Gull i det som brast
Tekstmeditasjon kveldsgudsteneste 27.01.2019

Gull i det som brast

Publisert 28. Januar 2019
Å, tenk om eg kunne verta limt i hop med nåden sitt gull kvar einaste dag. Då trur eg kanskje at nokon kunne sjå gull i sprekkene mine, at det er skatten som glimtar fram.

Ein serie med kveldsgudstenester startar nå. «Gull i det som brast», inspirert av den japanske krukkekunsten med å reparera knust keramikk med gull.
Ein keramiker fortel og syner fram.
Ein kyrkjemedlem deler ei livserfaring om det som brast, og noko som var til hjelp.
3 bibeltekstar får forma hjarte og tankar nå:

Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:  2 «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.»  3 Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva.  4 Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.
     
5 Då kom Herrens ord til meg:  6 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus.

Jeremia 18,1-6

Er det eg som er leire i pottemakeren si hånd?
Den store pottemakeren som har sett noko han vil forma fram i dette mennesket.  I meg.  Og det han har sett, er godt for meg, det er til glede for andre, ja, det er til skaparen si ære.

Er det godt å vera i den hånda?  I ei slik hånd.  I ein plan og hensikt med livet?

Det er godt viss eg veit at han aldri gjev meg opp.  At han tek fatt på nytt om eg var gjenstridig, eller noko skjedde som gjorde at dette bare vart heilt feil.

Han ser meg med auga som ser meir enn eg ser sjølv.
Kven eg kan bli.  Kven eg skal bli i hans hånd.  Han ser det særleg når det var noko som brast, som gjekk sund.  Då er det ingen som held fastare kven eg kan bli, enn Jesus.

Ein av oss i pottemakeren si hånd er i fengsel.  Han heiter Paulus.  Han kunne ha deppa. Framtida er usikker. Ugrei strek i den store misjonsrekninga.  Men Paulus deppar altså ikkje.  Han skriv gleda sitt brev til Filippimenigheten sin.  Han er under forming.  Han trur at Gud har gull i det som brest.  Han har kome så langt i forminga under Mesteren si hånd at noko har vorte viktigare enn liv og død, noko har vorte viktigare enn korleis det går med han.  Det viktige er gullet som kan reparera alt knust og leggja seg inn i alle sprekker.  Han trur det, han håpar det, at Kristus skal verta stor gjennom det som skjer med han, uansett kva. 

20 Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.

Fil.1,20

Kven kan gje slike vitnesbyrd?  Eit hakk over dei enklare me kjem til å dela her i kyrkja i vår.  Men dei som kjem her og nå er like viktige.  Nær livet.  Får oss til å tenkja på han som driv og formar leira med kjærleg og kyndig hånd. Eller litt meir jærsk uttrykt, slik John Gravdal syng.  Om å lø spreidde steinar til ein fin steingard - av han som har "steinauga" for slikt.

Skal tru om ikkje våren sine vitnesbyrd her i kyrkja vil vera nærare det som Paulus seier til ein menighet han streva meir med enn filipparane.  Menigheten i Korint, der det var sjau og strid og styr.

Til dei – og til oss – skriv han om skatten i leirkar. At det er slik lyset frå Jesus sitt ansikt får stråla fram.  I sprekkene våre.  I det som absolutt ikkje er vellukka og perfekt.  Og viss krukkene våre vert reparerte, så er det med gull.  Det er med nåde.  Det er med dette underlege materialet som Gud brukar når noko går i knas.  Det som fortel at hans kjærleik er så mykje større enn våre svik.  Det som ikkje skjønnmaler og glattar til livet på ein usann måte, men står og vitnar om han som held ut med oss, han som ikkje gjev oss opp.

6 For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
     
7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.

2.Kor.4,6-7

Å, tenk om eg kunne verta limt i hop med nåden sitt gull kvar einaste dag. Med nattverden sin gave kvar einaste sundag. Med håpet sin gave når det humpar i veg med forminga.  Med trua sin gave når eg tvilar på kor nå denne meininga er å finna.  Med kjærleiken sin gave.  Då trur eg kanskje at nokon kunne sjå gull i sprekkene mine, at det er skatten som glimtar fram.

Det er ei meining livet mitt kan ha!

 

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone