Å vita vegen
Kveldsgudsteneste 4.sundag i påsketida, Johannes 14,1-6

Å vita vegen

Publisert 13. Mai 2019
Me treng ikkje vita vegen, Jesus finn deg der du er. Me treng ikkje skjula bresta våre, han reparerer med nåden sitt gull.

«Korleis kan me vita vegen?» spør Tomas.  Ærleg. Slik han plar når det er vondt å tru før han får sjå.  Og kunna gå i håp før han ser vegen.

«Korleis kan me vita vegen?»
Me veit vegen når han er kjent, når han ligg der bein og synleg og ferdig.  Når me er på han, og har vore der før.

Men kva når vegen er ukjent og usynleg og virkar krokete og uferdig? Tilsynelatande.

Me kan spørja og Tomas spurde.  Han såg og kjende vegen han hadde gått, kalt av Jesus til å følgja han og vera lærling. Ein treårs vegstrekning han aldri skulle gløyma!  Det gjekk ras over den på langfredag.  Det gjekk ingen veg tilbake.  Og Tomas såg ikkje den vegen som låg etter Jesu død og oppstandelse, den vegen som skulle følgja den usynlege Mesteren gjennom livet og inn der Jesus hadde gjort i stand.  Den vegen var ukjent, usynleg og absolutt ikkje bein og klar.

Det er slike vegstrekningar me har vore borti og hatt befatning med på kveldsgudstenestar dette semesteret.  Vegen som brast.  Vegen som gjorde ein kraftig sving, stoppa opp, vart usynleg.  Det kom eit jordskjelv og knuste både veg og krukker.  Det gjekk eit ras over vegen og livet.  Skodda la seg og tok sikten. «Korleis kan me nå vita vegen?»  Han er ikkje lenger kjent og synleg.

Her i kyrkja er det fortalt sterke livshistoriar om slikt i vår.  Dei har delt noko som brast.  Dei har peika på noko som vart til hjelp.  Dei har støtta seg på krukkekunsten som har spesialisert seg på å reparera det knuste med gull.  Dei er delt i kyrkjerommet med nattverd og nåde.  Evangeliet har fått sjansen til å reparera med gull. Gull som er bestandig, slitesterkt, ein verdi som held og står.

Kan det skje for alvor nå?  I kveld?
Det kan!  For Tomas sitt spørsmål om vegen, er eit spørsmål retta til Jesus.

Og då løftar det livet vårt eit hakk opp.  Då leitar me ikkje bare etter lim til knuste bitar.  Då famlar me ikkje bare etter å finna ein slags veg å humpa vidare på.  Då søkjer me ikkje bare ei sanning å halda fast i, i alt informasjons- og religionsmylderet.  Då strevar me ikkje så kave etter eit liv å håndtera på eit vis.  Me er eit hakk opp.  Over det som er relativt og problematisk og gråsoneaktig.

Me får høyra orda som er kyrkja sin store skatt.  At det viktigaste ikkje står på oss og vår evne til å finna veg.  Det viktigaste står på Jesus.  Gullet i alt som brest.  Han er vegen.  Han er sanninga.  Han er livet.  Han er vegen til Gud.  Han har gjort i stand.  Han inviterer til varmen i Fars hus.  Han er adressen for urolege hjarte. 

Det er eksklusivt som gull, men ikkje ekskluderande for den som festar trua og håpet sitt i han. 

Eg har ikkje tenkt å leita etter meir inngåande tolkningar av desse sterke Jesusorda. Eller prøva å forstå alle rekkeviddar av dei. Dei er ganske enkelt orda å avslutta denne kveldsgudstenesteserien med.  Me treng ikkje vita vegen, Jesus finn deg der du er. Me treng ikkje skjula bresta våre, han reparerer med nåden sitt gull.

Snakk med han.  Ansikt til ansikt. Han er vegen, sanninga og livet. Å leva i fellesskap med Jesus er det som skal til. Håpet sin veg framover er synleg nok, kjent nok, bein nok, og i alle fall ferdig.  For Jesus har bygd han og går han saman med deg.  Heile vegen fram. 

Arkiv alle preiker
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone