Lengsel og lovsangFoto: BibelTypografi
16.sundag i treeiningstida 2017, Markus 7,31-37

Lengsel og lovsang

Av: Stein Ødegård
Publisert 27. September 2017
Det er lengselen som gjer mennesket så unikt. Det er Jesus sitt møte med lengselen som gjer han så unik. Sjå han føre deg nå, ansikt til ansikt med ein isolert, døvstum mann.

«Be, så skal du få.  Leit, så skal du finna.  Banka på, så skal det lukkast opp for deg

Gjennom dagens 3 bibeltekstar har dette oppmuntrande ordet av Jesus i Bergpreika allereie fått farge og tonar, kjøt og blod, ansikt og forteljingar.  Be, leit, bank på. Slik som me menneske – og eit heilt skaparverk - gjer, ropar og sukkar.  Slik som Gud svarar og vil la oss få, finna og få lukka opp noko som var stengt.  Mykje i livet startar i lengsel, med bønn.  Noko ender i lovsang.

Å be og leita og banka på kan vera ei livbøye som bergar oss frå å gå under, å halda fast håpet når me vert Guds born heilt og fullt, og kroppen vår sett fri. Å be og leita og banka på kan òg vera heilt fjerne greier.  Slik det lett skjer når me har det absolutt mest godt og Guds godhet er aust over oss  i slike mengdar at me heller takkar enn å ropa, viss me i det heile er vakne for Guds godhet.

I dag skal me be og leita og banka på, i hop med ein salmediktar, eit sukkande skaparverk og ein mann som er døv og slit med å snakka reint og forståeleg.

Å vera menneske
Me må dette, for det er slik å vera menneske. 
I ei ny bok om mennesket som heiter «Sapiens» skriv forfattaren Harari om kva det er me oss menneske i forhold til andre skapningar.  Han skriv
at me menneske har ein heilt eneståande evne til å sjå føre oss det som ikkje fins.

Me kan gjerne kalla dette for evnen vår til å drøyma eller skapa fantasiar.  Det vert bekymringar og håp av slikt.  Driv til å planleggja.  Rett og slett lengsel.

Evnen til å lengta er noko av det som skil oss frå dyr.  Evnen til å lengta er for dei som er skapt i Guds bilde, og for mennesket som er jaga ut av paradiset, som har mista og misser, som har sår i sjela og skadar i kroppen, som har mista den djupe meininga i livsforteljinga og har like mykje smerte som glede i evnen vår til å sjå føre oss det som ikkje fins.

Lengselen er ein del av adelsmerket vårt.  Sukket. Ropet. Bønna. Be. Leita. Banka på. 

Å dela eit sukk
I dag høyrer me at Jesus deler dette sukket med oss.  

Han står der ved sida av ein funksjonshemma og løftar blikket mot himmelen slik mange gjer.  Han sukkar, slik mange gjer.  Sukk i sorg.  Eller sukk i medfølelse.  Eller sukk til Far i himmelen.  Eller helst alt i hop.  Sjå han føre deg.  Det er hans sukk og vårt sukk. Hans løfta blikk og vår lengsel som me ber på.  Han står der overfor ein sjuk og lengtande mann.  Han er sann Gud og sant menneske, han som sukker med oss og over oss, han som forener det som menneske lir under og lengtar etter, med det som Gud sjølv sukkar for og lengtar etter å bytta ut med lovsang.

Nå ser me Jesus føre oss og ventar på kva som skjer…
Korleis handlar han med ein døvstum som ikkje kan høyra verken orda eller sukket?  Korleis handlar han med oss andre døve og lengtande? 

Å vera døvstum
For det å vera døvstum betyr at ei dør til livet er lukka. 
Ein av hovudsansane mangla. Han kunne ikkje høyra. Fuglesang og musikk visste han ikkje kva var.  Andre sine ord kunne han ikkje forstå.  Han var ramma midt i det som er så viktig for å oppleva livet sin storhet.  Muligheten for fellesskap var sterkt redusert.  Ensomhet låg stadig på lur.  Isolasjon og tap av kontakt var kjende erfaringar. 

Ei dør til livet var lukka. Den neste døra står bare halvåpen.  Kan du ikkje høyra, så er det vondt å finna dei rette lydane som gjer at det du vil uttrykkja, vert oppfatta og forstått.  Kommunikasjonen er strevsom, begrensa og ustabil.

Ein viktig kanal inn er stengt av, kanalen ut har ei blokkering.  Når me slit med kommunikasjonen, tappast lett relasjonane mellom oss for glede og meining.  Menneskelivet er ikkje heilt når me ikkje får med oss det andre seier, og når vår eigen stemme slit med å koma til uttrykk.

Sånt kan skje fysisk i form av skadar i sanseapparatet vårt.  Sånt kan skje mentalt. Me snakka om det i gudstenestegruppa, at det går an å verta stum av psykisk smerte og døv for det gode som andre menneske og Gud vil gje oss. Opplevingar, traumer og erfaringar kan begrensa lytteevnen og forstyrra taleevnen.  Eit samfunn med mykje støy, opphopning av bildeinntrykk og ustoppelege rop om det du kan kjøpa og har tilgode å oppleva, gjer det vanskeleg å sortera ut kva som er verd å lytta til.  Støy stel stillhet.  Dette er alvorleg. For den som ikkje får til å lytta, misser evnen til å sei det som er verd å lytta til. Noko er ikkje heilt.  Noko er lukka igjen.

Kva er det som er stengt og lukka slik me erfarer det? Kva er den djupe gjørma som gjer at føtter slit med å finna fotfeste på fjell.  Kor er øyreproppane som gjer at eg ikkje får med meg kva andre seier og kva Gud vil meg? 

Mens du tenkjer, høyr kva Jesus seier: «Be, så skal du få.  Leit, så skal du finna.  Banka på, så skal det lukkast opp for deg

Å bli teken til side med Jesus
Det er lengselen som gjer mennesket så unikt. 
Det er Jesus sitt møte med lengselen som gjer han så unik.  Sjå han føre deg nå. 
Han står ansikt til ansikt med denne isolerte, døvstumme mannen.  Det er han som lengtar som betyr noko nå.  Han først.  "Jesus tok han med seg bort frå folket." Ville vera åleine med han. Ta seg av han. La han merka og kjenna og leva på at Jesus brydde seg om akkurat han.

Sjå kva som skjer.  Det er omsorg for heile mennesket. Det er ikkje begrensa til åndelege trøsteord. Jesus tek seg av kroppen. Berører det som er problemet. Han ser mannen si store nød. Ser at portane til livet er stengde. Øyrene registrerer ikkje livet utanfor. Tunga får ikkje gje uttrykk for livet innanfor. Han er isolert og plaga av at portane til Gud og menneske er lukka, mykje meir enn det som er godt.

"Effata - lat deg opp!" seier Jesus. "Heile deg"! Og det ufattelege skjer at livet startar på nytt.

Også i dag ønskjer Jesus å ta den enkelte av oss til side og hjelpa oss med livet vårt. For det er bare å innrømma det: Me har problem med hørselen alle som ein. Ofte fordi så mykje går inn at me ikkje maktar å sortera ut det viktigaste. Tonen frå himmelen er vanskeleg å få tak i. Skrika frå dei som lid og har det vondt, har så vondt for å nå inn. Ofte er me døve for stemmen frå både Gud og medmenneske. Og fordi me har vondt for å høyra, har me vondt for å snakka, vert tause om det verkelege livet vårt, lukka til i forhold til Gud og kvarandre.

Me treng verkeleg å koma vekk frå mengda, inn i det personlege møtet med Jesus. I tid med han. Der livet vårt kan verta heilt.  Der me kan be, leita og banka på til me vert funne og helbreda.

Sjå den sukkande Jesus.  Han som tek oss til sides og brukar ord og kroppsspråk som eit menneske kan merka og forstå med dei sansane som er tilgjengelege. Slikt kan aldri vera propaganda, stå i annonsar. Det er ikkje noko Jesus gjer for å skapa sensasjon eller markedsføra seg sjølv med. Nei, det er rein og skjær omsorg. Derfor tek han den døvstumme til side og gjev folket beskjed om ikkje å seia det vidare.  Det er ikkje muleg å driva omsorg viss du gjer det for galleriet, eller for å oppnå noko anna.

Å teia eller takka
Dei klarte ikkje å teia stilt, dei som såg dette. Ein som kunne høyra og snakka reint! Og seinare kom tida for å fortelja ope kven Jesus er. 
Han som lukka opp meir enn me hadde vit til å lengta etter og banka på om.  Han forsonte oss med Gud.  Opna alle kanalar.  Ga håp om endelege frigjering for alt det skapte.  Han utførte det med sitt djupaste sukk då pusten måtte gje tapt på korset.  Alt han har gjort, er godt!

I teksten for i dag var det ei folkemengde som registrerte det utrulege Jesus gjorde for denne døvstumme mannen.  Dei reagerte med eit jubelrop:  Alt han har gjort, er godt.”

Det jubelropet har ennå ikkje gitt seg.  Kvar gudsteneste fortset det å runga.  For her i kyrkja er plassen for takken over livet sitt ufattelege under.  Her er takken for alt godt og nødvendig felleskap både med Gud og menneske.  Her åpnast sansane våre på nytt og på nytt for Guds store kjærleik til kvar einaste skapning.  Her skjer det noko med tunga når eg først har fått høyra.  Den som har fått gaven å lytta, til andre, til seg sjølv, til Gud, har fått ein stemme som kan koma til uttrykk.  Nå skal me få bruka lengsels- og lovsangsmusikk om det!

 

Lengsel og lovsang
Arkiv alle preiker
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone