Å bli sett frå ein opna himmel
Kveldsgudsteneste med tema "Ung i Time". Joh.1,47-51. Mikkelsmesse 29.09.2018

Å bli sett frå ein opna himmel

Publisert 30. September 2019
Livet skal ikkje vera ein sånn klatrestige! Den kristne trua er det i alle fall ikkje. Gud har noko betre for oss enn slitsomt strev. Dei som trur, skal sjå himmelen opna.

47 Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48 «Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49 Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» 50 «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» 51 Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

På 5 vers i starten av Johannesevangeliet kom ordet «sjå» 6 gonger.  Dei 6 gongene fortel om 2 syn, 2 ting å sjå.

Det eine er å sjå ein enkelt person slik at han verkeleg vert sett.
Det andre er å sjå himmelen opna. 
Og då kan me lura:  Er dette to forskjellige ting, eller 2 sider av same sak, 2 syn som høyrer i hop? Å verkeleg sjå ein person, å faktisk sjå himmelen opna.

Det siste først:  «De skal sjå himmelen opna,» seier Jesus, «og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»  Altså det som Jesus kallar seg sjølv.

Jakobsdraumen
Dette liknar grueleg på ein annan bibeltekst for denne dagen, 29.september. Englane sin dag. Mikkelsmesse. I den første boka i Bibelen, i 1.Mos.28,12, er det fortalt: «Då hadde Jakob ein draum:  Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han

Ser de det føre dykk?  Stigen til himmelen.  Kan de sjå at den ikkje er ei klatregreie for folk?  Jakob ser englar, ikkje folk på stigen mellom jord og himmel.  Han ser våre gode, usynlege hjelparar og Gud sine utsendingar og tenarar når noko viktig skal henda på jorda.

Draumkvedet
Seinare i gudstenesta skal me få høyra ein annan draum. Sungen i takk til klokkaren me har fått ha i Brynekyrkja i 40 år! Draumkvedet heiter sangen. Ein av dei eldste i Norge. Om Olav Åsteson som sovna på julafta og vakna trettandagen. I draumen hadde han sett det viktige om livet i himmelen og livet på jorda. Om den store kampen.  Å sjå og nå inn i himmelen.  Å sjå korleis eg skal leva slik at eg ser det enkelte mennesket. 

Jesus fortel i dag om akkurat det same som Jakob sin draum, om det som er vegen mellom himmel og jord.  Men han fortel ikkje om stigen.  Stigen er bytta ut med Menneskesonen, med han sjølv.  Den einaste stigen er han!  Han viser til seg sjølv. Det er han som er forbindelsen mellom himmelen og jorda – i hop med englane.

Ung i Time
Mange unge i Time vil streva med sin eigen klatrestige.  Den handlar om eg er god nok i det eg får til, i det eg faktisk presterer, eller slik eg presenterer meg overfor andre.  Det er mange trinn på den stigen.  Usikre trinn.  Slitsomme. Nokre ganske farlege.  Nokre uærlege. Nokre som krev at me klatrar forbi andre, eller faktisk trør dei ned.

Livet skal ikkje vera ein sånn klatrestige!  Den kristne trua er det i alle fall ikkje.  Gud har noko betre for oss enn slitsomt strev. Dei som trur, skal sjå himmelen opna.  At det er Jesus som står for opninga.  Ein gammal salme seier: «Jesus, du er den himmelveg som til Gud Fader oss leier.»

Det som han har gjort med sitt rettferdige liv og sin død for oss, er nok.  Det gjer oss gode nok.  Høgt elska.  Tatt imot av Gud.

Å sjå enkeltmennesket frå den opna himmelen
Og slik er det altså at Jesus ser og møter det enkelte mennesket.  
Han ser Natanael.  Ein grunnleggjande skeptisk type full av spørsmål.  Men Jesus ser forbi det.  Inn til noko viktigare. Ikkje etter klatrestigen og det perfekte, men etter det ekte. «Du er sann, Natanael!  Ekte.  Eg ser deg.  Ikkje bare i det du tenkjer om deg sjølv og andre.  Eg ser deg i djupet.  Eg ser deg med håp. Kom og følg meg.  Du skal sleppa med å streva med kven du sjølv er, du skal gle deg over kven eg.  Ja, du skal sjå himmelen opna.»

Slik er det å verta sett av Jesus og sjå inn i opna himmel!
Me er sett av han som ser oss frå den opna himmelen, med håp. Han ser oss som den me skal bli. Ennå meir oss sjølv når me følgjer han.

Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone