Å tilgje
10.sundag i treeiningstida 2016. Ef.4,29-32

Å tilgje

Av: Stein Ødegård
Publisert 24. Juli 2016
Hadde tida lækt sår og mildna hat? Var forsoning mogleg? Kunne det utrulege skje at Esau var stor nok til å tilgje og lysten på å vera god bror etter alle desse åra?

Jakob kunne ikkje lenger unngå å møta Esau, tvillingbroren sin.Han var livredd. Han var redd at forsoning var urealistisk og at tilgivelse var uaktuelt – etter mange år i konflikt.  For Jakob hadde lurt bror sin to gonger. Først hadde han loppa han for odelsretten for eit måltid mat då Esau kom svolten heim frå jakt.  Så hadde han lurt far Isak og fått ein blind gammal mann sin velsignelse med svik. Den som Esau, den eldste, skulle ha. Så Esau la Jakob for hat.  Tvillingar som skulle leva som gode brør, var i konflikt.  Den eine var redd og den andre hata. Så Jakob flykta langt heimefrå og etablerte seg med familie i slektningar sin storfamilie.  Der også dreiv han i overkant kreativt og vart ein rik mann med list.  Etterkvart kunne han lesa i blikket til morbror Laban at han levde utrygt, så Jakob flykta for andre gong.  Han fekk med seg konene Lea og Rakel og den store buskapen han meinte han hadde skaffa seg.  Vegen gjekk heimover. Det kom meldingar om at Esau kom mot han med 400 mann. 

Før møtet med bror sin
Ei natt var Jakob åleine og kjempa med ein ukjend mann.  Han ante det var Herren, kjempa til hofta gjekk or ledd og naudba den ukjende:  «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»   Han fekk til svar at han hadde kjempa med Gud og menneske og vunne.  Den natta vart han velsigna og visste at han hadde møtt Gud før han skulle møta Esau. 

Då dagen kom, såg han Esau med 400 mann. Korleis skulle dette gå?  Ville han berga livet? Var Esau blidgjort av store gavar som var sendt føre.  Hadde tida lækt sår og mildna hat?  Var forsoning mulig? Hadde det nattlege møtet med Gud endra noko i Jakob og noko tilsvarande i Esau?  Kunne det utrulege skje at Esau var stor nok til å tilgje og lysten på å vera god bror etter alle desse åra?

1.Mos.33 fortel korleis det gjekk.  For Jakob vart det å koma heim, til bror sin, til seg sjølv, til Gud. Det er som han ser Guds ansikt lysa i bror sin.  Møtet er skildra slik at det liknar på Jesus si likning om den bortkomne sonen som tuslar heim i skam og uro og finn far sine gode auge på han langt borte frå.  Far sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han, slik  Esau gjorde med Jakob. Ein glans av Guds ansikt.  Forsoning og tilgivelse.

Dagens tekst frå Paulus
Når Paulus i efesarbrevet gjev formaningane sine til det nye livet i Kristus, så vert dette kjernen.  Å vera gode med kvarandre og å visa medkjensle får – og skal ha – denne konsekvensen: «så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.»  Paulus vidarefører Jesus sitt budskap og Herrens bøn som knytter Guds tilgivelse og vår tilgivelse i hop.

Å tilgje
Den britiske professoren og forfattaren C.S. Lewis – han med Narniaserien – skreiv eingong:«Alle sier at tilgivelse er en fantast-isk idè, inntil de selv står overfor noen som de må vurdere å tilgi

Tilgivelse kan vera knallvanskeleg. Mykje vanskelegare enn det ein sviken tvillingbror står overfor mange år etter at ungdommen sine synder og uklokskap skjedde. Og tilgivelse kan vera kjempeviktig, ei helbredande kraft som set fri, som gjer at den som ber på ei skuld og den som er krenka, kan få gjenoppretta livet sitt, få nye relasjonar.  Det kan verta forsoning både inni oss og mellom oss og til Gud.

Me snakkar om ei stor kraft i livet, og ei kjernesak i kristen tru.  Så då må de gjerne sitja og tenkja på eit ansikt eller to. Vera konkrete. Ein eg strevar med å tilgje eller går og ventar på ein unnskyldning av.  Kanskje ein som går og ventar på ei utstrekt hånd frå meg. Er eg Esau som skal ta imot bror min som lurte og sveik meg?  Er eg Jakob som går med redde steg på vegen som fører heim?  Prøv å la desse ansikta stå der mens eg seier litt om forsoning og tilgivelse,  det krevjande og livsviktige arbeidet som kjem i etterkant av vonde hendingar.

I Norge fekk me dette opp på nytt i 5-årsmarkeringa for Utøya-terrore, midt i grusomme hendingar i Nice, Tyrkia og München.  I sjokkfasen skal sinne og forferdelse og følelsar få rimeleg fritt utløp.  I ettertida er det refleksjon, lærdommar og verdiar som skal haldast godt fast.  Det gjorde sikkert inntrykk på mange fleire enn meg å lesa sms-meldingane som nå er frigjort og utstilt frå Utøya-kaoset.  Dei  viser ikkje bare den akutte uroen, men også kor enormt viktige dei nære relasjonane våre er.

Terror
På sundagen etter 22.juli kan me ikkje snakka lettvint verken om vondskap eller tilgivelse.  Eg har ikkje lyst til å sei noko som gjer ei einaste hending eller ein einaste vanskeleg relasjon endå vondare og leggja stein til ei bør.  Eg har heller  ikkje lyst til å så tvil om at Guds tilgivelse og nåde er ubetinga og ufortent og ein ufatteleg stor gåve. 

Å tilgje ubetinga
Så då lener eg meg litt til professor Paul Leer Salvesen, som har arbeidd mykje med skuld og soning.   Han sorterer tilgivelse i to typar.  Den eine er den ubetinga tilgivelsen.  Det er tilgivelse som er gitt heilt fritt.  Ein gave.  Rein nåde.  Ein slik tilgivelse er eit under.  Det er ein sånn tilgivelse Gud møter oss med.  Me ser han hos Jesus på korset: «Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer!»  Me ser han av Jesus sitt verk på korset.  I sin grenselause kjærlighet til oss som vender Gud ryggen, rettar Gud einsidig opp det som gjekk galt. Jesus soner for vår skuld.  Gud ønskjer å tilgje.  Ubetinga, fritt.  Ein gåve.  Dette er det kristne evangeliet:  Gud elskar og tilgjev. Ubetinga, av nåde.

Det hender at menneske også kan nærma seg den ubetinga tilgivelsen.  Å velja å gje gaven det er å tilgje.  Å velja det i kjærlighet.  Å velja det i takknemleghet for Gud sin ufattelege nåde mot oss.  Å velja det i ydmykhet, for me veit jo kor skrøpelege me kan vera og bør unna andre den same tilgivelsen som me ønskjer sjølv.  Eller velja å tilgje, sjølv om krenkelsen var så stor at forsoning og vennskap er umuleg og handlinga som vart gjort, alltid vil stå som ei vond handling. 

Men: I den frivillig valde tilgivelsen, som ingen kan kreva av meg, set eg meg sjølv fri frå den som har krenka meg, så fri at vond bitterhet ikkje skal stela resten av livet mitt.  Eg tilgjev for mi skuld. Eg velger å gjera det sjølv om ingen kan kreva det av meg

Å tilgje betinga
Men då er me ganske nær den andre typen tilgivelse.  Den betinga.  Den som handlar om at noko må skje i forkant.  At det er anger og oppgjer, at det er sorg og bønn om tilgivelse.  At tilgivelse vert søkt og ønska.  Kanskje det er rett å sei at Jakob håpte på den betinga tilgivelsen med alle sauene han sende føre seg til Esau, mens Esau ikkje ser ut til bry seg om ein einaste sau og faktisk er klar for ubetinga tilgivelse, den som gjer at ansiktet hans ser ut som Gud sitt.

I dagens evangelietekst kan det høyrast ut som om Jesus ber oss tilgje ubetinga, slik Gud gjer og for at me ikkje skal missa den ubetinga tilgivelsen Gud møter oss med. Men i vidare erspektiv kjenner også bibelen godt til den betinga tilgivelsen.  Der oppgjeret høyrer med og der det handlar om å få makt til å tilgje.

For bibelen seier at Gud tilgjev når me bekjenner syndene våre, ikkje når me benekter at me har synda.  Kva då viss nokon seier til ein som er grovt krenka: Du må tilgje sjølv om krenkaren ikkje erkjenner noko som helst.  Er ikkje kravet om å tilgje då bare ein ny krenkelse?  Å forlanga at eit lidande menneske skal tilgje meir enn Gud gjer?  Tilgivelse dreier seg om skuld som må vera erkjent, bekjent og plassert der ho høyrer heime.  For mange må det samtalar og lang tid til, å tilgje er ein prosess.

Tilgivelse handlar om oppgjer – og det handlar om makt.  For ein dag seier Jesus til ein lam mann – før han helbreder han:  «Syndene dine er tilgitt!»  Farisearar vert rasande og Jesus må forklara at han har fått makt på jorda til å tilgje synder. Den makta har ikkje me fått.  Eg kan bare forkynna Guds tilgivelse og dela ut nattverden og sei fram løftet om tilgivelse i nattverdhandlinga. Sjølv Jesus måtte få makt til å tilgje med guddommeleg autoritet. Så eit menneske må nok også få makt til å makta å tilgje.  Den som er krenka på det djupaste, kan ikkje tilgje før krenkelsen er bearbeidd så godt at det er eiga makt og vilje som seier at eg nå ønskjer å gå tilgivelsen sin veg. 

Å tilgje er å gje
Å tilgje er eit spesialtilfelle av å gje.  Å gje utan å venta å få noko tilbake.

Gud er modellen for det å gje.  Gud gjev ikkje fordi han treng noko tilbake.  Gud gjev fordi han elskar.  Når Jesus døyr på korset, er det Gud si store tilgivelseshandling.  Han set ikkje ein strek over sin rettferdighet, over sin harme over alt som er vondt, galt og krenkande.  Han soner for det sjølv.  Han set oss fri.  Til å leva og vera tilgitte og elska.  Me må gjerne kjenna oss like overraska som Jakob då han møtte Esau, og like velsigna som då han møtte Gud i kampen og natta.

Kor er me denne sundagen?  Er me så prega av Guds ubetinga tilgivelse at me lever forsonleg og søkjer tilgivelse der me kan?  Er det nokon eg har krenka som eg må gå og gjera opp med?  Er det nokon som har retta ut ei hånd og bedd om tilgivelse og som snart bør få det?

Tilgivelse er vanskeleg og livsviktig.  Me vert skada når nokon gjer oss vondt eller me gjer vondt mot dei.  Nokre overgrep er så store at det er psykologisk umuleg å nærma seg tilgivelsen.  Me treng først erfara at Gud held oss i armane sine, at me er verdifulle for Gud, sjølv om me er behandla med forakt, og at det som vart gjort mot oss, også vart gjort som synd mot Gud. 

Men ein dag kan dei varme solstrålene frå Guds tilgivelse, lokka opp ei spire som ønskjer og opnar seg for tilgivelse og forsoning.  Den spira er det vårt ansvar å ikkje kvela.  Det var kanskje slik det gjekk med Esau sitt hat?

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone