Fest i Guds hus
Adventsmessa Fest i Guds hus - 3.sundag i advent, Jes.35,3-8

Fest i Guds hus

Av: Stein Ødegård
Publisert 11. Desember 2016
Ein god draum for alle urolege hjarte, at dei finn ein sterkare medisin enn vival og rus og anna som gjer viktige følelsar flate. Ein ekte gudsteneste, der livet får verta ærlege ord å møte Gud med, og der orda vert liv.

Barnekoret har dansa og sunge om lilla advent, om blå himmel og rød kjærleik blanda med litt svart sorg.  Nydeleg song og dans om Jesus som kjem, og me som skal få knela i glede og fred. Lengsel med rød takknemleghet og blått håp, miksa til lilla forventning!

Vaksenkoret har sunge om Paradiset sin port som opnar seg: Nå er Guds rike kome nær og Jesus er vår bror.  Forventning!

Barnekoret har tent lys for alt og alle som er prega av lyset som kjem og bringer himmelen til jord.  Forventning!

Forventning!
Me treng forventninga! Eyvind Skeie som har skrive tekstane til Fest i Guds hus, seier i forordet at dette handlar om å gje den kristne tradisjonen og dei kristne symbola form og stemme i vår tid.  Viss ein generasjon forsømmer dette, eller viss andre former og stemmer har sterkare uttrykk, vil det kristne innslaget i kulturen vår til sist forstumma.  Og han seier at advent og jul i Norge fremdeles har kraft til å påvirka og forma folket vårt.

Det trur eg er sant.  Så mange strøymer til kyrkjene i advent.  Så mange pregar heimane sine med symbol og pynt, stjerner og krans, englar og krybber, sangar og tekstar til advent og jul.  Dette vil me fortsetja med!  Det vert ikkje bare tradisjon.  Me set døra open, så forventninga kan dansa seg inni hjarta!   

Mykje av det som skjer i advent - og i alle fall i denne adventsmessa ropar og lokkar og set igang forventning!

Bibelteksten
Det gjer bibelteksten på 3.sundag i adventstida også.  Eit profetord mange hundre år før Jesus kom.  Ord som kjem med ei  varm forventning og ein veldig visjon….

 3 Styrk dei slappe hender,
          gjer dei ustøe knea sterke!
          
   
 4 Sei til dei urolege hjarta:
          Ver sterke, ikkje redde!
          Sjå, dykkar Gud!
          Han kjem med hemn,
          med gjengjeld frå Gud.
          Sjølv kjem han og frelser dykk.
          
   
 5 Då skal blinde auge opnast
          og dauve øyre latast opp.
          
   
 6 Då skal den lamme springa som ein hjort,
          og tunga til den stumme skal jubla.
          For vatn bryt fram i ørkenen
          og bekker i øydemarka.
          
   
 7 Glødande sand blir til innsjø,
          det tørste land til kjelder med vatn.
          Sjakalars buplass blir ein kvilestad
          der graset gror mellom røyr og siv.
          
   
 8 Og der skal det vera ein veg,
          Den heilage vegen skal han kallast.

Det meste av det viktige i verda og livet har starta med ein draum og ein visjon.  Det er født i lengsel og håp.  Det har aust kraft av ein visjon som kunne begeistra og delast.

Å drøyma om ein gudsteneste
Skal me drøyma nå?
Skal me drøyma om ein gudsteneste som ennå ikkje er feira?Ei adventsmesse som samlar alle slekter og alle generasjonar.  Eit gudsmøte der Ordet frå Gud slår ned og inn i folk som lyttar med heile seg, med opne øyre og dirrande hjarta.  Som drikk Ordet rett frå kjelda av levande vatn, grådigt og takknemleg, med den tørsten som oppstår når me er fortvila, sørgjande, desperate, galtørste.  Livet må ha levande vatn, rett frå kjelda.

Dei er der alle
Skal me drøyma om ein sånn gudsteneste?  Dei er der alle me ønskjer skal vera der.   Barna kjem med lek, latter og lærelyst.  Unge kjem med sug etter å finna seg sjølv, spegla seg i Guds auge, få forma ei framtid med trygg identitet festa i trua på Jesus.  Dei vaksne søkjer ro frå stressa kvardag, den varme nåden og freden som er heilt uavhengig av prestasjonar, krav og produksjonsmål i kvardagen.  Me drøymer dei er der alle, med trong til å kvila i nåden, med glede i gje til andre sitt beste.

Og dei er der, dei gamle som har kome på vaklande bein, vise av erfaring, tynga av livsskjebnen.  Dei mange åra med oppturar og nedturar har sett sine spor og gitt stor livsbagasje.  Me drøymer dei ønskjer å leggja alt i Guds hånd, uansett kva livet har stelt i stand.  Så kraftlause hender og skjelvande kne får ny styrke.

Me får ein god draum for alle urolege hjarte, at dei finn ein sterkare medisin enn vival og rus og anna som gjer viktige følelsar flate.  Me drøymer at urolege hjarte får byta bekymring med bønn, travelhet med tilbedelse,  tvil med tru.

Me drøymer om ein ekte gudsteneste, der livet får verta ærlege ord å møte Gud med, og der orda vert liv.  At Ordet frå Guds eigen munn får nå heilt inn til det urolege hjarta, dei skjelvande kne, dei kraftlause hender.  At alt som høyrer til menneskelivet får noko å støtta seg på, noko å hengje seg til:  ”Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud!”

Visjonen om kyrkja og håpet
Kjære alle de som held fest i Guds hus i dag.  Dette er draumen, visjonen, forventninga.  Dette er kyrkja!  Dette er dei menneska Gud kvar sundag kallar inn til sitt hus og ufatteleg nok reknar som sin kropp i verda.  Jesus sin såra kropp.  Hans blinde, døve, lamme og stumme kropp, som likevel ikkje klarer å slutta å sjå, lytta, gå og tala.  Med kraftlause hender, skjelvande kne og urolege hjarte, ja.  Men mest med ein frimodighet som byggjer på dette eine:  ”Sjå, her er Gud!  Sjølv kjem han og frelser.”

Dette er kyrkja!  Jesus sin draum og Jesus sin kropp i verda.  På ei jord fylt av skaparen si glede. I ei verd prega av mykje som ikkje er av Gud.  Profeten Jesaja skildrar gloande sand og turre landskap der sjakalar jagar for å ta framtid og håp frå oss.  Ærlegt om livet som slit, og visjonært om det som skal bryta fram. «Det tørste land skal bli til kjelder med vatn!»

Kjære venner som trur på Jesus: Dette er visjonen om gudstenestefeiringa der me øver oss i det som det kristne håpet skal koma med.  Dette er draumen om gudstenesten me ennå har til gode.  Glimtet av det som skal koma! Kan hende bønn og arbeid, lengsel og håp fører ennå fleire i alle aldrar og livssituasjonar til kyrkja.  Ver med og be om det.

For me har fått ein visjon og ein draum.  Me er kalt til ein visjon og ein draum.  Ikkje noko mindre enn å delta i den veldige forvandlinga som frelsaren Jesus Kristus har sett i gang på jorda, i vår tid, i vår by, i vår kultur, i vår generasjon.

Den heilage vegen
Noko skal forvandlast.  Jesu etterfylgjarar skal byggja og gå på ein hellig kongevei, langs jærkysten, i asfaltgater, i alt menneskelandskap som har vorte turre øydemarker, av villfaring, sorg og sukk, synd og naud, egoisme og ensomhet.  Profeten har talt til oss med Guds eigen stemme.  Det er Guds draum og vår draum.  Me kjenner at Guds røst berører oss.  Me bøyer oss i ærefrykt og tilber han som har all makt i himmel og på jord. Så kan lovsangen stiga mot Jesus, han som kan forvandla.  Deg.  Kyrkja.  Verda.

Og så kjenner me kanskje at musikken og krafta i denne adventsmessa liknar på noko me ventar og håpar på! Me song det i hop:

”Han kom til verden for å gi oss håp
og møtte oss med lyset i vår dåp.
Så går vi frem i lys av lys fra ham,
som er vår bror, vår Frelser og Guds lam.

Ennå er det advent
Jesus kjem jo.  Ta imot han. For ”ennå er det advent,” skal me syngja når me går ut.  Ennå kan me halda fast på levande tradisjon og tru.  Ennå kan me ha fest i Guds hus og leva som engasjerte kristne i kvardagen. Ennå kan me bidra til å opna opp for Jesus. Ennå kan me sei og syngja: ”Vi lengter etter deg”.  Ei bønn i advent om at Jesus må koma. 

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone