Det oppreiste mennesket
Festgudsteneste Time kyrkje. 150 årsjubileum for biskop Peter Hognestad sin fødsel

Det oppreiste mennesket

26.sundag i treeiningstida - Lukas 13,10-17
Av: Stein Ødegård
Publisert 14. November 2016
Me vil ikkje gløyma at det nære ordet inn i kyrkja, bidreg til det oppreiste mennesket ut frå kyrkja. Det har gått meir oppreiste menneske inn og ut av kyrkja, fordi dei næraste orda, dei som byggjer identiteten vår, fekk lyda og tona.

Heile gudsteneste vart filma av Stavanger aftenblad.  Opptaket fins på denne adressen: https://www.aftenbladet.no/kultur/i/zJbGw/Historisk-jubileumsgudstjeneste-pa-landsmaal

Mesteparten av liturgien er frå første norske kyrkjeliturgi på "landsmaal", forma av Peter Hognestad og godkjent til kyrkjeleg bruk i 1907.

Her er preika:

Eit menneske kan vera eit nedbøygd menneske.
Eit menneske kan vera eit oppreist menneske. 
Slik er det i evangelieforteljinga.  Slik er det i livet.
Forskjellen er stor på det nedbøygde og det oppreiste mennesket.
Årsakane til det eine eller andre kan vera mange.

Barndomserfaringane
Det første og viktigaste som gjer eit menneske oppreist, er dei grunnleggjande barndomserfaringane.  Me kjem til verda og møter det som formar oss.  Munn søkjer mat.  Sensitiv hud søkjer berøring.  Musikk roar ned.  Kropp vil i fang. Ansikt  vil bli sett. Øyra fangar lydar og begynnar å utforska språk. Og snart er leik og læring i ferd med å forma det oppreiste mennesket.  Det stabile og stimulerande veks fram av atmosfæren i heimen.  Det næraste er det sterkaste i forminga av det oppreiste mennesket.

Me feirer eit jubileum knytta til ein fødselsdag.  Eit liv som vart til i ein heim med foreldre og søsken.  Me veit ikkje alt om slikt som hende i heimen, men me veit så mykje meir etter Per Halse sin biografi om Peter Hognestad: At det oppreiste mennesket vart til, både hos den eine og andre som vaks opp i Hans Eivindson og Tabitha Pedersdotter sin heim på Hognestadgarden.  Det må ha vore kjærleik som forma trygge personar. Stimulansar som sleppte fram talent, som forma språkevne, muntleg, skriftleg, prosa, poesi, rytme. Ein skapande evne og lyst.  Ein storfamilie med sang og musikk, med salmodikon, cello og fiolin.  Ein heim med leik og utprøving av rollar, slik Peter fant ein stein på Kadlaberget og gjorde han til preikestol og øvingsplass med søskena som kyrkjelyd på tuvene.  Ein heim med utblikk til bygd, samfunn og verd, som gjorde at det var ein oppreist ung mann som fòr til Stavanger, Notodden, Kristiania og Bergen. Han skildra det han fòr med, slik:  “Heime hev eg lært å beda og arbeida,”

Jubileum med rekkevidde
150 år etter er me her i Timekyrkja. Ikkje for å hugsa på noko som var. Me sit her for å markera noko som er, og som gjeld.  Ein oppvekst på ein gard i Time kan bera ei stor framtid i seg.  Me kan kjenna oss meir oppreiste og oppløfta fordi det er på vår jord, i vårt kulturelle jordsmonn at han vart fostra og forma, han som forma så mange fleire for ettertida enn det ein enkelt heim kan.

Det starta i det nære.  Viss dei første lydane, tonane, rytmane og orda har så mykje å seia for utviklinga av eit menneske sin identitet, så er det ikkje rart at den høgst oppegåande Peter Hognestad ser rekkevidden av det,  tek fatt i det, og står på for at morsmålet skal vera språket også utanfor heimen.  At det nære og identitetsskapande også skal prega det som vert lese, sunge og sagt og bedd i kyrkjerommet.  I kyrkja som nettopp er vår mor og starten på vår evige heim, for å vera i dei heilt sentrale kristne metaforane – og ein boktittel og eit program for Peter Hognestad si bispegjerning.

Livsverket
Og slik tok Peter Hognestad fatt på det som mange etter dette jubileet veit meir om: den store innsatsen for nynorsk kyrkjespråk, for å ta i bruk, utforma og gje vidare til etterslekta.  Me brukar orda hans, i den første nynorske liturgien, i salmar han omsette eller redigerte til Nynorsk Salmebok, og i den første nynorske bibelen han var redaktør for.  Me vil ikkje gløyma at det nære ordet inn i kyrkja, bidreg til det oppreiste mennesket ut frå kyrkja.

Det er ikkje muleg å overvurdera kva dette har betydd for utallige kyrkjegjengarar og kyrkjesokn i Norge.  Det er ikkje ein gong sikkert at me er dei beste til å forstå dette i heimbygda på Jæren.  Her vart det Landstads reviderte salmebok som fulgde nynorsk elles i skule og kyrkje.

Men de skulle ha høyrt kommentarane då eg kom til første prestekall i Tokke i Vest-Telemark, til beinkalde vintersundagar januar 1985.  «Og så talar han nynorsk!», sa dei, gløymde kuldegradene og oversåg raust at jærdialekten var langt frå øvre Telemark.  «Og så vil han bu i den gamle prestebustaden ved Lårdal kyrkje!»  Og det var ikkje måte på alt som var greitt, og dei fortalde med lys i auge at den første heile messa på landsmål var halden i Lårdal kyrkje i 1899.  Og at dei snart etter fekk syngja nynorsksalmar av Elias Blix, Bernt Støylen, Anders Hovden og Peter Hognestad.  Og «Leid, milde ljos» og «Fager kveldssol smiler» og «Det hev ei rose sprunge» og «Så tak då mine hender», har dei aldri slutta med. 

Det har gått meir oppreiste menneske inn og ut av kyrkja, fordi dei næraste orda, dei som byggjer identiteten vår, fekk lyda og tona.

Det innkrøkte mennesket
Det oppreiste mennesket.  Ikkje alltid går det slik.  Reformatoren me skal feira neste år, Martin Luther, skildrar syndefallet etter skapinga sitt paradis, som dette at mennesket er innkrøkt i seg sjølv.  Har mista fokus og blikket opp og ut, og helst vender seg innover mot sitt eige ego.

Om det er likt for oss alle at me ber på ein djup grunnskade,  innkrøkte i oss sjølv, så er det nokre som i tillegg vert nedbøygde og nedtrykte i det ytre også. Det set seg i psyke og kropp.

Det nedbøygde mennesket
Evangeliet i dag fortel om dette. Du ser ho heilt sikkert føre deg. Kvinna som gjekk rundt krokrygga i 18 år. Bøygd til jorda.  Smerte og kamp for å lyfta blikket, sjå verda og kunna smila inn i eit ansikt. Ryggen bøygd og blikket naturleg ned, ikkje ut og opp. Til og med når ho søkte Gud i synagogen, heldt eit mannssamfunn med dei fleste definisjonsmakter blikket hennar nede.  Var det ikkje nok at ryggen var krum, så skulle hjarta i tillegg krympast i skam over å verta sett fri på ein heilagdag.

Og slik har det vore sambygdingar og etterslekter etter Peter Hognestad som fekk det menneskelege i seg krympa og trykt ned, på ein måte han ikkje sto for.  Det vide jærlandskapet og norske dalføre var ikkje alltid ein plass der fred og livsmot kunne trivast.  Kulturen var ikkje alle tider open og raus.  Lufta ikkje frisk nok til å pusta fritt i.  Religiøse former og bodskap tvetydige.  Nokre vart oppreiste til nytt liv, andre vart nedtrykte og måtte venda Gud ryggen for å kunna retta han.

Reist opp av Meisteren
Det er stor disharmoni mellom slike kulturerfaringar og den handlinga og korreksen som kjem frå Jesus i teksten for i dag. Jesus dukkar ikkje eit menneske ned, han reiser det opp!  Ei krokrygga og plaga kvinna kallar han fram i lyset. Han ser ho der ho sit anonym og vekkgøymd utan status i det mannsdominerte samfunnet. Kallar ho fram, midt i sentrum av det som skjer, gjev henne den verdien ho var skapt til å ha. Ho vert lyfta fram og opp, til ho står der oppreist og fri, med rett rygg og lyfta blikk.  Reist opp av Meisteren sjølv.  Beskytta av han som set det smålege og livstyngjande på plass.

Så då har eg lyst til å få sagt dette: Det er ikkje bare gode oppvekstmiljø og nære ordformer og raus kultur som byggjer det oppreiste mennesket.  Det er i høgaste grad evangeliet om Jesus som gjer det.  Den frelsande gjerninga frå han som har skapt oss, kjenner oss og elskar oss.  Der Jesus får kalla oss fram til seg og inn i si gjerning, for oss og med oss, er det oppreisning, håp og framtid å venta.

Dette visste Peter Hognestad godt om.  Han tok ikkje bare det nære ordet inn i kyrkja gjennom nynorsk språk.  Det nære språket var berar av innhald, av evangelium, av sentral kristen tru og livstolkning.

Olavsjubileet
Her i Time i sommar fekk me gjennom kulturvandring på olsok innblikk i den store betydninga og det djupe innhaldet i Peter Hognestad sin innsats inn mot det siste leveåret hans, under Olavsjubileet 900 år etter slaget på Stiklestad.  Peter Hognestad heldt den nasjonale høgmessepreika med 40.000 tilhøyrarar som kransa Stiklestad kyrkje.  Han forkynner om å «leva gjennom å døy».  Det sterke innhaldet avsluttar slik:

Her i Stiklestadkyrkja stirer augo paa oss fraa den gamle soga.  Steinen som den døyande Olav halla seg til, segjest vera i kyrkja, anten i altaret eller i muren.  Men endaa meir stirrer spursmaalet paa oss:  Hev du nordmann lært aa døy so Kristus lever, døy til liv for andre?  Dette er sjølve hovudsaki i kristendomen som vaar 900 aar gamle Norske Kyrkja no legg endaa klaarare fram for oss ved Guds ord. 

Å verta oppreist av nåden
Eg trur dette treff midt i kjernen.  Ikkje bare i 1930, men i 2016 også.  Å leva for seg sjølv og realisera seg sjølv har vorte det moderne livsprosjektet der me er våre eigne entreprenørar i å byggja det oppreiste mennesket.  For mange betyr livet bare det me vil det skal bety.  Til slutt vert dette helst eit jag, eit nådelaust prosjekt både mot oss sjølv og mot andre.  Me krummar rygg og vert stressa og lite oppreiste, for alt heng på eigen innsats.   Me vert ikkje særleg gode til å setja andre  – og særleg den svake – før oss sjølve.

Kjære folk.  Me treng evangeliet.  Å verta oppreist av nåden.  Å sjå andre slik Jesus såg dei, kvar einaste som vert krympa av livet og av ukjærlege og lite vise kommentarar.

Biskop Peter Hognestad avsluttar si jubileumspreike slik:
«Ingen hev vore til slik velsigning for vaart norske folk som dei Gud fekk til aa døy fraa seg sjølve og leva for andre».

Oppreiste menneske, ikkje nedbøygde, kallar me slike!
Og takkar for!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone