Fred i uroleg sjø
Forfulgte sin sundag, 25.sundag i treeiningstida - Matteus 14,22-34

Fred i uroleg sjø

Publisert 13. November 2018
Dei som meir enn andre kjempar i motvind og tung sjø, sit ikkje og deppar i båten og lurer på kor Gud er, slik me meir blaserte fort gjer.  Dei veit og praktiserer det same som Jesus. Å spørja kor Gud er, er å søkja han i bønn.

11.11. kl.11. På denne dagen og tida kom freden etter første verdskrig. Fred etter 4 år med nedslakting utan sidestykke. Dei som ennå var igjen i skyttergravene kunne gå heim til byar og bygder kraftig tynna for mannfolk. Freden kom til Europa 11.11.1918

Freden kom
11.11. kl.11.  Eg må innrømma at eg gjorde eit poeng av det for 28 år sidan.  Eg starta i Hægebostad kyrkje som kapellan i Lyngdal den dagen i 1990.  Det var vel ikkje krig før og fred etter, men det er ein dag du ikkje gløymer.  Heller ikkje når tvillingane dine vert døypte i dag 11.11. kl.11.  Ein overgang i livet er markert.  Guds fred er eit løfte inn i deira liv.  Basert på ei fredsslutning gjort av Gud sjølv.  Korsmerket over panne og bryst fortel om den.  Vatn og Guds løfte fortel om ny fødsel, om å vera Guds barn, om å leva i den tida der Jesus aldri skal forlata, men vera med alle dagar så lenge verda står.

Vil båten bera?
11.11. kl.11.  Freden kom.  Kom han til forfulgte kristne i 2018?  Det ser dessverre ikkje slik ut.  Ufatteleg mange av våre kristne søsken lever i fare eller i diverse variantar av diskriminering pga trua si.  Dei strir hardt i bølgjene og vinden ber imot, slik Jesus sine disiplar opplevde ei natt på Genesaretsjøen.  Dei møter situasjonar som gjer dei så redde at dei skrik og ikkje forstår det dei ser.  Vil båten bera?  Når dei fram der håp og draumar har blikket?

«Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera», seier Paulus.  Det kosta å leva åpent med evangeliet, å dela det, å gå inn i nye kulturar med det, å la det vera den universelt gode nyheten det faktisk er.  «Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet».  Han skriv til kristne sysken i Korint, i Europa.  For dei skal ikkje vera uvitande om alt det vonde dei måte lida i Asia. 

Asia
I Asia, ja.  Den vanskelegaste verdensdelen til å leva ope med kristen tru i dag også. Nå gjeld det ikkje bare frimodige misjonærar og apostlar.  Det gjeld vanleg truande. Stadig kjem vonde meldingar om drap og terror sikta inn mot kristne.  Eller fengsel, dødsdom og grove eller vanskelege diskrimineringar.

Ei av dei det gjeld, heiter til og med Asia.  Asia Bibi.  Skulle du ikkje ha høyrt om henne, treng du ikkje googla lenge for å finna ut.  Eller sjå engasjementet rundt og for henne på Stefanusalliansen si nettside.  Kjent sak. Me snakka om ho i gudstenestegruppa som planla gudstenesta.  Og her er litt:

Søndag 14. juni 2009 stod Asia Bibi tidleg opp for å plukka bær. På  ein solvarm dag gjekk ho til ein brønn for å kjøla seg ned med eit glas vatn. Ho tilbaud ei kvinne å drikka av glaset. Då ropte ei anna kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram.» Asia Bibi var den einaste kristne blant dei, og nokre av dei muslimske kvinnene meinte at vatnet var blitt ureint av at ho drakk. Asia Bibi vart skulda for å skitna til drikkevasskjelda. For ein gongs skuld tok ho, som var van til skjellsord, til motmæle mot slike skuldingar.

Dødsdom for blasfemi
Ho vart skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed. Asia Bibi blei sint og avviste dette. Ho fekk høyra at ho måtte konvertera til islam, men nekta. Det vart krangel, og ho blei hetsa og jaga vekk. Fem dagar seinare våga Asia Bibi seg ut på jordet igjen saman med ei veninne. Dei hadde med eigne flasker med vatn. Etter nokre timar kom mobben og angreip. Ho overlevde, men vart kasta i fengsel 19. juni 2009. Den 8. november 2010 blei Asia Bibi dømt til døden etter pakistansk blasfemilov.

Saka hennar er ikkje eineståande.  Men oppmerksomheten har vore det. Asia Bibis sak har gitt stor internasjonal kritikk av Pakistans blasfemilovgivning. Bare i 2011 sende 6000 nordmenn appellbrev til pakistanske myndigheter på vegne av Asia Bibi. Året etter var fleire hundre nordmenn med og sendte oppmuntringskort til Bibi i fengselet.

Nå i haust skjedde det gledelege at Pakistan sin høgsterett har frikjent henne. Bønnesvar!  Men Asia Bibi er langt frå trygg frå drapstruslar og mobb. Ho er ikkje trygg før ho er ute av landet, og det er me midt oppi nå 11.11. kl.11…  Følg med!

Ein tilbaketrekt Gud?
Følger Jesus med? Gjorde han det med dei som streva hardt i båt og bølgjer og motvind ei svart natt på Genesaretsjøen?

Noko kan tyda på at han ikkje gjorde det. Det var han som hadde sendt dei ifrå seg og bedd dei gå i båten og ta over til den andre sida. Det er grunn til å tru at han visste at det ikkje vart verken lett eller trygt. Og seinare har gjerne dei fleste som opplever motvind og det som verre er, kjent det vanskeleg å vera tilsynelatande åleine. Lite tyder på Guds nærvær i båten som stampar i bølgene.  Til og med ute på ei reise som Herren sjølv har sendt dei ut på.  Viss me skulle ha lyst til å laga pastell og idyll over livet vårt og det å følgja Jesus, så stemmer det ekstremt dårleg både med virkelegheten, og med Gudsbildet som Bibelen teiknar. Sider med Gud er grundig skjulte. Det vanskelege og krevjande er me i alle fall ikkje beskytta imot. 

Ikkje nok med at det var Jesus som hadde sendt dei ut i tung sjø ei mørk natt. Dessutan trekte han seg tilbake.  Gjekk opp i fjellet for å be.  Kva skal me tenkja om det?  Ein tilbaketrekt Gud, mens folka hans kjempar og slit, anten dei er forfulgde i østen eller frista over evne i vesten, eller får høge bølger og motvind både her og der, i sjukdom og ulukker og relasjonar som ryk?

Å søkja sin djupaste identitet
Kvifor er Jesus åleine for seg sjølv i eit fjell, mens slikt skjer?
Me skal tenkja så høgt om det som me bare kan!  Frå fjellet ser han og ber han.  Han er åleine med sin himmelske Far.  Han søkjer sin djupaste identitet, der han vassar i nød og lidelsar og forventningar dagen lang.  Kva ser han?  Kva kjenner han? Kva merker han?  Jau, han spegla livet sitt i Guds ansikt. Freden kom og fylte livet. Han fant seg sjølv, mens han var avsides i bønn. Han møtte sin himmelske Far. Han fekk det han trong for å vera og gjera det han skulle når han gjekk ned i dalen, ut på sjøen til dei kjempande, og fram til korset, der han sjølv kjempa.  Han fekk det som me trong at han fekk – og treng.

For det er muleg å følgja Jesus sitt eksempel.  Det har folk gjort til alle tider. Dei har nærma seg mysteriet med å leva gjennom å søkja Gud i ensomheten.  Å vera åleine og be er å kobla seg på sin eigen opprinnelse. Kor kjem eg frå? Kvifor er eg her?

Om dette seier Eyvind Skeie, som har skrive mange av salmene me syng i dag:  «Det er også vårt kall i vår tid. Vi må finne tilværelsens kjerne ved å søke Gud. Dersom kristenheten skal gjenfinne sin styrke og sitt fotfeste, må vi som tror søke Gud i stillheten og finne vår opprinnelse i bønnen til en himmelsk Far.»

Hos den eine for å gå til dei mange
Og så fortel han frå den koptiske kyrkja i Egypt, som han kjenner så godt.  Og før eg les det opp, syns eg me skal tenkja på at mange av dei forfulgde kristne er sterke eksempel for oss.  Dei som meir enn andre kjempar i motvind og tung sjø, sit ikkje og deppar i båten og lurer på kor Gud er, slik me meir blaserte fort gjer.  Dei veit det same som Jesus visste.  Dei praktiserer det same.  Å spørja kor Gud er, er å søkja han i bønn, ikkje å tumla med allslags teoriar som skal få trua sitt reknestykke til å gå opp og stemma med ein fasit.  Eg les sitatet seint, så du kan praktisera det med roleg pust og djup tanke:

«Den egyptiske kvinnen Maggie Gobran, som av mange er kjent som Mama Maggie, sier det på sin måte. Gjør først kroppen din stille, for å lytte til dine ord. Gjør tungen din stille, for å lytte til dine tanker. Gjør tankene dine stille for å lytte til dine hjerteslag. Gjør hjertet ditt stille for å lytte til din ånd. Gjør ånden din stille for å lytte til Hans Ånd. I stillheten forlater du de mange for å være hos Den Ene. Og når du er hos Den Ene, bærer du de mange i ditt hjerte frem for nådens trone, i fullkommenhetens lys.

Slik finn Mama Maggie kraft til eit særdeles aktivt liv for andre, i kjærleik og handling som set djupe spor.

Og slik gjekk Jesus etterpå til dei mange som strevde i ein båt i ringe bølger. Det er slik han gjer.  Det er slik det skal vera.  Har me vore heilt inn i bønna sitt blikk av Gud, så er vegen så mykje kortare til kjærligheten og omsorga sitt blikk på dei som kjempar i båten sin.  Jesus går frå bønna til båten.  Frå Gud til folka hans.

Og plutseleg kjem freden
Han gjer noko me veldig godt forstår, alle me som har kjent og kjenner motvind og grov sjø i livet.  Han seier det som bare han kan sei, til redde disiplar, til forfulgde trussøsken, til folk som er så plaga av vonde erfaringar at dei lettare ser skrømt enn Jesus.  Han seier dei orda som kjem frå han – og heilt frå himmelen som han nettopp har hatt kontakt med:
«Ver ved godt mot!  Det er eg, ver ikkje redde!

Høyrer du det?  Det fins alltid ei svart natt eller ein tung sjø eller ein for liten båt å høyra det inn i.  Noko som er ditt.  Det er der Jesus kjem gåande, på eit vatn du ikkje trudde det gjekk an å gå på.  Og med ei helsing som bare glødar av den himmelen han kjem frå og nettopp har fått ferske ord ifrå: «Ver ved godt mot!  Det er eg, ver ikkje redde!

Tek me i mot helsinga, så er ikkje vegen lang til å dela ho vidare til dei som har forfølgelsen sine harde bølgjer å bala med. Me også kan ha bønn og handling å fara med.

Nå har eg ikkje sagt eit ord om fottrinn på sjøen, om under og om Peter og sterk tru og lite tru og overmot og rop om hjelp og alt det som er ei ny preik.  Men du kan jo sjølv tenkja ein god tanke om kor mykje betre det går å sjå på Jesus og ropa til Jesus, enn det å kreva bevis av Jesus og leggja overmot og trushandling i potten, eller la seg skræma av dette fæle veret.

Det som går godt i evangeliet og i dag og alltid, det er å ta inn Jesus si helsing: «Ver ved godt mot!  Det er eg, ver ikkje redde!
​​​​​​​Og ta hånda han rekk oss når me har plumpa uti.  Og plutseleg kjem freden.  Anten det er 11.11 kl.11 – eller ei anna tid.

Arkiv alle preiker
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone