TalentFoto: Photo by Samuel Castro on Unsplash
Matteus 25,14-30. Konfirmantpresentasjon 13.sundag i treeiningstida

Talent

Av: Stein Ødegård
Publisert 06. September 2017
Har du tenkt at du gjerne skulle ha vore ein annan? Hatt andre og fleire talentar? Hatt eit anna utgangspunkt? Vore litt meir som andre?

«Norske talentar» står på ein scene. Kven som helst av oss kan få han opp på ein skjerm.  Dei viser fram talentet sitt, og måten dei har utvikla det og tek det i bruk på. Skjulte talent og nye talent kjem fram i dagen.  Å ha eit talent og ta det i bruk og visa det fram er både kick, adrenalin, skummelt og risikabelt. 

Å oppdaga eit talent
Det skjer ikkje bare på scenar og konkurransar. 
Me oppdagar våre eigne talent.  Skule og idrett og kultur vil utvikla dei.  Nokre driv talentspeiding.  I kyrkja er me i hop om å byggja fellesskap som fører til tru, håp og kjærleik.  Me trur at Gud gjev og me får dela, og så bruker me talent, gavar, yrkesbakgrunn og nådegavar i retning av det som Paulus fortalde i brevet til romarane.  Når me startar eit konfirmantår, vert me ledarar kjempefascinerte over alle talenta, kor mange ressursar som bur i kroppane og tankane og ferdighetene til de som bare har levd 14-15 år.

Herleg og risikabelt
Å ha fått eit talent er herleg, og det er risikabelt. 
Ser me «Norske talentar» på skjermen, ser me korleis talentar vert bedømt og belønna.  Nokre gonger vert me glade av å sjå på, andre gonger provoserte. Av og til vert me også triste. Både på skjerm og i det daglege skjemmest og lid me når nokre ikkje har talent til å løysa den oppgava dei har fått, eller når nokon ikkje vert belønna slik dei burde for talentet sitt, eller faktisk ikkje tek i bruk det talentet dei opplagt har fått.  Gjennom slike ting ser og lærer me noko som Jesus også er inne på i likninga han fortel:

Å ha eit talent betyr ikkje at me automatisk lukkast.
Talentet er ingen garanti. Det er noe meir som trengs.
Å ha eit talent er derfor eit risikabelt prosjekt, både for dei me høyrer om i dagens tekst og for alle oss andre, anten me har få eller mange talent.  Me har fått noko som krev noko av oss.

Å få mykje
Syns du at du har fått mykje? Tenkjer du at Gud har vore god mot deg? 
At du har fått mykje godt rundt deg, og at du ber noko i deg som er ein gave, eit talent?  «Flaks,» kan du sei.  «Tilfeldig,» kan du sei. «Vilje og hardt arbeid,» kan du sei. «Fordi du fortjener det,» kan du sei.  Eller uflaks og ufortent.  Eller nåde!

Det er ein som har noko han vil sei deg om det.  Han omforma kyrkja og samfunnet for 500 år sidan, og skreiv eit lite skrift som heilt til våre dagar har lært folk opp til å tru at Gud har vore god mot meg.  Han heiter Martin Luther og han har forklart i sin vesle katekisme kva det betyr å sei at eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord:

«Eg trur at Gud har skapt meg og alle andre skapningar.
Han har gjeve meg kropp og sjel, vit og sansar, og held alt dette ved lag.»

Å vilja vera ein annan
Me har fått og får ufatteleg mykje i sjølve livet. Me har fått mykje meir enn talenta våre, ja mest uforskamma mykje i den delen av verda og historien som heiter Norge i 2017. Me sluttar vel ikkje å tenkja at Gud har vore god og er god?

Eller har du tenkt at du gjerne skulle ha vore ein annan?
Hatt andre og fleire talentar?  Hatt eit anna utgangspunkt?  Vore litt meir som andre?

Ja, for det er jo nokre som virkar grådig godt utrusta og ser ut til å mestra det meste, og det gror rundt dei.  Dei har evner, sjølvtillit og midler å rutta med.  Dei slepp til i oppgaver og får feedback og oppmerksomhet som aukar sjølvbildet og gjev ny energi.  Dei lukkast og ser lukkelege ut og pilene peiker visst bare til himmels!

Har du først begynt å måla deg sjølv med ein eller fem av desse multitalenta, då er det fort gjort å stressa deg sjuk med å verta lik, eller deppa deg så nedpå at du tenkjer du kan ingenting, og det vesle du kan, betyr så lite, og ingen har vondt av at eit stakkars talent vert sett på vent til betre tider.

Hindringar og motgang
Andre prøver å ta i bruk talentet sitt, men det lukkast lite. 
Livet tek ei anna retning. Noko kjem i vegen.  Helse, arbeidsmarked, urett,  intrigar og motgang.  Det er ganske dramatisk å ikkje få utfolda talenta sine.  Tenk bare på alle dei som vert født under vanskelege sosiale forhold, i flyktningeleirar, der dei har krig, svolt og fattigdom på den skjeva dei ikkje har.

Har likninga til Jesus noko å sei til dette?  Om dei som vert hindra i å utvikla og bruka det dei har fått – eller vert halvsjuke av å samanlikna seg.  Ja, Jesus fortel i alle fall om ein mann som er eit bilde på Gud.  Når han reiser utenlands, så deler han ut talentar etter det som kvar enkelt duger til.  Han forstår korleis me har det, kva kapasitet me har, kva livssituasjon me er i.

Ein Gud med gode auge
Me har ein Gud som ser oss med gode auge.

Me har ein Gud som forstår når noko ikkje vert heilt som me skulle ønska. Sjølv om me ikkje alltid ser og erfarer det like sterkt, så er me utrusta og omgitt av han som elskar oss, som held alle like verdifulle.

Jesus har vist oss kven Gud er!  For han er me meir enn gode nok.  Me er ikkje elska for det me presterer og får til, men fordi han gav livet for oss og vil gje oss sin kjærlighet. Ein rein gåve som ingen kan fortena, det er nåde åleine!  Det også har Martin Luther lært oss noko viktig om!

Veit du at du er elska? Veit du at det du har, har du fått?

Då har du eit fantastisk utgangspunkt for å gle deg over talenta dine og bruka dei utan å skjemmast, utan å samanlikna deg med andre, utan å halda igjen, utan å måtta tenkja at du står på den store talentscenen og ventar på den store applausen eller den grusomme dommen.

Å leva det livet som er vårt
Det er jo ikkje slik at nokre har og andre ikkje har.  Alle
har – eit liv.  Sitt liv.  Liva er bare ikkje like, verken i evnene me har fått, oppgåvene me får å løysa, påkjenningane som møter oss, ressursane me eig og resultata me oppnår.  Mykje er forskjellig, men det viktigaste har me fått alle.  Eit liv å leva, oppgaver å løysa, evner å forvalta.  Til ære for Gud som har skapt oss.  Til beste for andre rundt oss.  Kyrkja treng oss.  Samfunnet treng oss. Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad.  Ikkje å verta beundra og vinna i konkurransen.

Teksten for i dag advarer mot å grava ned det eg har, fordi eg er redd for at det ikkje er godt nok eller stort nok eller viktig nok.  Ikkje grav ned talentet ditt.  Bruk det.  Nokre treng deg, du har sjøl godt av å bruka det.  Gud vil det. Du treng ikkje vera redd for at Gud krev det umulege. Det er det mulege han ventar av oss.

Er det ein ting eg trur om Gud, så er det at han veit nøyaktig kva han gjer når han har skapt oss så forskjellige og unike.  Ikkje prøv å vera ein dårleg kopi av andre i plassen for ein strålande original. 

Du har fått så mykje!  Bruk det i takk og truskap og teneste som byggjer deg og andre og kyrkja og samfunnet opp!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone