Kva med oss? Kva får me?
14.sundag i treeiningstida 2019 - Matteus 19,27-30

Kva med oss? Kva får me?

Publisert 15. September 2019
Kva får me igjen for å følgja Jesus? Evig liv som trumfar alt. Eit verdisyn som set andre før oss sjølv og gjev oss noko større å leva for.

«Kva med oss?» spør Peter. «Kva får me igjen, me som har satsa alt på å følgja deg, Jesus?  Det er jo eit risikoprosjekt, dette her!  Kjem me til å tapa mykje meir enn me vinn.  Kva får me igjen?»

«Kva med oss?» kan mange spørja og lura på korleis nå dette skal gå! Konfirmantar kan spørja. «Kva får eg igjen for å tru på Jesus og følgja han? Kan eg tapa meir enn eg vinn? Kan eg vinna meir enn eg går glipp av viss eg ikkje følgjer?  Kva med oss?»

Ja, kva med oss?
Me som ikkje har ein konfirmantfest som ventar i mai, og ein feitare bankkonto. Kva med oss som døyper ungane våre? Me som gjev ein tiendepart eller noko liknande til Guds rike, me som set av ein kveld i veka til å vera frivillig i kyrkjelyden.  Kva med oss? Går me glipp av noko vesentleg? Kva får me igjen for å følgja Jesus og gje kyrkja av tida vår og tilliten vår? 

Er det feil å spørja slik?  Nei! Sikkert vanleg og heilt menneskeleg. Ingen skal diktera kva det er lov å lura på eller føla inni seg. Det gjer i alle fall ikkje Jesus.  Han tek Peter og spørsmålet heilt alvorleg.  Eit ærleg spørsmål fortener eit ærleg svar.

Kva seier han?  Lønner det seg å følgja han?  Kva får me igjen? Er det verd det me eventuelt går glipp av?

Evig liv trumfar alt!
Her er svaret i kort form og klartekst. Jesus seier: Evig liv trumfar alt! Alt me kjenner til, skal fødast på nytt!  Omtrent slik ein liten baby kjem ut til ei ny og større verd ein dag.  Kva får me igjen?  «Du skal arva evig liv, Peter!  Og alle som følgjer meg».

Kva betyr det?  Det er sagt i bilder. 100 gonger betre enn det me kjenner til nå. Sitja på troner.  Alt er født på ny.  Det treff oss fort i djupet av det me kan lengta etter og drøyma om.  At klimakrise og krig ikkje får siste ordet. At me ikkje vert hersa med av dei som sit på troner og med hånda på rattet på ringe måtar. At kroppen ikkje ender med å visna som eit vrak. At sorger og tårer tek slutt. At ansikta me har mista, møter vårt ansikt i gjensynssmil ein ny evig dag. 

«Kva du kan gå glipp av med å følgja meg, Peter?  Peanuts!  Eg tek vare på deg. Evig liv trumfar alt!»

Høyrde de at Paulus var på same kanalen? Fil.3,7-14. At han levde med å strekkja seg etter det som ligg framanfor, etter sigersprisen som Jesus har vunne for oss.  Eit befriande fokus på det som ligg framanfor og lokkar, ikkje det som ligg bak og plagar.

Tap og vinning har bytta plass
Kanskje de også høyrde at dette hadde snudd opp ned på Paulus sine verdiar, kva han satsa på og bygde livet på.  Tap og vinning hadde liksom bytta plass.  Han hadde sluppe det veldig slitsomme prosjektet med å skapa sitt eige liv og stola på det han sjølv presterte og fekk til.  Han bygde livet på det som Jesus hadde gjort.  Det som gjorde Paulus elska og god nok, i seg sjølv og for Gud. 
Det som ville føra til evig liv, og nå ga enormt godt liv.  For Jesus lever jo.  Eg kjenner krafta og gleda i han som lever. Han som er venn og frelsar tett på alle slags kvardagar.  Dette er ikkje tap, det er vinning.  Kan det vera noko viktigare å gå glipp av?

Å følgja Jesus heilt
Så kva med oss?  Skal eg fortsetja å følgja Jesus med takk og glede?  Skal eg vera bevisst på å gje vidare det store å verta kjent med han som er venn i livet og frelser inn i det evige?  Skal eg vera konfirmant på skikkeleg og gjera alt det eg kan for å finna ut kven Jesus verkeleg er. Rett og slett prøva å følgja han? Det må vera topp-prosjektet.  Mitt eige svar på: «Kva med meg?» 

Kva betyr det å følgja Jesus?  Viss me les litt meir i Paulus sitt brev til Filipparane, så er det veldig tydeleg at det betyr å leva for noko mykje meir enn oss sjølv.  Eit mykje større livsprosjekt enn å sjå min eigen navle og nasetipp.  Her er eit godt vers frå kap.4:

4,8: Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!

Paulus til Filippi og nytt kontinent
Slik oppfordra Paulus og slik levde han når han følgde Jesus. Nå skal de få ei forteljing om det. Ho står i Apostelgjerningane 16 og fortel om den første gongen Paulus og medarbeidaren Silas kom til Filippi.  Og då dei kom, var det egentleg den ferske kristne trua som kryssa grensa frå Midt-austen og Asia til Europa, til vårt kontinent, til vår levemåte.  Då kom det noko viktig!

For ein av dei første dagane sette Paulus fri ei jente som i praksis var slave og offer for menneskehandel. Det gjorde han til tross for at ho fulgte etter Paulus i dagevis og ropte: «Desse mennene er tenar for Gud, den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse!»

Kunne ikkje Paulus bare latt ho halda på? Ho var jo glimrande reklame for evangeliet.  Det var jo sant.  Ho skapte blest om saka Paulus kom med. Men Paulus såg noko som var viktigare. Han såg henne som person.  Hennar verdi som menneske.  Den var mykje større enn dei tenkte, dei som tente pengar på henne og utnytta evnen ho hadde til å kunna spå og sei slikt. Paulus ville ikkje utnytta jenta for evangeliet si sak, slik herrane gjorde for pengane si skuld.  Ho som person var for verdifull. 

Nytt menneskesyn
Å følgja Jesus er ikkje å vinna ei sak, eller få mest muleg igjen for det me satsar.  Å følgja Jesus er å setja menneske fri.  Paulus hadde fått eit nytt menneskesyn.  Det betydde at absolutt ingenting i heile verda er verd at eit menneske går til grunne eller må leva i tungt misbruk. Så dei sette jenta fri og mista PR-en ho ropte ut.  Og så gjekk det slag i slag. Seinare same dagen berga Paulus og Silas livet til sin eigen fangevokter.  Han ville ta livet sitt fordi han trudde han hadde feila i jobben. 

Kva var det som hadde hendt?
Paulus og Silas var kasta inn i eit mørkt fangehol, klærna var rivne av dei, dei var piska utan lov og dom og kasta i fengsel på grunn av urettferdige anklagar. Nokre var illsinte fordi Paulus hadde øydelagt den gode forretningen i slavejenta dei utnytta.

Det vert litt av ein historie der i fengslet. Paulus og Silas song lovsongar og takka Gud midt oppi det som var vondt og urettferdig. Midt på natta kjem det jordskjelv. Alle fengselsdørene går opp og alle lenkene losnar.  Kva ville de ha gjort?  Stukke så fort som bare det?  Dei var jo urettferdig fengsla!  Tenkt at nå har me tidenes mulighet til å vitna om kor stor og sterk vår Gud er.

Kva gjorde Paulus og Silas?  Dei tenkte på han som skulle vakta dei.  Dei tenkte på livet hans, at ikkje han skulle gjera seg noko vondt.  Dei tenkte på sjela hans, at også han var ein som skulle få møta evangeliet. Dei vart sitjande bak dei opna dørene i fengselet og sparte fangevoktaren for skammen med å ha feila og mista fangane sine. Han berga livet og tok trua!

Enkelt sagt: Tru handlar om å bry seg om korleis andre har det?  Tru er menneskevennleg.  Eit menneskesyn og ein respekt for andre som gjer at me bryr oss og kjempar mot det som kan skada andre sitt liv og kan hindra dei i å sjå Guds kjærleik.

Kva får me igjen?
Kva får me igjen for å følgja Jesus?  Evig liv som trumfar alt.  Eit verdisyn som set andre før oss sjølv og gjev oss noko større å leva for. 

Kjære konfirmantar.  Hiv dykk på!  Tenk gjerne at det eigentleg godt kan kosta litt.  For det er større å setja andre før seg sjølv. Eigentleg treng eg ikkje spørja kva eg får igjen.  Heller: Kva får eg vera med på og gjera ein forskjell i?

Nok snakk.  Nå syng me om det me får vera midt når me følgjer Jesus og går rundt med ei bønn og eit håp i oss.  NoS 717.

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone