytta, vart innlysande.  Og nå i adventstida kjem det nærare, til oss som veit om slikt frå Josef og Maria si reise til Betlehem og flykt til Egypt:  Kva ventar meg der eg kjem?  Er det bibelsk gjestfrihet og tru og medmenneskeleghet sitt humane ansikt, eller folk som går forbi og lukkar augene, redde for sitt eige skinn og helst nok med seg sjølv og sitt og sine.  Det er klart me må visa vennlighet, vera gjestfrie og sjå forbi nasetippen. Me har bud og eksempel frå Mesteren. Gylden regel!

Men det kan jo gjera vondt. Uro for flyktningen sitt liv blandar seg med uro for endring av det Norge me kjenner.  Felles dugnad for dei som treng beskyttelse, krev omprioritering og innsats i heile samfunnet.  Vanskelege politiske val.  Viktige medmenneskelege. Kva kan me gjera, og kva vil me omprioritera for å gjera det? Soknerådet kjem til å vera på.  Over nyåret vert ganske sikkert konkrete utfordringar gitt i dette kyrkjerommet. 

I denne brytningstida, når knoppar brest og naturleg uro kjem over oss og noko gjer vondt uansett:  Kva vil me skal vera det som veks og det som stenger? Vil me la moralsk plikt og lyst til å hjelpa og vera gjestfri vera det som veks? Så ikkje uro får stengja!Dei aktive valga vert viktige.  Og at me har vilje til å sjå og læra og ha hjarte som er varme, ikkje urolege og kalde.

Jesus om uro, sorg og glede
«Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg…» seier Jesus.  Men når ho har fødd barnet, er det gleda som overtek.  Han brukar eit bilde som fortel at brytningstider har eit etterpå.  Og det er godt!  Det er stort!  Uro skal bli til glede!  Sorg til håp!  Det går godt til sist!  Og den som har trua og håpet, har det betre i uroen og smertetidene også.  For risikoen er verd den største gleda:  Eit nytt liv vert fødd.  Ei uroleg, fødande kvinne er gleda sin gode, kalkulerte risiko.

Kvifor fortel Jesus dette? Enkelt sagt:  Det er briefing av disiplane kvelden før det store traumet, då Jesus skal verta arrestert, mishandla og korsfesta.  Han held avskjedstale.  Han brukar bildet av livet eller døden som står og ventar ved fotenden av fødesenga og appliserer det på det som nå skal henda.  Eit drama som står om død og liv.  Ein uro som ikkje skal hysjast ned, men tas på alvor.  Ei glede som ventar.

Men for all del: det skal ikkje vera ein uro som er heilt uforståeleg.  Briefinga fortel at bak det tilsynelatande nederlaget, bak døden som ser ut til å seira, står det nye livet.  Dei skal sjå Jesus igjen og verta hjarteglade. Han briefer dei til oppstandelsen, og oss alle til den store oppstandelsen, når han kjem, og me skal sjå han og ingen kan ta gleda frå oss.

Adventshåpet
Å feira advent er å halda fast på dette håpet!  Adventstida er full av tekstar og helsingar om han som kjem.  Jesus skal venda alle sorger til glede, venda all urett til rett, setja i stand det som me menneske ikkje kan få til, bare begynna på, bare begynna på nytt i når det går galt.  I ei verd prega av krig, liding, konflikt og urett, er det ekstremt godt nytt at det skal gå godt til sist.  At den som trur, skal leva med uro for det som er galt, men ikkje treng lammast.  Sorga skal bli til glede.  Heile skaparverket sine fødselsrier fortel om nytt liv, ny himmel, ny jord. 

Denne sundagen i kyrkja er det oss Jesus held briefing med.  Om du kjenner uro for slikt som kan henda, og om du lurer på om du maktar å la praktisk nestekjærleik ha den plassen i livet som Jesus kallar til, så ikkje gløym:  Det skal gå godt til sist.  Uro og smerte skal ikkje vera utan denne undrande meininga og håpet. Nå bryt det fram.  Kall det så mykje brytningstid du vil, men noko bryt fram.  For han som skal koma, er komen.  Riket som skal koma, er allereie virksomt.  Brytningstider gjev ikkje bare uro, dei er handlingsrom for Guds rike. 

Karin Boye igjen:
«Då, när det er värst och inget hjälper,
brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer at de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden -
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit som skapar världen.

Kvil i den tilliten.  Og våg å ta kalkulert risiko for den største gleda!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone