Møte som set spor
Kveldsgudsteneste 26.aug 2018. Bibeltekst 1.Kor.3,4-11

Møte som set spor

Publisert 29. August 2018
Han planta gjennom møte som sette spor.  Dei han møtte, sette spor i han.    Fullt opp av ekte møte.  For tru kan bare gro fram gjennom tillit.  Håp oppstår i det truverdig ærlege.  Kjærleik går på empatien sin stiar. 

«Eg planta», seier Paulus.  Kva planta han?  Jau, ein kristen menighet i den mangfoldige og lausslupne storbyen Korint.  Han ga dei evangeliet.  Han vart deira åndelege far.  Paulus planta. Noko som skulle vara.  Det einaste som vert verande til sist.  Han seier det sjølv i slutten av kapittel 13:  «Så vert dei verande desse tre, trua, vona og kjærleiken. Og størst av dei er kjærleiken

Paulus planta ei ny tru, eit levande håp og ein ny etikk basert på kjærleik.  «Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar», seier han til korintarane, for:  «Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde…»

Hadde ikkje Paulus planta, kva hadde det då vorte av korintarar og andre som treng å leva med trygg tru, forankra håp og eit liv i kjærleik?

Han gjorde det!  I dag prøver me å spørja interessert:  Korleis gjorde han det?

Han seier sjølv litt om det kapittel 2: Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.  2 For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.

Kjærleik på empatien sine stiar
Kan du sjå han føre deg? Dedikert og skjelvande, frimodig og redd, sterk og svak.  Ein mann som investerte det meste i 2 år. 24/7.  Sikkert kraftfull og inspirerande, men sjølv framhevar han måten å møta menneske på.  Han planta gjennom møte som sette spor.  Dei han møtte, sette spor i han.  Dei han skriv til, har rørt opp både takknemlegheten og tårene hans.  Fullt opp av ekte møte. 
For tru kan bare gro fram gjennom tillit.  Håp oppstår i det truverdig ærlege.  Kjærleik kan ikkje kommanderast, han går på empatien sin stiar. 

Når Gud set spor i menneske og skriv tru, håp og kjærleik inn i hjarta, handlar det om eit møte.  Eit menneske kjenner seg sett, møtt og funnen.  Og den som skal planta så store ting som tru, håp og kjærleik i andre, må gå inn i desse møtene.  Kanskje veik, redd og skjelvande, som Paulus.  I alle fall ha den grunnleggjande holdninga å møta menneske der dei er, vita at du har noko frå Gud å gje og venta til tida er inne.  I mellomtida har me lært og er prega av møtet med den andre.  Noko har gjort inntrykk.  Eg har gjerne fått like mykje som eg får gje.

Møte som set spor
Brit Signe Fuglestad fortel i kveld om sine erfaringar frå møte med menneske i Etiopia:   «Det gjeld om å ta del i dei oppgåvene som dukkar opp og som ein har tru for at ein kan bidra med noko i.»

Det er mi erfaring også frå ein etter kvart lang presteteneste.  Det er møtene som set spor.  Det er å gå inn i livet og utfordringane slik dei møter oss, som er Guds kall, og forbausande ofte er det ferdiglagde gjerningar. 
Er me villige til å la oss utfordra og læra, så er vegen til den andre sitt hjarta så mykje kortare.

Paulus planta. Me får planta.  Det går ikkje utan nærkontakt.  Hånda må leggja frøet i jord og helst ha grave i jorda først.  Ansikt må møta kvarandre. Hender må hjelpa kvarandre.  Erfaringar må delast.  Ei sorg, ein uro, eit tap, eit savn, ei glede, ein mulighet, eit bønnesvar, eit ord og eit dikt og ein song som kunne sei det som ikkje kunne seiast.  For midt i dette kom og kjem Jesus.  Han som vart ein av oss.  Han som set dei djupaste spora, fordi han er det sannaste mennesket, som vart korsfesta for våre sår og reist opp til det einaste håpet som er evig.  Ingen annan grunnvoll kan leggjast enn han, når det er tru, håp og kjærleik som skal plantast.

Så er det eit heilt vilt mysterium at Gud gjev vekst.  Det er hans sak. Men det er visst vår å planta og vatna og gjera det Herren har sett oss til.  Det kan ikkje gå utenom møtene som set spor.  Og der er Jesus!

Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone