Kan ting bli som før igjen?Illustrasjon: Magne V. Kristiansen
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14

Kan ting bli som før igjen?

Publisert 17. April 2020
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som oppdagar nye måtar å vera kyrkje på. På grå morgonar der vanlege folk slit med korleis denne dagen skal gå rundt.

Eitt stort spørsmål rullar og rullar for tida:
Kan ting verta sånn som før igjen?  Kva tid kjem livet nokolunde tilbake til normalen? Er det på gang den vegen nå – når barnehagane opnar over helga – og snart småskulen?  Er det starten på vegen tilbake mot normalen?  Skal me snart kunna klemma og sjå kven som helst i augene, tett på? Ta High five og i handa, ikkje vifta forsiktig med albuane? Jubla og få innvollane rista på konsertar? Gå på kamp eller i alle fall sjå ein fersk på TV? Reisa fritt? Ha selskap der alle kan koma?  Ta meir anstendig avskjed med dei som døyr? Vera trygge økonomisk? 

Ombord i den gamle fiskebåten
Kan ting verta som før igjen? Snart? Me spør. Og håpar. Og me høpp lett rett inn i bibelteksten, over relinga og toftene om bord i båten på Genesaretsjøen, med Peter og Johannes og dei andre som lurer på om ting kan verta som før.  Den gongen for ikkje lenge sidan då dei gjekk og sat tett saman rundt Jesus.  Då livet og verda var på det beste.  Då Gud var så på ferde.  Då menneske vart friske og oppreiste, og dei fekk vera med på det.

Men nå var alt på spel.  Eit tomt kors, ei tom grav etter Jesus.  Teikn som tyda på at han levde.  Men kan ting verta som før igjen?  Dei visste ikkje. Me veit ikkje.

Men behovet er så stort at den gamle, gode fiskebåten legg frå land og dei prøver noko dei kunne godt, før alle desse omveltande tidene.  Å fiska.
Utan fiskelukke!  Tome garn.  Var det ingenting som kunne verta som før?  Ikkje eingong før Jesus var i livet?

Svaret er nei.  Det kan ikkje verta som før.  Det skal ikkje verta som før.  Slik er livet.  Slik varslar i alle fall den store omveltninga som Jesu oppstandelse er. Jesus er framfor oss, ikkje der bak. Livet vert aldri heilt som før igjen, verken i ein båt på Genesaretsjøen eller i andre dagar som kjem ein og ein.  Og trua og håpet er enig og legg til: Livet vert ikkje som før, det vert nytt!

Jesus på stranda
For Jesus står der på stranda.  Han som dei og mange trudde er borte.  Han er der.  Midt i nye kvardagar.  Det betyr Jesus sin oppstandelse.  Det er ikkje sikkert at det er så lett å fatta at han er der, eller at det er han som er i eit nærvær, ein stemme.  Men han er der.

Jesus er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. Han er der i kyrkjer som oppdagar nye måtar å vera kyrkje på.  Han er der på grå morgonar der vanlege folk ikkje veit korleis nå denne dagen skal gå rundt. Han er der på stormfulle dagar når styrerom må ta vanskelege valg, og arbeidsplassar og økonomi skjelv.  Han er der på slitne kveldar, når intensivsjukepleiarar køyar inn etter ein overfylt dag der det gjekk både godt og gale.

Kan noko bli meir enn før?
Eg likar å tenkja at det gjer ein forskjell at Jesus er der.  Då vert ikkje livet som før, det vert meir enn før.  Ein overraskande fangst. Eit fellesskap på ein ny måte rundt eit bål som varmar.  Ein himmel over krevjande liv.

Er det slik at evangelieforteljinga helga etter påske hjelper oss til å akseptera at ting ikkje vert heilt som før?  Og opnar tankane og hjartene om korleis det kan bli?  For i pandemien og gjennom pandemien og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile  verda er i same båt. Og får eg auga på han og lyttar til det han seier og gjer, så er eg meir opptatt av korleis ting kan bli enn korleis dei var før.  Og eg kan be og håpa at det nye både liknar mykje på det beste i det som var før, og ber i seg noko betre.

Kan ting bli som før igjen?

Må me få auga på det som gjev berekraft, det som forenklar levemåten vår, det som er godt for klima og fattige, det som gjer at trua og håpet og kjærleiken vår veks.  For Jesus lever og opnar blikket vårt, så me er i det som han ser og gjer.

Arkiv alle preiker
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone