Kjærleik med stor K
1.Kor.13,1-7 Fastelaven 2017

Kjærleik med stor K

Av: Stein Ødegård
Publisert 27. Februar 2017
Slik er kjærleiken. Uunnværleg og uoppnåeleg. Vakker og vanskeleg. Menneskeleg og guddommeleg. Eit høgt ideal og kvardag med brunost og kjærleik på brødskiva.

For ein del år sidan var det leiarseminar i Calcutta.  3000 leiarar frå store deler av verda var i India.  På talarlista sto mange.  Ei av dei var ein lokal person. Ei nonne.  Mor Teresa.  Oppsett med ein times føredrag.

Då tida var inne, kjem den spinkle, aldrande kvinna gåande opp langs benkeradene. Enkel nonnedrakt og sandalar er stor kontrast til dei dresskledde.  Framme på podiet finn ho talarstol og mikrofon og seier: I will speak to you about two topics.  Eg vil snakka med dykk om to emne.  The first is: Do you know your people?  Det første emnet: Kjenner de medarbeidarane dykkar?

The second topic:  Do you love your people?  Det andre emnet: Elskar de medarbeidarane dykkar?

Så la ho til:  Eg vil bruka 30 minutt på dei to emna.  Nå kan de meditera over dei i 30 minutt først

Utfordring frå mor Teresa
Det vart dørgande stilt i den store salen.  Nå nytta det ikkje bare å lytta til eit føredrag.  Nå måtte folk tenkja, reflektera, kjenna etter?  Medarbeidarar sine ansikt dukka opp på netthinna.  Eigne holdningar og prioriteringar måtte få lys på seg.  I 30 minutt sat ledarar og tenkte og mediterte over det som alt startar og ender med.    Kjenner eg folka mine?  Elskar eg dei?  Skandinavar måtte kanskje dempa spørsmålet ned til eit passeleg nivå: Er eg glad i folka mine?

Skal me gjera dette nå også? Ikkje meditera i ein halvtime, men sjå meg rundt.  Ein del av folka mine sit rundt meg?  Familie.  Venner.  Søsken i den verdensvide kyrkja og i vår menighet.  Er eg sikker på at eg har gjort nok for å verta kjend med folka mine?  Kjenner eg?  Kan eg sei at eg elskar dei?

Dette som mor Teresa seier på enklaste måte rett inn i kjernen, det seier apostelen Paulus i det vakraste av alle språk.  Det er poesi med rytme og klang.  Det er budskap med brodd og kraft. Det er ord me umiddelbart forstår og ord som sprengjer sine eigne grenser.  Dei har seinare vorte kalt for kjærleiken sin høgsong….  (Tekst)

Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
          men ikkje har kjærleik,
          då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
          
    
Om eg har profetisk gåve
          og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
          og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
          men ikkje har kjærleik,
          då er eg ingen ting.
          
   
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
          ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
          men ikkje har kjærleik,
          då har eg ingen ting vunne.
          
   
  Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
          misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
          
   
  Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
          er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
          
   
  Han gleder seg ikkje ved urett,
          men gleder seg ved sanninga.
          
   
  Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Kjærleik med menneskeleg eller guddommeleg ansikt
Er det menneske eller Gud som elskar slik som dette? Er det slik me elskar og ønskjer å elska og verta elska på jorda.  Eller er det ein kjærleik mykje større enn min evne til å elska?

Viss me ser kjærleik med menneskeleg ansikt gjennom desse orda, då ser me det som gjer eit menneske verkeleg stort og livet useieleg rikt og viktig. Både å gje og ta imot ein sånn kjærleik som dette gjer mennesket større.

Viss dette er skildringa av kjærleik med guddommeleg ansikt, så er det sant at han er større enn min evne til å elska.  Det er kjærleiken eg får ta imot, ja leva på.  Livet og nåden eg har fått og  er elska inn i.  Og kanskje kan det skje eit og anna ørlite kvardagsunder, at eg kan få gitt vidare noko som gjer det lettare for andre å tru, elska og håpa.

Det beste du har fått og gitt
Kva ansikt ser me føre oss?  Kva ansikt dukkar opp og står der for oss?   Er det nokon her?  Viss du tenkjer på nokon her, kan du senda eit godt blikk. La auge møtast i eit smil.  Er det andre du tenkjer på, kan du smila inni deg.   Tenk at eg har fått så mykje? Eller at eg har gitt mykje?  Den andre sitt ansikt  står for kjærleik du har gitt og kjenner på?  Eller kjærleik du har fått, kanskje så mykje av han at han har gjort deg til den du er.  Det kan vera at me må streifa innom tanken at her har eg jammen hatt mykje strev! For samliv og oppdragelse og forhold til foreldre, barn, tenåringar, ektefelle og venner går jo ikkje av seg sjølv.  Av og til må me investera stort.  Nokon gonger må me tilgje og hindra det bitre i å gro fast.  Slik er kjærleiken. Uunnværleg og uoppnåeleg. Vakker og vanskeleg. Menneskeleg og guddommeleg.  Eit høgt ideal og kvardag med brunost og kjærleik på brødskiva.

Er det dei andre sitt ansikt du ser i dag? Dei nære ansikta?  Takknemleghet for dei som hadde tid og raushet og såg og backa deg?  Savn og sår frå dei som skuffa deg?  Lett blanding?

Speil eller stjerne
Eller er det ditt eige ansikt du ser? 
Det går jo an å måla livet mitt på denne teksten.  La han vera eit speil.  Ikkje bare eit lys å gå etter.  Ikkje bare ei stjerne å navigera etter.  Men eit speil.  Prøv å setja navnet ditt inn i midtpartiet og kjenn etter korleis det høyrest ut…

Nei, huff!  Dette glapp jo i startblokka.  Denne kjærleiken er større enn meg, større enn nokon.  Det er nok å ha desse orda som ei stjerne å navigera etter.  Dei var jo slik dei fann fram på land og hav i gamle dagar.  Poenget var å styra etter stjernene, ikkje prøva å klatra opp til dei, det hadde gått heilt galt.

Det er nok eit anna ansikt enn mitt som skal inn her.  Eit som passar.  Jesus sitt ansikt.  Jesus ser dei som andre lett overser. Jesus spør interessert kva eg vil og ønskjer. Jesus grip inn der kjærleiken vår glepp.  Jesus elskar oss så høgt at han går god for oss med sitt liv, blødande og tungpusta på eit kors.  Eg ser ikkje nokon bibelbeskrivelse av Jesus som gjer at han ikkje skulle passa inn med navn i desse orda om kjærligheten.

Filos - eros - agape
Nokre har lese og høyrt at gresk har 3 ord for kjærleik der me har eitt.  Filos – vennekjærleiken.  Eros – kjærleiken som brusar av følelsar og lyst.  Og Agape som er den uselviske kjærleiken som forpliktar seg i handling til beste for andre. 

Paulus skriv om agapekjærleiken i dag.  På ein måte som gjer at det er sjølvinnlysande rett og godt.  Det er slik me lengtar etter å ta imot og gje vidare sann kjærleik. 
Korleis får me meir av han?  Korleis kan han prega oss? 

Det som Jesus bed om
Akkurat i dag kan me lytta til det som Jesus sjølv bed om.  Johannesevangeliet kapittel 17 har plassert ei lang bønn av Jesus i tidsbolken der dei andre evangelia fortel om bønnekampen i Getsemanehagen den siste kvelden.  Tema for Jesus si bønn er også kjærleik.  Han avsluttar med å fortelja kor elska han er og kor mykje han sjølv ønskjer å elska og trekkja oss inn i denne store guddommelege kjærleiken. Så den kjærleiken Gud Fader har hatt til han, Sonen, kan vera i alle som trur, og Jesus sjølv vera i oss.

Dette er mystisk språk.  La gå.  Ei side av trua og kjærleiken er mystisk.  Jesus kallar det å vera eitt.  Og det er det Jesus bed om.  At me skal vera eitt.

Å vera eitt
Den bønna har vorte viktig for meg den tida eg har vore i Bryne. Kristne er kalte til å vera eitt.  Til å la kjærleiken binda oss i hop.  Det er ekstra viktig når ting røyner på. Når uenighet og ulik praksis set skiljer, skal det ikkje få gå på kjærleiken laus, på det sentrale i evangeliet som kristne har felles, på kallet til å vitna,  ikkje bare med ord, men med praktisert kjærleik: at Jesus er sendt av Gud. Den guddommelege kjærleiken me lengtar etter og treng, den som heiter nåde, tilgivelse og håp, har Jesus sitt ansikt.
Den store kjærleiken er noko me får i gåve.


Kjærleik i eigenproduksjon
Vil me begynna å produsera han sjølv, forvrenger me han bare.

Då vert me sjølvsikre og fulle av åndeleg hovmod:
Om eg taler med mennesketunger og engletunger

Eller me vert ubehagelege og vanskeleg verdensmestrar:
Om eg kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap

Eller me tyner oss sjølv og andre med Messiaskompleks:
Om eg har all tru så eg kan flytta fjell

Eller me slit oss utbrende i hjelpersyndrom: 
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige… 

Eller me driv asketisk sjølvplaging, som fort kan vera sjukeleg oppmerksomhetstrang:
Om eg gjev meg sjølv til å brennast

Å produsera kjærleiken med eigen innsats forvrenger fort det meste. Slikt byggjer først og helst eige sjølvbilde og suger livskrafta ut av dei som skal sjå på - eller verta offer for slike monster i det ekstraordinære . 

Det beste eg får og det beste eg gjev
Nei, den kjærleiken me får av Kristus, den søkjer verken C-moment for publikum eller sitt eige. Kjærligheten er tålmodig og velvillig, fordi han har møtt tålmod og velvilje når han var skral og veik. Den gøymer ikkje på det vonde, han har jo sjølv vorte til ved å møta tilgivelse.  Han har si glede i sanninga, for det var sanninga som sette han fri.  Kjærleiken er ein gave me tek imot, og han vert heil først når me gjev han fritt vidare.  Han er det beste eg får og det beste eg gjev, både når han har gudommeleg og når han har menneskeleg ansikt. 

Sørg for å ta imot kjærleiken.  Då er du kjent og elska, slik moder Teresa legg vekt på.

Sørg for å gje han vidare.  Då er det du som kjenner og elskar.  Og plutseleg er me eitt med han som er eitt med Gud, han som er det beste verda kan tru på.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone