Meir himmel på jord
2.sundag i openberringstida 2020 - Matteus 3,13-17

Meir himmel på jord

Publisert 13. Januar 2020
Det er "meir himmel på jord" å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva! For Jesus - og for den som trur.

Meir himmel på jord.
Kven visste at det er visjonen for Den norske kyrkja og for Stavanger bispedømme?  Nå veit de det. 

I Stavanger er visjonen forma slik: Meir himmel på jord. Vi vil vera ei kyrkje som trur, bryr seg, opnar, deler og inviterer.
Og så kjem strategiar for å gje Meir himmel på jord. Og kyrkja, det er me.  Så det er ein visjon og eit program for oss, for ei levande kyrkje i Norge, som opnar for meir himmel på jorda, med å tru, bry oss, opna dører, dela det beste og invitera til gode felleskap.

Erfaring av jul
Meir himmel på jord. Kven forbind det uttrykket med jul?
Nokre har sunge og lytta til
Himmel på jord, en nåde så stor, jeg er`ke aleine der jeg bor…
Andre har gjerne tenkt at når me syng rundt juletreet og lyttar til konsertar, og når englesangen tonar over Betlehemsmarkene og englar fryder seg over barnet i krubba, Han som kom frå himlens høye slott ned til vår arme jord, ja, då er det Meir himmel på jord. Då er det Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda, blant menneske Gud har glede i.  Då har grensa mellom himmelen og jorda vorte så tynn. Og me er gjerne fleire enn englar som kjenner at jula sitt glade budskap i orda og sangane og tonane, liksom får oss til å kjenna at dette stemmer.  I Jesu fødsel og etter Jesu fødsel og kvar gong me feirer det, så er det Meir himmel på jord.

Eit slør til sides
Eller er det kanskje andre gonger i livet at dette skjer?  Himmelen opnar seg.  Det vert meir himmel på jord. Noko hender, som bekreftar at Gud fins, at Jesus er der.  Eit slør vert trekt til sides og me ser eit glimt av himmel.  Eg har fått del i enkelte sterke forteljingar om det.  Dei begynte gjerne med:  «Veit du, dette har eg ikkje fortalt til nokon…»  Spesielt ikkje viss det var eit uforklarleg og sterkt nærvær av Jesus, eller en engel.  Andre erfaringar av himmel på jord vert gjerne delte, med den du er glad i, i ei gruppe, eller du vågar å dela det som eit offentleg vitnesbyrd.  Men orda kjem ikkje så lett.  For det er sterkt når det vert himmel på jord, når det vanlege som alle ser, vert noko meir og større som bare du ser og kjenner på.  Meir himmel på jord.

Ved Jordanelva
Skal lura på om det ikkje var dette som føregjekk ved Jordanelva, ute i det karrige ørkenlandskapet der Johannes døyparen var ein magnet som folk strøymde til.  Om det var aldri så krasst og utfordrande det han forkynte, så var det noko som ga Meir himmel på jord.  Om det var aldri så ydmykande å gå ned i dette brune elvevatnet på det lågaste punktet på jorda og gjera det som eit menneske seint vil.  Å bekjenna synda si og la seg dukka under vatn som eit teikn på å verta reinsa, venda om og leva eit nytt liv. 

Kva er det som får folk til å gjera sånt?  Noko i budskapet må ha rysta dei, vekt dei opp, gitt ein lengsel etter Meir himmel på jord.

Lengsel etter rettferd
Eg lurer på om me kan sjå enkelte parallellar i 2019. Ganske mange i Norge og elles i verda tok føtene fatt og fulgde ledarar som sa at dette går ikkje, nok er nok.  Vanlege folk som følte at dei som bestemmer og styrer, bryr seg ikkje nok om korleis me har det. Framtida for kloden og dei som veks opp, er ikkje sikra godt nok. Godene og pliktene er feil fordelt i samfunnet.  Me vil ha det meir rettferdig.  Ein lengsel etter rettferdighet.  Mistillit til makta og dei som vert oppfatta som elite og lite for folket.  På Jæren, i Frankrike, i Hong Kong, utanfor ein skule med plakat om streik.

Og kanskje også ved Jordanelva der folk hadde vorte trøtte og leie av dei meir liberale saddukeiske prestane og aristokratane i Jerusalem, og av dei strenge farisearane som passa på å oppdra alle til å fylgja lova til punkt og prikke, og av ivrige selotar som sjølv ville skapa lover og ny frihet med vold og terror og væpna opprør.  Det ser ut som Johannes samla allslags folk i eit samfunn som var ganske splitta. Dei kom som pilgrimar og sveitta seg gjennom ørkenstiar til Jordanelva.  Johannes sitt budskap var klart og enkelt: Den vegen me går på nå, den fører ikkje fram.  Me må snu.  Me må venda oss mot kvarandre og til Gud på ein ny måte.  Legg av det gamle i dåpen.  Få tilgivelse og lev på ein ny måte.  Me treng Meir himmel på jord.

Er ikkje denne lengselen der i dag også?  Etter hellighet?  Etter rettferdighet? Etter forvandla liv som er heilare, meir barmhjertig, meir rettferdig, meir i pakt med det store skaparverket.  Jfr. 708 i Salmeboka: "There is a longing in our heart..." Meir himmel på jord.

Der står Jesus
Ein dag ved Jordanelva får Johannes sjølv kjenna på denne lengselen.  Der står Jesus, og alt kjennes rett.  Der står Jesus og vil verta døypt.  Og alt kjennest feil.  Dåpen var for syndarar, ikkje for han som var rettferdig.

Kva er det som skjer?  Jau, Jesus seier at dette må me gjera for å oppfylla all rettferd.  Kva er det?  Jau, det er å bøya seg inn under Guds vilje.  Det vil Jesus. Han vil bøya seg så djupt under Guds vilje og så djupt ned frå himmelen til jorda, at han tek på seg å verta døypt, ikkje for den børa av synd han ikkje sjølv ber på, men for den samla børa av alt det som alle me andre ber på.  Å vert døypt med Johannes sin dåp er å seia ja til vegen som skal enda på korset, der all vår synd skal sonast når Jesus døyr.

Anar Johannes at det er dette som skjer?  Han gjorde i alle fall som Jesus ville.  I følgje Johannesevangeliet seier han: «Sjå, der er Guds lam som ber verdsens synd.»  Og Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint: «Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.»

Identitet og bekreftelse
Så gjer Jesus – og døyparen - det som skal til for å oppfylla all rettferd.  Og så skjer det: Meir himmel på jord enn det som har skjedd til nå i Jesus sitt liv.  Så langt me kjenner til. «Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma ned over seg som ei due.  Og det lydde ei røyst frå himmelen:  «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

For ein bekreftelse dette må ha vore for Jesus!  Og for Johannes.  Jesus sin identitet vart bekrefta. Som Guds Son. Elska. Gjenstand for glede i himmelen.  Så gjett om det var meir himmel på jord for Jesus denne dagen.  Han fekk identiteten sin bekrefta.  Han fekk oppdraget sitt bekrefta.  Evangelia er samstemte om at Jesus etterpå fekk prøvd nettopp identiteten og oppdraget sitt, freista av Djevelen – og så begynte vegen til folk sine hjarte og vegen til Guds hjarte med folket sine synder.  Vegen til korset.  Du verda som det vart Meir himmel på jord.  I Galilea, i Jerusalem.  Ja til verda sine endar, der me aldri kjem til å slutta å lengta etter det beste, etter ein betre veg å gå, og ein identitet som tåler alt. Meir himmel på jord.

Vår dåp til livet
For Jesus må det ha betydd enormt å verta døypt og vera døypt. Å få bekrefta identiteten sin og seia ja til oppdraget sitt. I dag er det me som skal spørja kva vår dåp betyr for oss.  Me som ikkje er døypte til døden vår, slik som Jesus.  Men til livet. Til livet han har gitt med sin død og oppstandelse.  Kva betyr det å vera døypt?  Er det Meir himmel på jord å vera døypt, og vita at me er døypte, å leva dåpen sitt liv, i tru, håp og kjærleik?

Me snakka mykje om dette i gudstenestegruppa.  Først om løftet som vert gitt i dåpen, anten me er bittesmå eller unge eller godt modne.  Det er eit løfte som liknar på noko av det som Jesus fekk bekrefta då han vart døypt:
«Den allmektige Gud har nå gjeve deg sin heilage ande, fødd deg på ny og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd.  Han styrkje deg med sin nåde til det evige livet.» 

Kva seier de: Gud handlar! Gåve! DHÅ! Ny fødsel til Guds barn! Fellesskap med andre døypte.  Ein veg med nåde fram til evig liv!
Spørsmålet er: Veit eg om eit løfte frå Gud som er sterkare og meir konkret enn løftet i dåpen?  Har eg eit som er sterkare? 

Meir himmel på jord er å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva!

Meir himmel på jord etter at Jesus vart døypt og me er døypte. I gruppa sette me opp ei liste over alt det som liknar mellom den dåpen me vert døypte med og den Jesus vart døypt med.  Det er ei god liste å tenkja på.  Her er 3 av dei:

Første likhet:  Vatn. Vatn som reinsar.
Vatn er jo det me  vaskar oss i, vert reine av, reingjer hus og klede med.  Vatn vaskar oss reine.  Dåp betyr tilgivelse for den skitten som legg seg rundt tankane våre, viljen vår, lysten vår.  Anten me gjer det som valg eller me ber det som arv. Dåp er verta rekna heilt rein og rettferdig i Guds auge, fordi Jesus vart døypt og bar vår synd då han døde på korset og sto opp av grava.

Andre likhet: Guds ånd kjem frå himmelen.
For Jesus dalte Guds ånd ned som ei due frå himmelen.  For oss kjem det eit løfte frå Guds Ord om at me har fått Den heilage ande.  Gud er heilt nær oss.  Den gode hjelparen når me skal tru og leva. Kvar gong me skal gjera viktige valg. Heile livet.

Tredje likhet: Å vera elska son, elska barn
Det er eit stolt farshjarta som sender helsing frå himmelen då sonen vert døypt i Jordan.  Nå ser Gud Fader med glede at Sonen går inn i den gjerninga han var sendt for.  Det er den same gleda i himmelen som lyser når menneske vert døypte i dag – og når me lever i vår dåp.  Me veit kor me høyrer til.  Me veit kor høgt me er elska.  Me veit at det er gåve og nåde som me får, ikkje fortener.  Så då kan me verkeleg leva i det oppdraget som me har fått i dåpen.  Og det heiter veldig gjerne: Meir himmel på jord. Vi vil vera ei kyrkje som trur, bryr seg, opnar, deler og inviterer.

Arkiv alle preiker
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone