Langfredag eller Good Friday
Langfredag 2017. Lukas 22,39 - 23,46

Langfredag eller Good Friday

Av: Stein Ødegård
Publisert 19. April 2017
Palmesundag blei 44 drepne og over 100 skada i terrorangrep mot to kyrkjer i Egypt. Biskop Thomas i den koptiske kyrkja fortel at kyrkjene var fulle av kristne i bønn kvelden etter angrepa. Han seier: «Vi bærer korset i smerte og tårer. Men vi er ikke redde. Vi stoler på Gud.»

Det skjedde i eit hus som låg i le ute ved havet. Bestefar var komen i senga. Gammal, trøtt og sjuk. Han visste godt sjølv at her kom han først ifrå når han skulle berast ut av stova. "Det tyngste", sa han ein dag, "er mest det at eg aldri meir skal få sjå havet."
Nokre timar seinare stiller barnebarnet seg opp ved senga. Forsiktig ber han på ein kopp. Den hadde han vore og fylt i sjøen.  "Bestefar", sa han, "sjå her kjem eg med havet til deg!"  

Å vera forkynnar i påsken er å befinna seg i same situasjon som denne gutten. Å ha så lyst til å gje, men det å finna ord til det dramaet me nå har lese, det er som å stilla med ein kopp med vatn av det store havet. Ingen kan måla djubdene i det Jesus måtte li. Det er bare i småglimt me kan ana kor langt inn i stengde rom me er elska.

Men me får eit sterkt vitnesbyrd frå kristne trussøsken.
Palmesundag blei 44 drepne og over 100 skada i terrorangrep mot to kyrkjer i Egypt.  Biskop Thomas i den koptiske kyrkja fortel at folk ikkje skygga unna, men at kyrkjene var fulle av kristne i bønn kvelden etter angrepa.  Han seier: «Vi bærer korset i smerte og tårer. Men vi er ikke redde.  Vi stoler på Gud.»

Dei ser visst havet, ikkje bare koppen, same kor bittert innhaldet vert.

Ingen fattar det...
Lukasevangeliet understreker det alle evangelistane er samstemte om. På langfredag er rekkevidden av det som skjer, skjult for dei fleste. Dei ser ikkje koppen ein gong. Orkesterplass til begivenhetene gjev ikkje klarsyn. Dei åndelege veiledarane er blinde, sjølv om Jesus ope bar fram budskapet sitt på tempelplassen. Judas var blind sjølv om var innvia i så mykje. Peter såg ikkje rekkevidden av den bekjennelsen han hadde avlagt til Jesus. Dei politiske ledarane hadde  gangsyn nok til å forstå at dei hadde med ein uskuldig mann å gjera, men ikkje at han var Guds Son. Soldaten ved foten av korset og den eine forbrytaren på nabokorset ser og høyrer, men dei fattar ikkje. Ikkje eingong Djevelen innser kva som skjer, han som trudde at han hadde vunne når Jesus døyr.

Den einaste som virkar som han forstår noko er den andre forbrytaren. Han innser at han sjølv treng meir hjelp enn Jesus gjer. Og om han neppe anar dei teologiske djupa i det som skjer på korset, så forstår han det viktigaste: Sin eigen situasjon. Og at Jesus er håpet.

Når eg skal be om å få sjå ein liten kopp av det store havet som langfredag er, då ber eg også om å få sjå min eigen situasjon, og søkja tilflukt og håp hos Jesus.

Ser me vår eigen situasjon?
Det er i tilfelle det som gjer det rett å kalla dagen langfredag og ikkje Good Friday, som andre gjer. Langfredag var lang for Jesus, og det er ein lang og tung øvelse å leva seg inn i den ufattelege fysiske, psykiske og åndelege pina Jesus måtte gjennom denne dagen. Ennå tyngre er det å finna igjen sine eigne ansiktstrekk i dei som påfører Jesus dette.

Langfredag avdekker summen av verda sin vondskap. Og mine bidrag er tydelege. Skuffelsen, bitterheten og lysten til eigen vinning når eg med Judas ikkje når fram med mine planar for det som skal gjera verda betre. Svik skjult bak glatte smil. Visst er kjødet skrøpeleg både med og uten villig ånd når nokre treng meg til å vaka og be med seg. Visst er det den vanskelegaste bønna å be at min Fars vilje må skje og ikkje min eigen. Visst tek eg minste motstands veg og flyktar unna når det kostar for mykje å visa trua fram. Eller eg går rett i fella som Peter, sjølv om eg har vorte advart. Eg styrte mot fristelsen. Eg heldt meg ikkje unna ein situasjon eg burde vita at eg var for svak i.    

Og slik kan me visst ta for oss etappe etter etappe i det som skjer, i Getsemane der kampen står, på Gabbata der dommen vert felt, på Golgata der det beste liv av alle, vert drepe. Summen av menneskeleg vondskap kjem til syne. Misunning hos dei religiøse ledarane. Maktbegjær og ønskjet om å stå på godfot med folket hjå dei politiske ledarane. Dei bergar alle sitt eige skinn for noko som vart viktigare enn Jesus. Til slutt fekk mobben og skriket overtaket. Det som aldri tek slutt. Vårt skrik. Vårt opprør mot Gud. Vår evne til å skrika med når me trur det lønner seg. Ikkje ein sto opp og tok opp kampen.         

Langfredag eller Good Friday?
Langfredag er ein mørk og svart dag i kapitlet om oss menneske. Men han er ein stor og lys dag likevel. Han er Good Friday. For midt i dette kaoset av vondskap, er det ein som er annleis. Ein som ikkje vert fanga av det, sjølv om han var den første me ville ha unnskylda. "Å kjærleiks djup, å miskunns drott!" (Norsk Salmebok 170 v.4)

I Lukasevangeliet stig dette lyset fram i dei 3 orda som er gjengitt av Jesus på korset. 3 utsagn som fortel at langfredag er noko mykje meir enn sviket og vondskapen sin dag. Dei fortel om det som er redninga for våre halve og veike liv.

1) DET FØRSTE ORDET FORTEL AT LANGFREDAG ER TILGIVELSEN SIN DAG.

"Far, tilgjev dei.....
Kan du fatta det?  At han gjorde det?  At det ikkje bare var ord, men noko han meinte?  Mens naglane dreiv inn i hud, senar og bein, mens tornene pressa i tinningen og spottord hagla og terningane låg klar til å kastast om kleda hans.

"Far, tilgjev dei..... Eg fattar ikkje kjærleiken som ligg i dei orda. Men noko anar eg: Langfredag er tilgivelsen sin dag. Så om å gjera for Jesus var dette med tilgivelse. Frå den første dagen då han gjekk inn under kallet sitt, såg Johannes døyparen inn i augene før han nærmast tvinga han til å døypa seg i Jordan: "Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd."  Han tok på seg å oppfylla Guds lov. Det første ordet på korset er det klaraste ordet om at han fullførte det han begynte på. Og så er det forkynning om kva korset er: Korset bringer Guds tilgivelse til oss som så sårt treng tilgivelse, som ikkje oppfyller Guds rettferd, som stadig praktiserer den synda som sende Jesus til korset. Korset ropar kor nødvendig det er å verta tilgitt.  Og kunne Jesus tilgje dei som nagla han fast til korset, så trur eg at han også kan tilgje meg!

2) DET ANDRE ORDET PÅ KORSET FORTEL AT LANGFREDAG ER FRELSA SIN DAG. 

"Sanneleg, i dag....
Jesus har ikkje nok med seg sjølv. Han heng der for andre. For meg og deg. Lukas understrekar dette med å fortelja om dei 2 som vart korsfesta samtidig med Jesus. Dei 2 er sjølve testspørsmålet på rekkevidden i Jesu død på korset. Kan Jesus frelsa? Kan han frelsa slike?  Vil han? 2 menneske med eit forfeila liv. Ingen fortid å visa til. Ingen framtid å lova bot og bedring i. Øyeblikket er der og då. Kan og vil Jesus frelsa? Kan han frelsa dei, så kan han også frelsa oss! Kan og vil han?

Ja, viss dei vil. Den eine grip ikkje anledningen. Den andre gjer det med ei enkel bønn om å verta huska på. Det er nok!

For korset er resten!  Eller rettare sagt: Korset er alt. Vegen inn til Gud er åpna. Frelsa er ein mulighet.

Ekstra tydeleg vert dette i

3) DET TREDJE ORDET, SOM FORTEL AT LANGFREDAG ER FORSONINGA SIN DAG.

"Far, i dine hender...."
Jesus døyr trygg. Med tillit. Etter kampen i Getsemane. Etter arrestasjon og dom og ensomhet og spott og slag og kors, har han til sist eitt budskap i det siste sukket. Han har utført det han kom for. Han har sona for alle synder. Forsoninga er ein realitet. Forhenget i templet rivnar. Offeret for våre synder er gitt. Alt det Gud krev av oss, har Jesus gitt.      

Så stoppar eg til sist der og skjelv. Guds hellighet er alvor. Hans kjærleik er ennå større. Og hans veier er ufattelege. Han kan bruka menneske sin verste vondskap og bøyer det alt til å tena sine planar. Eg forstår det ikkje. Det er som å ausa opp havet med kopp. Eg fattar ikkje djupet i Guds nåde og kjærleik.

Men eg takkar for det eg anar litt av. At forsoninga med Gud er ein realitet. At frelsa er ein mulighet. Og eg veit at tilgivelse er heilt nødvendig!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone