Nytt liv
Time kyrkje pinsedag 2018. Johannes 14,15-21.

Nytt liv

Av: Stein Ødegård
Publisert 21. Mai 2018
Kanskje Gud har noko nytt han vil meg? Det er viktig å gå nye veger. Guds Ånd ville sikkert hatt oss der tidlegare. Hans varemerke er nytt liv.

Nytt liv.  Ingen veit så mykje om det som nybakte foreldre gjer, Dei ser det med augene før nokre andre, når fødselsøyeblikket er over, spebarnskriket fyller romet, navlestrengen klipt, fingrar og tær telt, kjønn registrert – som forventa i våre dagar - og nurket lagt på mor sitt bryst.  Foreldre visste jo noko før. Ganske mykje faktisk, men på eit anna plan. Me kan lesa oss til, sjå ultralydbilde, gå på svangerskapskurs, sjå Lennart Nilson sine fantastiske fosterbilde og høyra kva andre har opplevd.  Men når fødselen skjer er det ikkje lenger teori, ikkje bare noko me veit og veit om. Me ser, opplever, det bankar og dunkar i heile oss.  Nytt liv.  Eit under!  Om me er sindige til tusen eller går heilt av hengslene, så er det nye livet erfaring.

Frå kunnskap til kjennskap
Er det slik med fornya åndeleg liv også? Når tru inntek hjarta?  Er det slik å bli født på ny?  Kjend med Gud og Guds rike? Det går an å studera det også. Det er mulig å kjenna teorien. Jesus kom frå Gud og er Guds Son.  Han ga sitt liv til soning og sto opp frå dei døde for å gje meg evig håp.  Den gode boka seier det.  Du kan høyra folk fortelja og vitna om fornya og forvandla liv, eller lesa gild kyrkjehistorie om folk som tydeleg fekk nytt liv og levde det med ny retning etterpå.  Prinsippa for kyrkjevekst kan studerast, det prøver me visst også.  Det er alltid nokre med erfaring du kan snakka med. Fullt opp av dei her på Jæren også.

Men i det øyeblikket lepper eller tankar formar fram ei bønn, og det er du som snakkar med Jesus, så er det ikkje bare noko du veit om.  Det er ditt.  Orda om Jesus som er død og oppstått for deg, er levande.  Du er ikkje bare barn av di tid og di slekt og dine valg, du er Guds barn.  Om du er sindig til tusen og bare har dette som urokkeleg fjell under føtene, eller du vert rysta og tek heilt av, så er det nye livet erfaring.  Nytt liv er deg.  Det er ditt.

Om me slit fælt med dei sterke orda som født på ny og frelst, eller likar dei godt, gjer ikkje forskjell.  Poenget er at livet med Gud er bore fram av noko større enn deg sjølv.  Du kan ikkje fø deg sjølv eller tvinga fram ein fødsel.  Men du kan la deg bli født.  Du kan la den frelsande gjerninga som Jesus fullførte, verta fullført i deg. Hans påske vert din pinse.  For pinse er nytt liv. 

Frå fosterperspektiv
Det går an å sjå det nye livet frå ein annan vinkel også.  Frå synsvinkelen til barnet før det er født.  Fosterperspektiv.  Der må vera godt i mors liv. Passeleg varmt. Sorglaust. Trygt.  Næring skjer automatisk. Vekst også.  Masse søvn og kvile.

Men etterkvart litt trongt.  Og alltid mørkt.  Lite forandring.  Bare trongare.  Kan me ana ein trang og lyst til noko anna?  Kanskje ikkje, for livet utanfor er komplett umulig å førestilla seg…

Men det er der. Og etter fødselen er det erfaring.  Og for ei forandring!  Luft å pusta i, lys å sjå i, smak av morsmelk, berøring og lukt, rom å sprella i, uendeleg med plass og muligheter.  Å verta fødd er så radikalt og totalbestemmande at me reknar livet vårt frå den dagen me er fødde.

Den kristne kyrkja blir fødd
Slik er det jo med den kristne kyrkja også. Svangerskapet var fullbyrda.  Jesus var fødd, ferdig med si gjerning, død, oppstått og tilbake hos Gud.  Grunnvollen var lagt.  Alt var fullført og fullbåre.  Det venta bare på fødsel, på pinse.  Pinsedagen vart den kristne kyrkja fødd. For 3000 vart nytt liv erfaring.  Dei var nyfødde i trua, og me kan lura på korleis det gjekk med dei. Ein nyfødd baby er jo kvart øyeblikk døden nær, viss han ikkje vert lyfta opp, lagt til brystet, varma og næra.  Overlever ikkje lenge uten mat og stell, får følelsesmessige skadar for livet om omsorg og kjærleik sviktar.

Om det seier Jesus i pinsedagsevangeliet:
Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born.”  Om det er nyfødde eller større, sorterer han ikkje på.  I plassen bombarderer han oss i dagens tekst med gode og sterke ord om nærhet og omsorg.  Om at han er nær og DHÅ er nær.  Bur hos oss, er i oss. Me kjenner og merker han. Han kjem til oss. Taler vår sak. Me ser han.  Så sant han lever, lever me.  Det nye livet me er fødd til. Guds hellige ånd er hemmelegheten!

Guds Ånd som ein forelder
Foreldrelause barn?  Aldri!  DHÅ vil vera som ei mor og ein far for nyfødde som treng trygghet og tillit, for smårollingar som treng å utvikla sjølstendighet, for barn som treng å finna fram til initiativ og lyst til å utforska.  DHÅ vil vera talsmann og sann venn for ungdommar som leitar etter identitet og nære relasjonar, for vaksne som skal produsera og skapa, og for gamle som skal modnast og samla trådane i eit integrert liv.

Viss nokre nå kjende igjen formuleringar frå ein kjend utviklingspsykolog som heiter Ericson, er det heilt i orden.  For eg trur DHÅ ønskjer å styrkja det nye livet i oss, med omsorg, kjærlighet og visdom som går ennå meir i djupet enn det meste som menneske kan ha kompetanse på.

Det er tid for å seia kor eg vil hen med denne pinsepreika…
Eg driv og leitar etter ord som Guds Ånd kan bruka til å lokka meg sjøl og kvar einaste ein inn i det nye livet som Gud vil gje oss
Eg vil kjenna sjølv og formidla det vidare at det nye livet er eit liv både med trygghet og utfordringar.  Lev livet.  Lev det trygt.  Lev det utfordrande!

Fyrst:  Lev livet
”Eg lever, og de skal leva”, seier Jesus, ”… de skal skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.”

Å leva dette livet er å koma inn i ein ny samanheng som er så stor at det best kan samanliknast med ein fødsel.  Det åpnar seg ei ny verd. Den me vert døypte inn i.  Og vil me at den skal vera meir enn teori og meir enn vage tankar om at det kanskje er meir mellom himmel jord, vil me at denne verda skal vera erfaring, då må eg og du våga å ta steget inn i trua si verd, kasta oss ut på djupet, kalla oss kristne, stå med stolthet og glede i han og det me er døypte til.  Og har me fyrst gjort det, så vil me merka at kallet stadig kjem til å gå inn i nye og spennande rom i trua si verd.  I starten av evangeliet seier Johannes noko fint og viktig om dette:  ”Alle som tok imot Jesus, dei ga han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og manns vilje, men av Gud.”

Det sit masse erfaringar på dette livet her i kyrkjerommet.

Har det vore spennande, utfordrande, slitsomt, fantastisk, variabelt, trygt?  Kanskje litt for ofte slitsomt fordi eg strevde så  i veg med mitt og gløymte å sjå Guds gode hånd rundt meg.  Mens dei gongene DHÅ fekk tid og rom og arbeidsro i meg, så vart augene opna, så såg og kjende og smakte og berørte eg livet i Guds rike, og fekk nye rom å leva og veksa i.  Lev livet!

For det andre:  Det er trygt!  Det er ikkje farleg å tru
Jesus har lova å vera med oss.  Alltid.  Aldri skal me vera som foreldrelause barn.  Han har til og med sett gode grenser for oss, slike som barn har godt av å ha. Å halda hans bud.  I sum er det å elska han og våre medmenneske.  Er det rettesnora for oss, så får me eit mykje betre og tryggare liv, enn viss det er egoismen og sjølrealiseringa og misunninga som styrer oss.  Det er ikkje farleg å tru.  Å tru er å leva det livet som er godt for oss.  Aldri nokon gong vera åleine same kva påkjenningar som kjem.

For det tredje:  Lev livet og våg nokre nye utfordringar
Det er muleg dei fleste av oss skal bu der me alltid har budd.  Det er muleg at me skal ha nokre hjartesaker som følgjer oss heile livet.  Men det kan også vera at me ikkje vågar å gå viktige nye spor og veger, fordi me tenkjer for lågt om oss sjølv, fordi me er for mykje redde for det ukjente, fordi me er altfor opptatt av kva naboen meinar, eller handlar meir på lyst og vane enn på vilje.

Når pinse er kyrkja sin fødsels- og fornyingsdag, då betyr det også at eg skal la meg utfordra.  Kanskje Gud har noko nytt han vil både meg og heimen og arbeidsplassen og kyrkja mi?  Noko som speglar det som Jesus vil vera for oss.  Det er viktig å engasjera seg.  Det er viktig å gå nye veger.  Guds Ånd ville sikkert hatt oss der tidlegare, og han vil meir enn gjerne utrusta oss med kraft og glede.  Hans varemerke er nytt liv.    

Lev det nye livet du er kalt til.  Det er så trygt og så utfordrande at du har alt å vinna og mykje å veksa på!

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone